Hopp til innhald

Studieplan - Matematikk 1, 5-10 trinn

Hausten 2020

Vidareutdanninga er eit tilbod innan Utdanningsdirektoratet (Udir) si satsing Kompetanse for kvalitet - vidareutdanning for lærarar. Du søker vikar- eller stipendordning gjennom Udir.

Matematikk 1 behandler alle hovedområdene i grunnskolens læreplan, samt satsingsområder som grunnleggende ferdigheter, vurdering, tilpasset opplæring og overganger mellom trinn. Studiet er delt i to emner: Matematikk 1A (15 stp) og Matematikk 1B (15stp). Matematikk 1A går på høsten og omhandler de områdene tall, tallforståelse og algebra. Matematikk 1B går på våren og omhandler områdene geometri og måling, statistikk, kombinatorikk og sannsynlighet. De matematikkdidaktiske temaene er kommunikasjon, språk og representasjoner, læringsressurser, matematikklæring og -undervisning. De er gjennomgående for begge emner og knyttes til hvert hovedområde.

Matematikk 1, trinn 5-10, er forankret i nasjonale retningslinjer for matematikkfaget i grunnskolelærerutdanningen for 5-10, læreplanverket for grunnskoleopplæringen og harmoniseringsdokumentet utarbeidet av ressursgruppen for matematikkfagene i Kompetanse for kvalitet.

Læringsutbytte

Ein student med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte :

Kunnskapar:

Studenten:

  • har inngåande undervisningskunnskap i matematikken elevane arbeider med på trinn 5-10, særleg talforståing og rekning, overgangen frå aritmetikk til algebra, algebra og funksjonar, samt geometri og måling
  • har kunnskap om språket si rolle for læring av matematikk
  • har kunnskap om kommunikasjon og argumentasjon knytt til matematikkundervisning
  • har kunnskap om den betydinga semiotiske representasjonsformer har i matematikk, og kva for utfordringar som er knytt til overgangar mellom representasjonsformer
  • har undervisningskunnskap om betydinga av rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
  • har kunnskap om å uttrykke seg munnleg, lese, uttrykke seg skriftleg og kunne bruke digitale verktøy i matematikkfaget
  • har kunnskap om matematikkfaget si innhald på dei ulike trinna i grunnskulen, og om overgangane mellom trinna i grunnskulen
  • har kunnskap om ulike teoriar for læring, og om samanheng mellom læringssyn og fag- og kunnskapssyn
  • har kunnskap om eit bredt metoderepertoar for undervisning i matematikk
  • har innsikt i og erfaring med bruk av ulike læremidlar, både digitale og andre, og moglegheiter og avgrensingar ved slike læremidlar
  • har kunnskap om matematikken si historiske utvikling, spesielt omgrepa for utviklinga av funksjons- og sannsyn
  • har innsikt i og erfaring med bruk av ulike læremidlar, både digitale og andre, og mogligheiter og avgrensingar ved slike læremidlar

Ferdigheiter:

Studenten:

  • kan planleggje, gjennomføre og vurdere matematikkundervisning for alle elevar på trinn 5-10, med fokus på variasjon og elevaktivitet, forankra i forsking, teori og praksis
  • har gode praktiske ferdigheiter i munnleg og skriftleg kommunikasjon i matematikkfaget, og kompetanse til å fremme slike ferdigheiter hos elevane
  • kan bruke arbeidsmåtar som fremmer elevane si undring, kreativitet og evne til å arbeide systematisk med utforskande aktivitetar, grunngivingar, argumenter og bevis
  • kan bruke, og vurdere kartleggingsprøver og ulike observasjons- og vurderingsmåtar, for å tilpasse opplæringa til elevane sine ulike behov
  • kan vurdere elevane si måloppnåing med og utan karakterar, og grunngi vurderingane
  • kan kommunisere med elevar, enkeltvis og i ulike gruppesamansetningar, lytte til, vurdere, og gjere bruk av elevar sine innspel, og institusjonalisere kunnskap
  • kan analysere og vurdere elevane sine tenkjemåtar, argumentasjon og løysningsmetodar frå ulike perspektiv på kunnskap og læring
  • kan førebyggje og oppdage matematikkvanskar og tilretteleggje for meistring hos elevar med ulike typar matematikkvanskar
  • kan undervise i grunnleggjande ferdigheiter, spesielt rekning som grunnleggjande ferdigheit i alle skulefag
  • kan bruke matematisk språk, kommunisere og argumentere, samt bruke varierte representasjonsformer

Generell kompetanse:

Studenten:

  • har innsikt i matematikkfaget si rolle i andre fag og i samfunnet elles
  • har innsikt i matematikkfaget si betyding for deltaking i eit demokratisk samfunn

Innhald

Matematikk 1, trinn 5 - 10, er forankra i nasjonale retningslinjer for matematikkfaget i grunnskulelærarutdanninga, læreplanverket for grunnskuleopplæringa og harmoniseringsdokumentet utarbeida av ressursgruppa for matematikkfaga i Kompetanse for kvalitet. Studietilbodet består av to emne á 15 studiepoeng, Matematikk 1A og Matematikk 1B. Studiet sitt mål er å utvide lærarane si faglege og didaktiske repertoar for utøving av god matematikkundervisning gjennom utforskande og utøvande studiar av eigen praksis og relevant forsking.

