Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i geologi og geofare

Hausten 2022

Det 3-årige bachelorstudiet i Geologi og geofare er ei sjølvstendig yrkesutdanning som dannar grunnlag for mastergradsstudium i geologi ved universiteta. Institutt for miljø- og naturvitskap tilbyr ei praktisk opplæring i geologiske emne retta mot aktuelle samfunnsbehov innan offentlig forvaltning og privat næringsliv. Sogn, og Vestlandet generelt, byr på variert geologi som vert nytta aktivt ved ekskursjonar og feltarbeid.

Studiet er på 180 studiepoeng og bygd opp av emne på 10 studiepoeng kvar.

Læringsutbytte

Kunnskap

Etter fullført studium skal kandidaten ha:

  • grunnleggande innsikt i fast fjell og lausmassar.
  • forståing for ulike geologiske prosessar som formar landskapet og som er aktive i Jordas indre.
  • kunnskap om ulike typar geofarar og korleis desse kan avdekkast og overvakast ved hjelp av moderne teknologi
  • kunnskap om korleis klimaendringar påverkar erosjonsprosessar og frekvensen av flaum og skred
  • kunnskap om kva som kjenneteiknar ei vitskapleg kjelde

Ferdigheiter

Etter fullført studium skal kandidaten kunne:

  • gjennomføre ei geologisk kartlegging.
  • anvende moderne metodar slik som bruk av kart, GIS, GPS og geofysikk (t.d. georadar, 2D resistivitet og seismikk)
  • utføre prosjektarbeid med innsamling og tolking av data og utarbeide skriftlige rapportar.
  • meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk

Generell kompetanse

Etter fullført studium skal kandidaten ha kompetanse til å:

  • undersøkje ein aktuell geologisk prosess på ein vitskapleg måte
  • kunne utføre ei kartlegging av geologiske formasjonar
  • undersøke problemstillingar knytt til geofarar som skred (fjell, lausmasser og snø), ustabile grunntilhøve og flaum.

Innhald

I dei tre første semestera vert det undervist i realfaglege og geologiske grunnemne. Det fjerde semesteret har fokus på temaet geofarar og klimaendringar (Geohazards and Climate Change), og vert delvis undervist på engelsk. Ein slik tilleggskompetanse i bruk av engelsk fagspråk er ein stor fordel for vidare studium innan faget og ved jobb i t.d. petroleumsnæringa. Femte semester er lagt til rette for valemne innan temaet planfag eller studieopphald ved utanlandske eller norske universitet. I det siste semesteret skal studentane gjennomføre ei avsluttande bacheloroppgåve.

Arbeidsformer

Omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av emneomtalane. I mange emne er det obligatoriske ekskursjonar og feltarbeid. Studentane må rekne med å betale eigendel for mat, jfr. HVL sitt reglement for dekking av ekskursjonsutgifter for studentar.

Vurderingsformer

Dei fleste emna har obligatoriske arbeidskrav i form av innleveringer, laboratorieøvingar, feltarbeid eller ekskursjonar. Emneomtalane gir nærare informasjon om arbeidskrav.

Vurderingsforma går fram av emneomtalen for dei einskilde emna.

Internasjonalisering

Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i femte semester. Institutt for miljø- og naturvitskap har samarbeidsavtalar for studentutveksling med universitet og høgskular i Nederland, Polen, Østerrike, Italia, Kanada, USA, Australia og på Svalbard.