Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor - 3-årig faglærarutdanning i musikk

Hausten 2021

Faglærarutdanninga i musikk er ei profesjonsutdanning som kvalifiserer for arbeid i grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule. Utdanninga ved HVL høver også godt for arbeid innanfor det friviljuge musikklivet, i kor, korps, band, ensembleverksemd (som arrangør, komponist, dirigent), folkehøgskular, privat musikkopplæring, musikkorganisasjonar og i musikkprosjekt av ulike slag.

I dette studiet legger vi vekt på samanhengen mellom utvikling som utøver, lyttar og komponist og det å formidle musikk på en god måte. Som student får du mellom anna undervisning på hovudinstrument gjennom hele studiet, delta i spanande konsertprosjekt og gjennom praksis prøve deg som lærar i forskjellige skoleslag. Utdanninga er organisert som eit samarbeid mellom Stord og Bergen, der digitale verktøy og nyskapande måtar å arbeide med musikk på står sterkt saman med solide tradisjonar i musikklærarutdanning. Som student på faglærarutdanninga enten på Stord eller i Bergen vil du møte personale frå musikkmiljøa ved Institutt for kunstfag som har ei brei og solid fag- og forskingskompetanse.

Campus Stord og campus Bergen har studio, konsertsal og gode øvingsrom. Du får ta del i de internasjonale nettverka våre, og delta på studieturar i inn- og utland.

Studia byggjer på eit felles plangrunnlag med rom for ulike vektleggingar og retningar. Det er dette plangrunnlaget det blir gjort greie for her. Dei ulike studia blir konkretiserte i form av semesterplanar og timeplanar. Det vil bli lagt til rette for ein ekskursjon til utlandet kvart studieår. Deltaking på ekskursjon er til vanleg obligatorisk og studentane må rekna med utgifter knytt til ekskursjonen.

Same kva for måtar undervising og rettleiing er organiserte på, er det overordna siktemålet at særpreget i faget og den heilskaplege kvaliteten i utdanninga må takast vare på.

Læringsutbytte

Kunnskapar:

Kandidaten:

  • har grunnleggande pedagogiske kunnskapar, fagleg kunnskap i eige fagområde og inngåande fagdidaktiske kunnskapar i faga som inngår i utdanninga
  • har kunnskap om utviklinga av skulen som organisasjon og faga som skole-, kultur-, og forskingsfag
  • har kunnskap om lovgrunnlag, inkludert skulen sitt formål, verdigrunnlag, læreplanar og rettar og plikter for elevane og skulen
  • har brei kunnskap om klasse- og gruppeleiing, læringsmiljø og utvikling av gode relasjonar til og mellom elevar
  • har brei kunnskap om arbeidsmetodar, læringsstrategiar, læringsressursar og ulike læringsarenaer og om samanhengen mellom mål, innhald, arbeidsmåtar, rammevilkår og vurdering
  • har kunnskap om barn og unge sitt oppvekstmiljø og barne- og ungdomskultur, livsløpsutvikling og identitetsarbeid
  • har kunnskap om barn og unge i vanskelege situasjonar og deira rettar i et nasjonalt og internasjonalt perspektiv
  • kjenner til nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid og kunstnarleg utviklingsarbeid med relevans for lærarprofesjonen og dei praktiske og estetiske faga, og kan oppdatere sin kunnskap innanfor fagområdet.

 

Ferdigheiter:

Kandidaten:

  • kan, med utgangspunkt i styringsdokument og forskings- og erfaringsbasert kunnskap, planlegge, gjennomføre og reflektere over undervisning, aleine og i samarbeid med andre
  • kan identifisere og arbeide systematisk med grunnleggande ferdigheiter
  • kan bruke ulike uttrykk, former og teknikkar i utøvande og skapande aktivitetar, reflektere over egen faglege utøving og justere denne under rettleiing
  • kan legge til rette for utfalding, oppleving og erkjenning samt rettleie og samarbeide med kollegaer for å styrke dei praktiske og estetiske dimensjonane i alle fag og i skulen som heilskap
  • kan motivere og rettleie elevane, og tilpasse opplæringa til elevane sine evner og anlegg, interesser og sosiale og kulturelle bakgrunn
  • kan vurdere elevar si læring og utvikling i forhold til opplæringa sine mål, gi læringsfremjande tilbakemeldingar og bidra til at elever kan vurdere eiga læring
  • kan finne, vurdere, bruke og vise til relevant forskings- og utviklingsarbeid, kunstnarleg utviklingsarbeid og anna aktuelt fagstoff, og framstille dette slik at det belyser en problemstilling

Generell kompetanse:

Kandidaten:

