Hopp til innhald

Studieplan - Forhandlingar og konfliktforståing

Hausten 2022

Innhald

I organisasjonar er konflikt og forhandlingar to fenomen som dei fleste held seg til dagleg i ulike samanhengar. I dette kurset vil studentane få både praktisk og teoretisk innsikt i korleis ein kan nærma seg dette på konstruktive måtar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter å ha gjennomført kurset skal kandidaten:

Ha teoretisk og praktisk kunnskap om konfliktar og konfliktdynamikk og korleis dette kan påverka organisasjonar.

Ha kjennskap til sentrale omgrep innanfor forhandlings- og konfliktteori.

Ha forståing av forhandlingsteori og korleis ho kan brukast for å utvikla gode avtalar.

Ferdigheiter

Etter å ha gjennomført kurset skal kandidaten:

Kunne analysera og ta omsyn til ein konfliktsituasjon og foreslå konstruktive måtar å handtera konflikten på

Kunne førebu seg til ulike forhandlingssituasjonar og tilpassa strategiar til desse.

Skal kunna identifisera og evaluera ulike kriterium for å vurdera kvalitet i avtalar.

Generell kompetanse

Etter å ha gjennomført kurset skal kandidaten

Kunne gjennomføra ein heil forhandlingsprosess, frå førebuing til inngåing av ein avtale.

Være merksam på etiske utfordringar knytt til konflikt- og forhandlingssituasjonar.

Innhald

I første del av kurset vil me fokusera på konfliktforståing og konfliktanalyse. Konfliktar kan skapa utfordringar og vere øydeleggande, men dei kan også vere utgangspunktet for innovasjon og ny innsikt. Det er viktig med ei god forståing av årsaker til konfliktar og korleis dei utviklar seg. Ifølgje konflikteori er det sjølve handteringa som er avgjerande for om konfliktar får positive eller negative konsekvensar.

I andre del av kurset vil studenten få ei grundig forståing for ulike forhandlingssituasjonar og sentrale dilemma i forhandlingar. Det vil bli praktiske øvingar og teoretiske forelesningar om både distributive og integrative forhandlingssituasjonar, og dessutan fleirpartsforhandlingar og assisterte forhandlingar (mekling). Det vil fokuserast på korleis ein kan utvikla avtalar av god kvalitet gjennom forhandlingsprosessen.

Samling 1:

Konfliktforståing og konfliktanalyse. Introduksjon til forhandlingar

Samling 2:

Forhandlingsteori. Strategiar i forhandlingar

Samling 3:

Forhandlingar og konflikthandtering. Etiske dilemma.

Arbeidsformer

Undervisningen i kurset vil gå føre seg som eit samspel mellom forelesingar, rollespel og diskusjonar i klassen. På denne måten vil studentane sine eigne erfaringar brukast aktivt i kurset for å gi ei god forståing av teorien som blir nytta.

Obligatoriske arbeidkrav

To innleveringsoppgåver som skal leverast mellom samlingane, ei oppgåve mellom første og andre samling, ei oppgåve mellom andre og tredje samling.

Vurderingsformer

Semesteroppgave: 60 %

Hjemmeeksamen (24 timar): 40 %

Emneansvarlig

Sturla Vik-Vestly