Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i fysioterapi

Hausten 2022

Det sentrale i fysioterapi er mennesket sin kropp, bevegelse og funksjon i eit helseperspektiv. Bevegelse og kroppsleg funksjon er ein integrert del av menneskeleg handling og samhandling. Samfunnsutviklinga med endringar i miljø og levekår, og erkjenning av samanhengen mellom sjukdom og miljøfaktorar, stiller særlege krav til fysioterapeutisk verksemd.

Kunnskapsgrunnlaget i fysioterapi byggjer på kombinasjonen av naturvitskapeleg, humanistisk og samfunnsvitskapleg grunnlag. Utdanninga skal bevare og vidareutvikle sentrale tradisjonar i fysioterapifaget, og på den måten være oppdatert og framtidsretta. Utdanninga er kunnskapsbasert, der ulike kunnskapsformer er integrert og tilpassa kontekst. Utdanninga skal bidra til at kandidaten har ein tydeleg profesjonsidentitet, og kan delta i utviklinga av fysioterapi som kunnskapsfelt, for å møte samfunnet sine eksisterande og framtidige behov

Bachelorgradsstudiet i fysioterapi skal sikre at kandidaten har ein brei fagleg ståstad og god kompetanse i å gjennomføra eit bredt spekter av undersøkingar, vurdera funn for å kunne stille kliniske diagnosar og å vurdera indikasjon for iverksetting av ulike tiltak. Kandidaten skal også kunne vurdere grunnlaget for å henvise pasientar vidare til annan behandling. Kandidatar utdanna ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) skal ha kompetanse og haldningar som dannar grunnlag for at alle grupper i samfunnet vert tilbydd likeverdige helsetenester.

Fysioterapeutisk fagutøving for ulike menneske, på ulike arenaer, i ulike sektorar i samfunnet byggjer på god kompetanse innan kommunikasjon og samhandling. Behandling, habilitering, rehabilitering, førebygging og helsefremming er alle sentrale arbeidsmåtar i fysioterapi. Tiltak på individ, gruppe og systemnivå skal bidra til å fremme folkehelsa og samfunnet si bærekraft. Fysioterapeutar sin kompetanse skal brukast i tverrfaglege og målretta samarbeidsprosessar innan helse- og omsorgssektoren i tillegg til andre sektorar.

Bachelorutdanningen ved HVL skal kvalifisera som grunnlag for ein brei kompetanse der kandidatane etter endt turnusteneste kan stå trygt i dei ulike fysioterapivirkelighetene som det norske samfunnet trenger i dag og i fremtida. Utdanninga skal leggje grunnlag for livslang læring.

Utdanninga skal vera praksisnær og utviklast i samspel med praksisfeltet og tilgrensande fagområde, samtidig som brukarperspektivet skal ha ein sentral plass.

Skikkethetsvurdering
Det vert stilt krav til skikkaheit for yrket. Løpande skikkavurdering vert gjort gjennom heile studiet og inngår i ein heilskapleg vurdering av studenten si faglege og personlege forutsetning for å kunne fungere som fysioterapeut jf. § 4.Forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning. For meir informasjon se høgskolens nettside om Skikkavurdering

Autorisasjon
Etter fullført utdanning og mottatt vitnemål vil dei kandidatane som er omfatta av autorisasjonsordninga få tildelt autorisasjon, jf. § 48. i Lov om helsepersonell m.v. (helsepersonelloven).

Studieplanen for Bachelorstudiet i fysioterapi bygger på Forskrift for felles rammeplan for helse- og sosialutdanningene, samt Forskrift om nasjonal retningslinje for fysioterapiutdanning.

Bachelorprogrammet ved HVL er eit fulltidsstudium, gjev 180 studiepoeng over 3 år.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha fylgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Læringsutbyte som er markert med stjerne tyder at læringsutbytet er knytt til Forskrift for felles rammeplan for helse- og sosialutdanningene.

