Hopp til innhald

Studieplan - Geologi og geofare, bachelorstudium, Sogndal

Hausten 2019

Det 3-årige bachelorstudiet i Geologi og geofare er ei sjølvstendig yrkesutdanning som dannar grunnlag for mastergradsstudium i geologi ved universiteta. Institutt for miljø- og naturvitskap tilbyr ei praktisk opplæring i geologiske emne retta mot aktuelle samfunnsbehov innan offentlig forvaltning og privat næringsliv. Sogn og Fjordane, og Vestlandet generelt, byr på variert geologi som aktivt vert nytta ved ekskursjonar og feltarbeid.

Studiet er på 180 studiepoeng og bygt opp av emne på 10 studiepoeng kvar.

Læringsutbytte

Etter fullført studium skal kandidaten:

Kunnskap

  • Ha grunnleggande innsikt i fast fjell og lausmassar.
  • Ha forståing for ulike geologiske prosessar som formar landskapet og som er aktive i Jordas indre.
  • Ha kunnskap om ulike typar geofarar og korleis desse kan avdekkast og overvakas ved hjelp av moderne teknologi
  • Ha kunnskap om korleis klimaendringar påverkar erosjonsprosessar, og frekvensen av flaum og skred
  • Ha kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde  

Ferdigheiter

  • Kunne gjennomføre ei geologisk kartlegging.
  • Kunne anvende moderne metodar slik som bruk av kart, GIS, GPS og geofysikk (f.eks. georadar, 2D resistivitet og seismikk)
  • Kunne utføre prosjektarbeid med innsamling og tolking av data og utarbeide skriftlige rapportar.
  • Kunne meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk

Kompetanse

  • Kandidaten skal ha kompetanse til å undersøkje på ein vitskapleg måte ein aktuell geologisk prosess, kunne utføre ei kartlegging av geologiske formasjonar og undersøke problemstillingar knytt til geofarar som skred (fjell, lausmasser og snø), ustabile grunntilhøve, flaum m.m.

Innhald

I dei tre første semestera vert det undervist i realfaglege og geologiske grunnemne. Det fjerde semesteret har fokus på temaet geofarar og klimaendringar (Geohazards and Climate Change), og vert undervist på engelsk. Ein slik tilleggskompetanse i bruk av engelsk fagspråk er ein stor fordel for vidare studium innan faget og ved jobb i t.d. petroleumsnæringa. Femte semester er lagt til rette for valemne innan temaet planfag eller studieopphald ved utanlandske eller norske universitet. I det siste semesteret skal studentane gjennomføre ei avsluttande bacheloroppgåve.

Arbeidsformer

Omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av emneomtalane. I mange emne er det obligatoriske ekskursjonar og feltarbeid. Studentane må rekne med å betale eigendel for mat, jfr. HVL sitt reglement for dekking av ekskursjonsutgifter for studentar.

Vurderingsformer

Dei fleste emna har obligatoriske arbeidskrav i form av innleveringer, laboratorieøvingar, feltarbeid eller ekskursjonar. Emneomtalane gir nærare informasjon om arbeidskrav.

Vurderingsforma går fram av emneomtalen for dei einskilde emna.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i femte semester. Institutt for miljø- og naturvitskap har samarbeidsavtalar for studentutveksling med universitet og høgskular i Nederland, Polen, Sverige, Tyskland, USA, Australia og på Svalbard.