Studieplan - Forskarline GLU 1-7 og 5-10
Hausten 2023
Forskarlina for GLU 1-7 og 5-10 er eit tilbod til studentar som ønskjer å orientere seg særskilt inn i mot forsking, utover det som ligg i rammeplanen for GLU-utdanningane. Gjennom studiet vil studentane tileigne seg avansert kunnskap om vitskapsteori og metode og få høve til å arbeide med å utvikle eige forskingsprosjekt i dialog med forskingsmiljø ved fakultetet, inn i mot ph.d.-nivået. Studentane vil også, som del av opplegget for forskarlina, få høve til på førehand å ta deler av opplæringsdelen for ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar. Dei vil også få arbeide med forskingsrelatert arbeid i stilling som forskingsassistent.
Stikkord for innhald:
- Vitskapsteori og metode (15 stp)
- Arbeid med utforming av prosjektplan for ph.d. i dialog med relevant forskingsmiljø
- Kurs som del av opplæringsdel i ph.d.-programmet Studiar av danning og didaktiske praksisar (10 stp)
- Forskingsrelatert arbeid som forskingsassistent
Læringsutbytte
Kunnskaper
Studenten har:
- avansert kunnskap om vitskapsteori og metode
- inngåande kunnskap om vilkår for forsking på ph.d.-nivå
- djuptgåande forståing for relevante danningsperspektiv og tilhøyrande didaktikk i eige fag og forskingsområde
Ferdigheiter
Studenten kan:
- kritisk vurdere ulike vitskapsteoretiske og metodiske tilnærmingar i lys av og til bruk i eige master- og ph.d.-prosjekt
- reflektere kritisk over forskingsetiske problemstillingar i forskingsprosjekt
- kan utvikle adekvate forskingsdesign for å forske på didaktisk praksis
Generell kompetanse
Studenten kan:
- formulere eigne forskingsspørsmål og problemstillingar og knyte desse til relevant vitskapteoretisk posisjon, tradisjon og metodisk framgangsmåte og i lys av teoriar om danning og didaktiske praksisar
- kritisk reflektere over sentrale etiske implikasjonar av eige forskingsarbeid
Innhald
Hovudorganisering:
- kurs i vitskapsteori og metode på masternivå (15 stp)
- arbeid med forskingskvalifisering og prosjektutvikling inn i mot ph.d.
- kurs – opplæringsdelen ph.d. (10 stp)
- arbeid som forskingsassistent
Praksis
Ingen
Arbeidsformer
Studiet vert organisert i form av
- fysiske og virtuelle samlingar basert på omvendt undervisning der virtuelle læringsressursar inngår som vesentleg del
- studentens arbeid med eiga forsking- og forskaropplæring under rettleiing
- studentens deltaking i forskargruppe(r) sine faglege aktivitetar
- studentens arbeid som forskingsassistent i samarbeid med forskingsmiljøet
Obligatoriske arbeidskrav:
- Skriftleg og munnleg presentasjon av førebels tema for masterprosjekt. Om lag 1 s. eller rundt 250 ord.
- Skriftleg og munnleg presentasjon av vitskapsteoretiske, metodiske og/eller forskingsetiske problemstillingar med relevans for masteroppgåve. Skriftleg i form av eit essay på ca 3000 ord. Munnleg presentasjon på nett eller samling. Deltaking i opposisjon mot medstudentars framlegging.
- Øvingsoppgåve: Skriftleg analyse og munnleg presentasjon av kvantitative data. Nett eller samling
- Øvingsoppgåve: Skriftleg analyse og munnleg presentasjon av kvalitative data. Nett eller samling
- Prosjektskisse ph.d. (levert i semester 10)
- Individuell muntlig presentasjon av skisse til komparativ artikkel eller artikkel som tar for seg danningstematikk knyttet til eget prosjekt som vurderes til godkjent/ikke godkjent. Presentasjonen skal ha et omfang på ca. 20 minutter og være knyttet til et organisert gruppeseminar (PHD 901 - semester 11)
- Revidert prosjektplan for ph.d. (semester 11)