  • har innsikt i relevante fag- og profesjonsetiske problemstillingar, og kan bidra i et profesjonelt fellesskap og til utvikling av skulen
  • kan beherske norsk munnleg og skriftleg og kan bruke språket på en kvalifisert måte i profesjonssamanheng
  • kan inspirere til og legge til rette for entreprenørskap, nytenking og innovasjon, og for at lokalt arbeids, samfunns- og kulturliv blir involvert i opplæringa
  • kan bidra til et godt samarbeid mellom skule og heim og saman med føresette og faglege instansar identifisere behov hos elevane og sette i verk nødvendige tiltak
  • kan formidle sentralt fagstoff munnleg og skriftleg, delta i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og dele sine kunnskapar og erfaringar med andre

Innhald

Faglærarutdanninga i musikk er ei profesjonsutdanning som kvalifiserer for arbeid i grunnskule, vidaregåande skule og kulturskule. Utdanninga ved HVL høver også godt for arbeid innanfor det friviljuge musikklivet, i kor, korps, band, ensembleverksemd (som arrangør, komponist, dirigent), folkehøgskular, privat musikkopplæring, musikkorganisasjonar og i musikkprosjekt av ulike slag.

På faglærarutdanninga i musikk ved HVL legg ein vekt på at studentane får utvikle seg som musikkutøvarar samtidig som dei opparbeider evna til å resonnere over eigen og andre sin praksis. Utdanninga er sett saman av utøvande fag, som til dømes hovudinstrument og samspel, samt støttefag som blant anna musikkteori og musikkhistorie. I tillegg kjem profesjonsfaget, som dekkjer ein tredjedel av studiet. Studentane vil i løpet av studiet få ein allsidig kompetanse som skal gjera dei i stand til å fungere som musikkpedagogar og musikkutøvarar på ulike arenaer.

Gjennom alle tre åra vil profesjonsfaget i faglærarutdanninga gjera studentane kjende med læraryrket. Faget skal ta vare på og fornye innhaldet i pedagogikkfaget og fagdidaktikk, og trekke linjer mellom desse fagdisiplinane og praksis. Dette inneberer også eit fokus på sosial- og yrkesetisk kompetanse, samt endrings- og utviklingskompetanse. Dei meir konkrete metodiske aktivitetane knytt til undervisning er fordelt innanfor dei musikkfaglege disiplinane, som til dømes musikkhistorie, ensemblekunnskap, komponering/arrangering og hovudinstrument. Saman med praksis og undervisninga i dei musikkfaglege disiplinane vil profesjonsfaget sette studentane i stand til å fungera som musikklærarar på ulike opplæringsarenaer. HVL vil tilby faglærarstudentane i musikk praksis på relevante og varierte arenaer; hovudsakleg i skuleverket, men også i det frivillige kulturlivet.

Det første året på faglærarutdanninga ved HVL har ein brei profil, der studentane får innføring i mange ulike fagdisiplinar, som hovudinstrument, biinstrument, samspel, kor, profesjonskunnskap, musikkteori, høyrelære, komponering, arrangering, musikkhistorie og ensembleleiing. Eit hovudpoeng med studieåret er at studentane skal danne seg ein vid og solid basis i ulike fag, som dei kan byggje vidare på seinare i utdanninga. Praksisarenaen første året er barne- og ungdomsskule.

I andre klasse blir det i stor grad fokusert på musikkformidling. I deler av haustsemesteret lagar studentane ein tverrfagleg musikkscenisk produksjon der dei samarbeider med studentar frå andre fag og utdanningar ved HVL. I vårsemesteret har andreklassen fokus på ensemblekunnskap. Som ein del av studiet skal dei etablere eit fast ensemble saman med medstudentar eller musikarar utanfrå HVL. Sentralt i denne delen av studiet står konsertarrangering og ensemblespel. Praksisarenaen andre året er kulturskule og ensembleverksemd.

I det tredje studieåret skal studentane gjennomføre eit bachelorarbeid relatert til faglærarprofesjonen. Tredje året vil også ha undervisning i arrangering og komponering, hovudinstrument og profesjonskunnskap. Tredjeklassepraksisen kan gå føre seg på ulike arenaer som vidaregåande skule, folkehøgskule og som prosjektpraksis av ulikt slag.

Det er viktig at studentane opplever utdanninga som heilskapleg i den forstand at det blir trekt linjer mellom praksis, profesjonsfaget og dei musikkfaglege disiplinane. Dette blir tatt vare på ved at ein rettar delar av innhaldet i profesjonsfaget og musikkfaga opp mot praksisarenaene for kvart år. Til dømes vil delar av aktivitetane i arrangering- og komponeringsfaget vera retta inn mot grunnskulen i det første studieåret.

