Hopp til innhald

Studieplan - Grunnskolelærerutdanning 1.-7. trinn

Hausten 2016

Grunnskolelærarutdanning for 1. - 7. trinn er ei fireårig heilskapleg profesjonsutdanning. Ho byggjer på Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1. - 7. trinn fastsett av Kunnskapsdepartementet 12. februar 2010 og Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanningene for 1.- 7. trinn og 5. - 10. trinn, fastsett av Kunnskapsdepartementet 1. mars 2010.

Utdanninga inkluderer ei bachelorutdanning som kan inngå i ei femårig lærarutdanning med master ved Høgskolen i Bergen. For 1. - 7. trinn tilbyr Høgskolen i Bergen vanleg grunnskolelærarutdanning og grunnskolelærarutdanning med musikk (musikklinje).

Grunnskolelærarutdanning for 1. - 7. trinn kvalifiserer for undervisning på 1. - 7. trinn i grunnskolen.
Utdanninga er yrkesretta og praksisbasert. Ho tek utgangspunkt i læraren sitt arbeidsfelt, prinsippa i opplæringslova og gjeldande fagplanar for grunnskolen. Gjennom studiet skal studenten skaffe seg fagleg, fagdidaktisk og pedagogisk kunnskap og innsikt gjennom undervisning og anna studiearbeid på høgskolen, bruke grunnskolen som læringsarena i praksisopplæringa, og i sitt eige refleksjonsarbeid byggje sin eigen lærarkompetanse.
Fagstudia, praksisopplæringa og studenten sine refleksjonar skal danne ein heilskap og rettast mot dei oppgåvene studenten seinare vil møte i sitt daglege arbeid som lærar, og skal fremje personleg danning hos studentane.

Praksis

Årsplan for praksis vil vise når i studieåret praksisperiodane er lagde. Studentane er knytte til klassar, og kvar klasse vil bli delt inn i praksisgrupper som blir plasserte på partnarskolar i Bergen eller eventuelt kommunane rundt Bergen. Dei skolane som er knytte til ei klasse på høgskolen, er inviterte til å opprette interne partnarskap seg imellom.
Praksisopplæringa er også omtalt i ein eigen plan for praksisopplæring, og i planane for enkeltfaga.

Høgskolen i Bergen har etablert ein funksjon som profesjonsrettleiar som blir fylt av ein fagtilsett ved høgskolen, og som har som hovudansvarsområde å syte for at plan for praksisopplæring blir iverksett.
Omfanget av praksisopplæringa ved Høgskolen i Bergen er 100 dagar i grunnskolen. 60 dagar av desse er lagt til dei to første studieåra, og 40 dagar til dei to siste studieåra.

Oversikt - praksis fordelt på studieår:

1. år
6 veker, 30 dagar

2. år
6 veker, dvs. 30 dagar

3. år
6 veker , dvs. 25 dagar

4. år
15 dagar. Varierande praksisorganisering avhengig av fag.

Arbeidsformer

I undervisninga blir det brukt ein stor variasjon av arbeidsformer, som forelesing, skrive- / rekne- / summe- / øvingsøkter, demonstrasjonar, innsamling / bearbeiding av materiale, oppgåveskriving, øvingar, seminar, studentpresentasjonar individuelt eller gruppe, framvisingar, kommentar til andre studentars oppgåver i gruppe eller på nett, diskusjonar, grupperettleiing, gruppearbeid, individuell rettleiing. Desse arbeidsformene finn rom innanfor slike rammer:

  • Timeplanlagt ordinær undervisning
  • Kollokviegrupper: initierte av studentane
  • Praksisopplæring, som er obligatorisk
  • Ekskursjonar / forflytta undervisning

Høgskolen legg vekt på utvikling av studentaktive arbeidsformer, og ønskjer at studentane engasjerer seg og er medskaparar av profesjonskunnskap, at dei er med på å utvikle studieprogrammet gjennom diskusjonar og evalueringar.

