Hopp til innhald

Studieplan - Engelsk 1, 5.-10. trinn

Hausten 2023

Avlyst haust 2023/vår 2024.

Studietilbodet Engelsk 1, 5-10 gir grunnutdanning for deg som undervisar eller vil undervise i engelsk i 5. til 10 trinn. Studiet gir innføring i språkopplæring og fagdidaktikk i eit rikt og variert utval av tekstar til bruk i undervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Utvikling av eiga språkferdigheit og tekstkompetanse står sentralt.

Innhald

Studiet omfattar kunnskap om det engelske språket sin grammatiske og fonologiske struktur og utvikling av eiga språkferdigheit, tekstkompetanse og aktivt ordforråd. I tillegg gir studiet innsikt i ulike læringsaktivitetar og arbeidsmåtar.

Arbeidsformer

Studiet er nett- og samlingsbasert med tre obligatoriske samlingar på to dagar per semester. Samlingane er på dagtid i vekedagar. 

Undervisinga er på engelsk. Læringsplattforma Canvas nyttast til kommunikasjon med studentane ved dette studiet. Her blir det lagt ut leksjonar, arbeidsoppgåver og obligatoriske arbeidskrav. 

Vurderingsformer

  • Emne 1: Munnleg eksamen
  • Emne 2: Skuleeksamen og oppgåve

Internasjonalisering

I studiet inngår tur til Det norske studiesenteret i York. Turen tilbys som ein del av undervisninga i emne 2 om våren, men er ikkje obligatorisk.