Kunnskap:
Kandidaten…

har brei kunnskap om kroppen sin struktur, funksjon og utvikling som forutsetning for helse, aktivitet, deltaking og mestring

har brei kunnskap om samanhengen mellom helse og sjukdom, og korleis utdanning, arbeid og levekår kan påverke individet

kjenner til ulike perspektiv på helse og sjukdom, kropp, bevegelse og funksjon

har brei kunnskap om forhold som verkar oppbyggjande og nedbrytande på kroppen, og betydninga meningsfylt aktivitet og arbeidsdeltaking har for helse.

har brei kunnskap om faktorar som kan fremme og hemme bevegelsesutvikling, -læring og –kontroll, og kva betydning dette har for funksjon og funksjonsendring

* har kunnskap om helsetenesta si organisering, oppgåver og lover og regler som styrer fysioterapeutar si verksemd, samt politiske prioriteringar, besluttingsprosessar på ulike nivå

* kjenner til hjelpemidlar og hjelpemiddelformidling, og egna velferdsteknologi for å fremje funksjon og deltaking, både på individ- og systemnivå

Ferdigheter:
Kandidaten…

kan undersøkje og behandle pasientar, i ulike livsfasar, med ulike funksjonsproblem, smertetilstandar og livsutfordringar

kan analysere, tolke og forholda seg kritisk til funn frå undersøkinga, stille kliniske diagnosar som grunnlag for tiltak, og vurdera behov for å henvise vidare

* kan planlegge og gjennomføre tiltak i helsefremjande og førebyggjande hensikt

kan planlegge, gjennomføre og koordinere habiliterings-/rehabiliteringsprosessar, utarbeide og fylgje opp individuelle planar i samarbeid med pasientar, pårørande og andre aktørar

kan kartleggje miljøfaktorar og vurdera risiko for uønskelege hendingar som verkar inn på mennesker sin funksjon og helse

*kan anvende relasjons-, kommunikasjons- og rettleiingskompetanse til å forstå, motivere og samhandle med brukarar, pasientar, og pårørande som er i lærings-, mestrings- og endringsprosessar

Generell kompetanse:
Kandidaten…

* kan anvende relevante teoretiske perspektiv og kritisk tenking i arbeid med faglege og etiske problemstillingar og kan reflektera over maktforhold, profesjonalitet og eiga rolle som yrkesutøvar

kan tileigne seg ny kunnskap, gjera faglege vurderingar og prioriteringar, fatte beslutningar og handle i tråd med kunnskapsbasert praksis

*har innsikt korleis egen og andre sin kompetanse kan nyttast i tverrprofesjonelt samarbeid for å utvikle eit brukartilpassa tenestetilbod på ulike tenestenivå

har innsikt i individets rett til autonomi, brukarmedverknad og samvalg, kan opptre fagleg forsvarlig og vise respekt og empati i møtet med pasientar/brukarar og pårørande

har innsikt i fysioterapifaget si historie og utvikling, utviklingstrekk i samfunnet og fysioterapiprofesjonen sitt samfunnsoppdrag

kan anvende kunnskap om klinisk resonnering til å dokumentere, kvalitetssikre, evaluere og formidla fysioterapeutisk praksis tilpassa ulike målgrupper

kan planlegge og gjennomføra fysioterapiverksemd i tråd med gjeldande lovverk

*kan planlegge og delta i tenesteinnovasjon og systematiske og kvalitetsforbedrande arbeidsprosessar og nytte desse i utvikling av eiga fagområde

Innhald

I tråd med nasjonal retningslinje for fysioterapiutdanning, baserer studiet seg på 7 kompetanseområder. Utdanninga legg til rette for at kandidatane tilegnar seg kompetanse innan desse kompetanseområda:

I. Kropp, bevegelse og funksjon II. Undersøking, vurdering, diagnostisering og tiltak III. Samhandling og kommunikasjon IV. Habilitering og rehabilitering V. Etikk og kulturforståing VI. Kritisk tenking, kvalitetssikring og innovasjon VII. Samfunn og folkehelse

JF.§ 4 i Forskrift om nasjonal retningslinje for fysioterapeututdanning

Kompetanseområda inngår i studiet sine 14 emner som som fordeler seg på seks semestre. Emnet Danning og akademisk handverk, er felles for alle bachelorutdanningane ved HVL og er plassert i første semester. Bachelorstudentane ved Institutt for helse- og funksjon møter kvarandre i undervisning i tilsaman 3 veker i dette emnet.

Emna bygg på kvarandre og det vert stilt gradvis høgare krav til studentane sin kompetanse, sjølvstendigheit og evne til refleksjon over eiga faglegheit.

Mobilitetsvinduet er i hovudsak plassert i 4 semester.

Kvart studieår inneheld både teoretiske og praktiske studier.