Vurderingsformer

Som ein del av profesjonsutdanninga skal studentane utvikle vurderingskompetanse, og dei vurderingsformene dei sjølv møter er ein del av grunnlaget for ein slik kompetanse. Derfor skal dei møte varierte vurderingsordningar, med vurdering undervegs som læringsstøttande grep, og vurderingsformer slik dei blir praktiserte i skolen.
Vurderingsordningane ved Høgskolen i Bergen inneheld vurdering av obligatorisk arbeid, forprøver o. l. som studentane må ha fullført med tilfredsstillande resultat for å kunne framstille seg til eksamen. Denne typen arbeid vert til vanleg vurderte av lærarane i faget.
Vurderingsordningane omfattar også ulike former for eksamen som gir grunnlag for avsluttande karakter i studieeiningane. I nokre tilfelle blir vurderinga gjort berre av intern sensor / sensorar. I andre tilfelle blir vurderinga gjort av to sensorar der minst ein av dei skal vere ekstern.

Karakterane vert fastsette slik:

Bokstavkarakterar A-F, der A er beste ståkarakter og E dårlegaste ståkarakter. F er strykkarakter.
Karakterane Bestått / Ikkje bestått.

Oversikt over kva bokstavkarakterane står for

A: framifrå
Framifrå prestasjon som skil seg klart ut. Kandidaten syner særs god vurderingsevne og stor grad av sjølvstende.

B: mykje god
Mykje god prestasjon. Kandidaten syner mykje god vurderingsevne og sjølvstende.

C: god
Jamt god prestasjon som er tilfredsstillande på dei fleste områda. Kandidaten syner god vurderingsevne og sjølvstende på dei viktigaste områda.

D: nokså god
Akseptabel prestasjon med nokre vesentlege manglar. Kandidaten syner ein viss grad av vurderingsevne og sjølvstende.

E: tilstrekkeleg
Prestasjonen tilfredsstiller minimumskrava, men heller ikkje meir. Kandidaten syner lita vurderingsevne og lite sjølvstende.

F: ikkje bestått
Prestasjon som ikkje tilfredsstiller dei faglege minimumskrava. Kandidaten syner både manglande vurderingsevne og sjølvstende.

Vurdering i praksis

Praksis vert vurdert med karakterane Bestått / Ikkje bestått, og karakter vert gitt etter kvart studieår. Praksiskarakteren vert fastsett i eit samarbeid mellom praksislærar, profesjonsrettleiar og faglærarar.

Vurdering av om ein student er skikka som lærar

Ifølgje universitets og høgskolelova, § 4-10, skal institusjonen vurdere om den enkelte studenten er skikka for læraryrket. Denne vurderinga er ei heilskapsvurdering som omfattar både faglege, pedagogiske og personlege føresetnader for å kunne fungere som grunnskulelærar. Vurderinga skal gjerast gjennom heile studiet. Studentar som viser vanskar med å meistre læraryrket, må så tidleg som muleg i studiet få vite korleis dei står i forhold til krava om å vere skikka som lærar. Departementet fastset forskrift med kriterium og framgangsmåtar for vurdering av om ein student er skikka som lærar. Du kan lese meir om dette her: http://www.hib.no/avd_al/skikkethet/index.htm

Vitnemål, karakterutskrift

Vitnemål om grunnskulelærarutdanning omfattar alle studieeiningar som studenten har fullført, og er påført dei karakterane som er oppnådd. Studentar som ikkje har fullført heile utdanninga, kan få karakterutskrift frå eksamensprotokollen som viser dei faga og emna dei har bestått.
Dersom studentane ikkje har fullført og bestått praksisopplæringa, skal dette påførast karakterutskrifta.

Fritak og innpassing

Det blir ikkje gitt fritak for emner/fag dei tre første åra i grunnskolelærarutdanningane (det er eigne reglar for overflytting mellom lærarutdanningsinstitusjonar) Bakgrunnen for dette er kravet om integrerte grunnskulelærarutdanningar med heilskap og samanheng mellom teori- og praksisstudiar, mellom fag og fagdidaktikk og mellom fag, samt kravet om trinninnretting av utdanninga (jf. Forskrift om rammeplan for grunnskulelærarutdanningane for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn og Nasjonale retningslinjer for høvesvis grunnskulelærarutdanninga for 1.-7. trinn og 5.-10. trinn).

Fag i GLU1-7 kan ikkje erstatte fag i GLU5-10 (og motsett) dei tre første studieåra. Du vil ha høve til å innpasse fag i GLU frå andre utdanningar i ditt fjerde studieår med inntil 60 studiepoeng. Relevante fag for skulen og skulefag utan fagdidaktikk og/eller praksis kan innpassast med inntil 30 studiepoeng i fjerde studieår.