Dette inneber utvikling av kompetansar som å kunne:

  • analysere elevane si matematiske utvikling
  • være gode matematiske rettleiarar og samtalepartnare
  • velje ut og lage gode matematiske eksemplar og oppgåver
  • evaluere og velje hensiktsmessig undervisnings- og kartleggingsmateriell
  • sjå på matematikk som ein skapande prosess og stimulere elevane til å bruke sine kreative evner
  • bruke, og vurdere digitale verktøy og ressursar i undervisninga
  • kommunisere matematisk kunnskap med elevar

Gjennom matematikkfaget for trinn 5 - 10 skal studentane utvikle undervisningskunnskap i matematikk. Dette inneber at dei må ha ein solid og reflektert forståing for den matematikken elevane skal lære og korleis denne utviklast vidare på dei neste trinna i utdanningssystemet. Vidare krev det matematikkfagleg kunnskap som er særeigen for lærarprofesjonen. Slik kunnskap omfattar, i tillegg til sjølv å kunne gjennomføre og forstå matematiske prosessar og argumenter, også å kunne analysere slike som andre foreslår med tanke på å vurdere deira haldbarheit og eventuelle potensial. Undervisningskunnskap inneber også å ha didaktisk kompetanse som gjer at studentane kan setje seg inn i elevane sitt perspektiv og læringsprosessar, og gjennom variasjon og tilpassing kunne tilretteleggje matematikkundervisning for elevar med ulike behov og med ulik kulturell og sosial bakgrunn på ein slik måte at matematikk kan stå fram som eit meiningsfullt fag for alle elever.

Matematikk 1 er delt i to emne som byggjer på kvarandre Matematikk 1A (15 stp) og Matematikk 1B (15stp).

Begge emna omfattar matematikkdidaktiske og matematikkfaglege tema som er viktige for dei som skal undervise i matematikk på trinna 5 - 10. Dei fleste tema vil være aktuelle i begge emna, men vi vil fordjupe oss i utvalde tema i dei ulike emna for å utvikle teoretiske og praktiske reiskapar som kan brukas for vidare arbeid. Til saman skal desse emna gi studentane moglegheit for å inneha læringsutbytte for Matematikk 1.

Dei matematikkfaglege tema i Matematikk 1A er tal og talforståing, talære, additiv og multiplikativ tenking og algebra. Dette inneber arbeid med utvikling av talomgrepet frå heiltal til rasjonale og reelle tal, og tilhøyrande utvikling av algoritmar for talrekning. Ulike aspekt ved brøk og samanheng mellom brøk, desimaltal og prosent, koplinga til proporsjonalitet, samt kongruens og kongruensrekning behandlas grundig. Ulike aspekt ved algebra, medrekna funksjonsaspektet og variabelomgrepet behandlas.

 

Arbeidsformer

Studenten har sjølv ansvar for å erverve seg kunnskapar, ferdigheiter og kompetansar som uttrykkas i læringsutbytte ovanfor. Lærarane vil være pådrivaren og tilretteleggjaren for dette arbeidet gjennom undervisning, rettleiing, teori- og praksisstudiar, oppgåver og andre aktivitetar. Vi vil vektleggje arbeidsformer som fremmer undring, utforsking, refleksjon og kreativ problemløysing med og utan digitale verktøy. Arbeidskrav og kommunikasjon støttes av digitale ressursar. Vi vil blant anna bruke forelesingsvideoar og arbeider med oppgåver over nett kollektivt. I tillegg vil video være eit sentralt læringsverktøy, både i modellering av undervisning og analyse av eigen og andre sin praksis. På samlingane vil vi blant anna studere, planleggje, utøve og reflektere omkring sentrale lærarpraksisar som matematiske samtalar, forklaringar og aktivitetar. Der forventast ein stor grad av studentaktivitet gjennom heile studiet. Arbeidskrava vil i hovudsak være knytt til utforskande og utøvande studiar av eigen praksis.

 

Praktisk informasjon om studiet:

Kvart emne har

  • tre obligatoriske samlingar på Stord, kvar samling er på to dagar med undervisning 10¿17 første dag, og undervisning 8¿15 andre dag
  • tre obligatoriske arbeidskrav
  • obligatorisk deltaking på nettmøter

Vurderingsformer

Vurderingsformene har to formål. Dei skal gi studentane tilbakemelding på kor dei står fagleg og dermed leggje til rette for forbetring, samstundes som dei skal fortelje noko om studentane sitt læringsresultat.

Ved utdanninga er det lagt opp til varierte vurderingsformer i dei ulike emna. Vurderingsordninga i eit emne kan t.d. vere i form av skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, munnleg eksamen eller mappevurdering. Eit emne kan også ha ei vurderingsordning der fleire vurderingsformer blir kombinert, t.d. skriftleg eksamen og mappevurdering. I mange av emna er det arbeidskrav, som er oppgåver som ikkje tel på karakteren, men som må vere godkjent for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.

Informasjon om vurderingsordninga går fram av emnebeskrivinga til kvart enkelt emne og vert gått gjennom av emneansvarleg ved semesterstart. Sjå elles Forskrift om eksamen ved Høgskulen på Vestlandet for nærmare detaljar.

Vurdering emne 1:

mappe, 40 %

skriftleg eksamen, 60%.

 

Vurdering emne 2:

semesteroppgave, 40%

muntlig eksamen, 60%.

 

Karakter A - F.