Første studieår legg grunnlag for å utvikle kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse i fysioterapeutisk undersøking av muskel- og skjelettapparatet. Her inngår kunnskap om kroppen sin anatomi, fysiologi, bevegelse og funksjon. Det vert lagt vekt på å gje studentane eit teoretisk og praktisk grunnlag for å forstå generelle fysioterapeutisk prinsipp for undersøking. Praktisk kunnskap og ferdigheit vert integrert i konkrete oppgåver. Det vert fokusert på å gjera studentane kjend med korleis eigenskapar hos individet og forhold i omgivnaden påverkar bevegelse og funksjon. Undervisninga skal gje grunnlag for å forstå og analysere bevegelse og funksjon utfrå ulike teoriar og modellar. Studentane skal utforske eigne bevegelseserfaringar og preferansar. Sentrale element i nokre bevegelsessystem vert presentert som grunnlag for å forstå kropp og bevegelse som sentrum for erfaring, livshistorie og kultur. Praksis i første studieår er integrert i to av emna.

Andre studieår har fokus på å vidareutvikle kunnskap, ferdighet og generell kompetanse i fysioterapeutisk undersøking og vurdering av funn, målsetting, planlegging og gjennomføring av tiltak. Begrep som blant anna behandling, (re)habilitering, tverrprofesjonalitet, samvalg og autonomi vert drøfta og sett i samanheng med fysioterapeutisk verksemd. I dette studieåret vert det også fokusert på ferdigheiter i å finne, vurdere og å reflektere over korleis ulike typar kunnskap kan nyttast i ulike fysioterapifaglege samanhenger. Praksis i dette studieåret går hovedsakelig føre seg i primærhelsetenesta. I siste del av studieåret er fokuset helsefremjande - og førebyggjande arbeid, og det vert arbeida med kunnskap om og ferdigheiter i tiltak som reduserer risikofaktorar, og aukar person- og miljøfaktorer som fremjar helse.

Tredje studieår utfordrer studentane til å integrera kunnskap og ferdigheiter som er utvikla i tidligare emner samtidig som nye tema skal førebu studentane til praksisperioden i spesialisthelsetenesta. Overordna tema er fysioterapeutisk vurdering basert på undersøking, målsettings- og evalueringsprosessar innanfor sentrale kunnskapsområder. Tverrfagleg samarbeid, handtering av pasientar i ulike forløp og med ulike funksjonsutfordringar i eit livslaupsperspektiv er sentralt. Etikk og kommunikasjon i møte med mennesker blir vektlagt. Videre vert det arbeidd med tema som helse, sjukdom, funksjon, og begrep som sosial ulikskap, medikalisering, diskriminering, inkludering, rolle og profesjonalisering. Studentane skal utarbeide ei bacheloroppgåve der dei viser at dei kjenner sitt fag. Studieåret vert avslutta med ein praktisk munnleg eksamen.

Emneplanane gjev ei meir detaljert skildring av læringsutbyte, innhald, obligatoriske læringsaktiviteter og vurderingsformer for emna.

Det elektroniske læringsstøttesystemet og pedagogiske verktøyet som vert brukt, er Canvas.

Praksis

Praksisstudiar er dei delane av studiet som går føre seg i autentiske yrkessituasjonar. Praksisstudiar utgjer 45 studiepoeng og er fordelt på 30 veker i løpet av studiet. Av dette utgjer ei veke introduksjonspraksis og tre veker observasjonspraksis, 11 veker knytt til Klinisk praksis – i eit livslaupsperspektiv i 4. semester og 2 veker praksis knytt til emnet Physiotherapy in Health Promotion and Preventive Work og 10 veker knytt til emnet Klinisk praksis – fordjuping og sjølvstendigheit i 6. semester. I tillegg har studentane pasientdagar og feltarbeid mm.

Studentane skal i praksisperioden ha kontinuerlig rettleiing av fysioterapeut som har relevant fagkunnskap. Det er ynskjeleg at veileder har formell rettleiarkompetanse

I hovudsak vert praksisstudiane gjennomførde i fylka Vestland, Rogaland og deler av Agder. Fysioterapeutstudentar må regne med å gjennomføra praksisperiodar utanfor Bergensregionen. Høgskulen skaffar praksisplasser. Studentar kan søkje om tilrettelegging av praksis i tråd med Forskift for studium og eksamen ved HVL Sjå Kapittel 7 §7-6 Tilrettelegging av praksis.

Studentane må sjølv skaffe seg hybel og dekke utgifter til reise i praksisperioden. Deler av utgiftene vert dekka etter gjeldende reglement.