Du kan også få innpassa 30 eller 60 studiepoeng (i fjerde studieår) dersom du har eit relevant lærarutdanningsfag/skulefag med fagdidaktikk og trinninnretta praksis. Studentar som har tatt lærarutdanningsfag/skulefag (30 og 60 sp) ved HiB før innføringa av GLU-reforma, men som manglar trinninnretta praksis, kan i ei overgangsperiode fram t.o.m. 2016 få tilrettelagt praksis i ettertid.

Har du lærarutdanningsfag/skulefag frå andre lærarutdanningsinstitusjonar skal du først søke om å få organisert trinninnretta praksis ved din tidlegare lærestad. Dersom det ikkje er mogleg, kan du søke om å få tilrettelagt for praksis dersom studiet allereie inneheld minst ei veke relevant praksis. I slike tilfelle må du sjølv betale praksisutgiftene og aktivt arbeide for å opprette ein avtale med praksiskule/praksislærar i samarbeid med praksiskontoret på Avdeling for lærarutdanning (HiB).

I grunnskolelærarutdanninga for 1.-7. trinn kan det gjevast fritak frå prøve i ei av målformene i norsk for studentar som ikkje har vurdering i begge norske målformer frå vidaregåande opplæring.

Fritak skal førast på vitnemålet. Studentar som er fritatt frå kravet om begge målformer til eksamen, skal likevel følgje all undervisning i norsk.

Internasjonalisering

Studentar som ønskjer å ta ein del av utdanninga si i utlandet, skal først og fremst å bruke haustsemesteret 4. studieåret til det. Studentar som ikkje følgjer normal studieprogresjon, vil normalt ikkje få innvilga studieopphald i utlandet.

Organisering

Grunnskolelærarutdanninga er eit fireårig fulltidsstudium (240 studiepoeng). Omfanget av dei ulike faga er uttrykt i studiepoeng (sp). Studiepoeng er eit felles europeisk system (ECTS) som viser kor mykje studiearbeid som trengst for å nå målsettinga med eit studieprogram. Eitt studiepoeng er 27 studentarbeidstimar. Ei studieveke er på 40 studentarbeidstimar. Eit studieår for ein heiltidsstudent er på 60 studiepoeng, som tilsvarer 1600 arbeidstimar.

Grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn omfattar ein obligatorisk del på 120 studiepoeng og ein del som kan veljast på 120 studiepoeng. Utdanningsprogrammet omfattar normalt minimum fire undervisningsfag, der minst eitt av faga skal vere på 60 studiepoeng og dei andre faga må vere på minimum 30 studiepoeng. I haustesmesteret fjerde studieår kan eitt undervisningsfag erstattast av eit skolerelevant fag på 30 studiepoeng. I haustsemesteret vil det også vere høve til å studere ved studiestad i utlandet. For studentar som vil starte masterutdanning etter tredje studieår, vil det første året i masterutdanninga erstatte fag i det fjerde studieåret i grunnskolelærarutdanninga.

Den obligatoriske delen av grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn har følgjande innhald:

  • Pedagogikk og elevkunnskap, 60 studiepoeng
  • Norsk, 30 studiepoeng
  • Matematikk, 30 studiepoeng
  • Praksisopplæring er ein integrert del av studieeiningane med til saman 100 dagar i løpet av fire år.

Ved Høgskolen i Bergen er grunnskolelærarutdanning for 1.-7. trinn bygd opp slik det går fram av følgjande tabell, og med desse faga:

1. studieår:

  • Praksisopplæring
  • Pedagogikk og elevkunnskap, 15 sp.
  • Norsk, 30 sp.
  • Valfag 1, 15 sp., valt før studiestart: engelsk, naturfag, mat og helse, religion, livssyn og etikk (RLE), samfunnsfag, kroppsøving.

2. studieår

  • Praksisopplæring
  • Pedagogikk og elevkunnskap, 15 sp.
  • Matematikk, 30 sp.
  • Vidareføring av valfag 1, 15 sp.

3. studieår

  • Praksisopplæring
  • Pedagogikk og elevkunnskap med bacheloroppgåve, 30 sp.
  • Påbygging av obligatoriske fag 30 sp. eller nytt valfag 30 sp.:
  • Norsk og matematikk og nokre fleire fag, blant anna . Kunst og handverk blir tilbydd som nytt valfag 30 sp.

4. studieår

  • Praksisopplæring
  • Eitt valfag på 60 sp, eventuelt to fag på 30 sp der det eine kan vere eit skolerelevant fag på 30 sp, eller første studieår i mastergrad.