Studieprogram for Faglærarutdanning i musikk ved Høgskulen på Vestlandet byggjer på Rammeplan for Faglærarutdanning i praktisk-estetiske fag, fastsett 18. mars 2013 av Kunnskapsdepartementet. Rammeplanen er felles for all norsk faglærarutdanning i musikk og gir utdanningane eit felles mål og grunnlag. Studentane må gjere seg kjende med det faglege grunnlaget for utdanninga ved å lese Rammeplan for Faglærarutdanning i praktisk-estetiske fag.

Studieprogramplanen ved HVL er eit forpliktande dokument mellom høgskulen og studenten. Planen er ei konkretisering av rammeplanen og gir informasjon om studiet generelt, om innhald og arbeidsmåtar i praksisopplæringa, om enkeltfag og fagområde og tverrfaglege emne. For kvart studieår vert det i tillegg utarbeidd årsplanar som synleggjer det faglege og pedagogiske innhaldet, ulike emne og prosjekt og praksis. Årsplanen vert utarbeidd i samarbeid mellom faglærarar, øvingslærarar og studentar.

Praksis

Studentane skal ha praksis både i grunnskolen og i videregåande opplæring. Deler av praksis kan leggast til kulturskole og anna opplæring og formidling knytta til fagleg og kulturelt arbeid med barn, unge og vaksne.

 

Studiet inneheld 70 dagar praksis fordelt over 3 år.

Arbeidsformer

Ein del av faga og enkelte emne og temaområde har krav til obligatorisk deltaking. Dette inkluderer også prosjekt, ekskursjonar, kor, rettleiing og liknande. Ei oversikt over obligatoriske aktivitetar vil framkomme av semesterplanane for kvart studieår.

Den obligatoriske delen av utdanninga består av profesjonsfag (60 studiepoeng) og musikkfaglege disipliner (120 studiepoeng). I tillegg kjem praksis med eit omfang tilsvarande 70 dagar.  

For studentar som ikkje kan delta i undervisning som krev eigenbetaling, legg høgskulen til rette for alternativt undervisningsopplegg som tilfredstiller dei faglege krava.

Vurderingsformer

Vurderingsformene i lærarutdanningen ved HVL blir lagt opp slik at studentane får vurdering i fag og praksis, undervegs og til slutt i de ulike emnene. Studentane skal oppleve varierte vurderingsformer tilpassa det forventede læringsutbytte og arbeidsformer i studiet.

Med heimel i Lov om universiteter og høyskoler av 1. april 2005 fastsette Kunnskapsdepartementet Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning 30. juni 2006. Lærarutdanningsinstitusjonen har ansvar for å vurdere om lærarstudentane er skikka for læraryrket. Dette er ei heilskapleg vurdering av studenten som omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader. Vurderinga vil gå føre seg gjennom heile studiet. Praksislærarar og faglærarar har alle ansvar for så tidleg som råd i studiet å melde eventuell tvil om studenten er skikka. Studentar og andre tilsette kan òg levere tvilsmeldingar. Slike tvilsmeldingar skal gå via institusjonsansvarleg ved HVL. Studentane vil tidleg i studiet få nærare informasjon om skikkavurdering.

Krav til studieprogresjon

For å komme inn på studiet Faglærarutdanning i musikk må søkaren ha oppnådd minimum karakter 3 i norsk og matematikk. Søkarane må også dokumentere utøvande og teoretiske ferdigheiter gjennom en opptaksprøve.

Internasjonalisering

Musikkmiljøa ved HVL har eit stort internasjonalt nettverk og kontakt med utdanningsinstitusjonar i mange land, blant anna Irland, Belgia og Hellas, nordiske og baltiske land. Det blir lagt til rette for studieopphald i utlandet i siste del av studiet.

Organisering

1. semester haust

Anvendt musikk 1 (10 stp)

Musikarskap 1 (10 stp)

Profesjonsfag 1 (15 stp)

Praksis i grunnskule, 15 dagar

 

2. semester vår

Profesjonsfag 1 (forts.)

Anvendt musikk 2 (10 stp)

Musikarskap 2 (15 stp)

Praksis i grunnskule, 15 dagar

 

3. semester haust

Spel i ensemble 1 (10 stp)

Profesjonsfag 2 (15 stp)

Tverrfagleg prosjektarbeid (10 stp

Praksis i kulturskule og ensemble, 25 dagar

 

4. semester vår

Spel i ensemble 2 (15 stp)

Profesjonsfag 2 (forts.)

Ensemleleiing (10 stp)

 

5. semester haust

Musikarskap 3 (15 stp)

Profesjonsfag 3 (15 stp)

Praksis i varierte og videregåande opplæringsarenaer, 15 dagar

 

6. semester vår

Musikarskap 4 (15 stp)

Profesjonsfag 4: Bacheloroppgåve (15 stp)