Praksisstudiane er obligatorisk. Det er krav om 90 % frammøte i praksisstudiar jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet og Retningslinjer for gjennomføring og vurdering av praksisstudier ved FHS

Arbeidsformer

Utdanninga legg vekt på å tilby undervisning basert på det fremste innan forsking, fagleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap. Undervisnings- og læringsformer vil variera i dei ulike emna, og dette går fram i dei enkelte emneplanane.

Forventa studieinnsats for ein heltidsstudent er 40 timer pr. veke.

For å sikre klinisk handlingskompetanse og personlege og praktiske ferdigheiter har rettleia ferdigheitstrening ein sentral plass i alle dei tre studieåra. Denne ferdighetstreninga går føre seg i SimArena som er eit moderne og velutstyrt simuleringssenter for alle studentane ved fakultetet.

Obligatoriske læringsaktivitetar inneber ei aktiv deltaking frå studenten i læringsprosessen. Jmf Vurdering ved Høgskulen på Vestlandet Sentrale obligatoriske læringsaktiviteter som vert nytta i utdanninga er ferdigheitstrening, gruppearbeid, rettleiing og refleksjon, seminar med plenumspresentasjon og opposisjon, skriftlig arbeid, testar, praksisførebuing, praksisstudiar, studentaktiv undervisning som f. eks. omvendt klasserom og erfaringsbasert undervisning. Kva som er obligatoriske læringsaktivitetar går fram av emneplan og/ eller timeplan. Det vert stilt krav om 80 % frammøte til all obligatorisk undervisning. Fråvær vert handtert etter Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet

Vurderingsformer

Vurdering omfattar all formell prøving i studiet og går fram av emneplanene. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjende før studenten får fremstille seg til eksamen i emnet eller gå ut i praksis jf. etter Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.

Vurderingsformene som vert nytta i studiet er skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen, oppgåve, prosjekt, muntleg eksamen, praktisk muntleg eksamen og praksisstudiar.

Vurderingsuttrykka som vert nytta er bestått / ikkje bestått og gradert karakterskala A – F. Praksisstudier vert vurderte til bestått/ikkje bestått.

Krav til studieprogresjon

For å sikre oppnåelse av læringsutbytte på ulike nivå i studieløpet, stilles det krav til studieprogresjon.

I enkelte emner kan det stilles forkunnskapskrav for å ha rett til å melde seg opp i emne. I praksisemnene stilles det krav om at tidligere praksisemner må være bestått.

Alle emner fra første semester og emnet FYS 140 i andre semester må være bestått før studenten kan starte andre studieår. Alle emner fra første studieår samt Del 2 Praktisk eksamen i FYS 200 må være bestått før studentene kan starte i fjerde semester. Alle emner fra tredje semester må være bestått før studenten kan starte i femte semester. Alle emner fra andre studieår må være bestått for å starte i 6. semester.

Tidligere ervervede kunnskaper og anvendelse av disse vil bli etterspurt i påfølgende emner.

Studenten som ikke fyller krav til progresjon, blir flyttet ned et kull, og får justert utdanningsplanen for å innhente manglende progresjon. Ved overgang til nytt kull vil studieplan for det nye kullet være gjeldende.

Internasjonalisering

Alle emne ved fysioterapeututdanninga har ein tydeleg internasjonal profil. Dette omfattar mellom anna bruk av relevant engelskspråkleg litteratur, drøfting av internasjonale faglege problemstillingar i dei ulike emna også med internasjonale studentar, og undervisning av internasjonale førelesarar. Emnet Physiotherapy in Health Promotion and Preventive work i 4. semester, er eit innvekslingsemne og undervisinga er på engelsk og studentar frå andre land deltar.

I andre eller tredje studieår kan studentane ta emne ved Universitet i utlandet, enten på 3 månader som eit praksisemne/campusemne, eller nettemne med 1-2 veker intensivkurs, som korresponderer med emne i gjeldande studieår.

Utdanninga har samarbeidsavtaler med fysioterapeututdanningar i Norden, Europa, Afrika, Australia, USA og Brasil. Utvekslingsoppholdet i utlandet vert godkjent som del av studiet.

Oversikta under viser kva land og universitet det no er aktuelt å søke utveksling til:

Ghent University, HAN University, Karolinska Institute, Lithuanian University of Health Sciences, Polytechnic Institute of Setúbal, The University of Dublin, Trinity College, University College Absalon, University of the Balearic Islands, Palma Mallorca, VIA University College, ARCADA Polytechnic, , Kilimanjaro Christian Medical Centre, Haydom Hospital Arusha, Universidad Francisco de Vitoria UFV Madrid