Studieplan - Sjukepleie, bachelorstudium, deltid, Førde
Våren 2022
Føremålet med utdanninga er at studentane skal tileigne seg kompetanse til eit yrke som sjukepleiar. Dette betyr kompetanse til å nytte og utvikle sjukepleiekunnskapar, haldningar og ferdigheiter på ein god og tenleg måte i møte med pasient, pårørande og medarbeidarar. Å ha sjukepleiekompetanse betyr at ein er fagleg kvalifisert og utfører yrket i samsvar med gjeldande lover, reglar og yrkesetiske retningslinjer.
Studieplanen er utarbeid i samsvar med Rammeplan og forskrift for sykepleierutdanning fastsett av Utdannings- og forskingsdepartementet 25. januar 2008, med heimel i Lov av 1. april 2005 nr. 15 om Universitet og Høgskular.
Læringsutbytte
Mål for studiet er å utdanne sjukepleiarar som yter tenester ut frå eit heilskapleg syn på mennesket, som viser respekt for mennesket sin integritet og rettar og som tryggjer brukarane sin autonomi og rett til medbestemming. Sjukepleiefaget er basert på grunnleggande omsorgsverdiar. Yrkesetiske retningslinjer for sjukepleiarar byggjer på moralske prinsipp om respekt for at livet ikkje skal krenkast, på respekt for mennesket sitt eigenverd og solidaritet med dei svakstilte. Som sjukepleiar må ein og ha innsikt i sjukepleiefaget si utvikling i eit historisk og vitskapsteoretisk perspektiv.
Sjukepleiaren skal utføre kunnskapsbasert sjukepleie, der forsking, klinisk erfaring, fagleg skjønn, ressursvurdering og pasienten sine preferansar ligg til grunn. Målet er at ein skal utøve sjukepleie som tek omsyn til pasienten sine individuelle omsorgsbehov i ulike fasar i livet og samstundes ha kompetanse til å ta del i kvalitetsforbetring, fagutvikling og forsking.
Kunnskap
Kandidaten
- har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar og problemstillingar innan sjukepleievitskapelege emne
- har relevant kunnskap innan medisinske og naturvitskapeleg- og samfunnsvitskaplege emne
- har kunnskap om sjukepleiefagets historie, tradisjonar og eigenart
- kjenner til forsking og utviklingsarbeid relevant for sjukepleie
- har kunnskap om velferdsstaten, rammer for tenesteutøving og sjukepleietenesta sitt bidrag til helse- og velferdstenesta
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan utøve sjukepleie basert på forsking, erfaring og fagleg skjønn
- kan ivareta pasienten sine grunnleggande behov ved å observere, vurdere, planlegge, iverksette, evaluere og dokumentere sjukepleie
- kan identifisere risikofaktorar av individuell og miljømessig karakter, planlegge og utføre helsefremmende og førebyggende tiltak
- kan informere, undervise og rettleie pasientar og pårørande
- kan fremme læringsprosessar som bidreg til pasienttryggleik, kvalitet og tillit i helsetenesta
- kan beherske relevante faglege verktøy, teknikkar, prosedyrar og kommunikasjonsformer
- er en endringsdyktig leder av eige fag
- kan samhandle tverrprofesjonelt for å skape eit koordinert, heilskapleg og samanhengande tenestetilbod
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan utøve fagleg forsvarleg sjukepleie, basert på etisk medvit og kritisk refleksjon
- kan møte pasientar og pårørande med omsorg, innleving og moralsk ansvarligheit
- kan ivareta pasienten sin rett til medbestemming og medverknad
- kan medverke til nytenking og innovasjon
- kan vise evne og vilje til livslang læring, arbeide kunnskapsbasert og bidra til å utvikle kvalitet i sjukepleiefaget og helsetenesta
- kan anvende og formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftlig og munnleg
- kan bidra til synleggjering av faglege og etiske normer synliggjøres i den offentlige debatt om helsepolitiske spørsmål
Verdigrunnlag
Sjukepleiehandlingar har som mål å fremje helse og lindre liding. At den einskilde tenesteytar tek omsyn til fysiske, psykiske, sosiale, kulturelle og åndelege sider ved mennesket, er avgjerande for eit godt tilbod. Helseproblem og sosiale problem må og sjåast i samanheng med samfunnsmessige faktorar. Sjukepleie inneberer å forstå kva konsekvensar sjukdommen kan ha for den enkelte, og ulike opplevingsaspekt ved det å vere sjuk. Dette krev evne til innleving og ein deltakande haldning. Sjukepleie kan vere retta mot enkeltindivid, grupper av menneske eller omgjevnader der sjukepleiekunnskap skal setje mennesket i stand til å førebyggje eller meistre sjukdom. Sjukepleiefaget er basert på grunnleggande omsorgsverdiar, moralske prinsipp om respekt for at livet ikkje skal krenkast, på respekt for mennesket sitt eigenverd og solidaritet med dei svakstilte (Yrkesetiske retningslinjer for sykepleiere)
Sjukepleiekompetanse
For å synleggjere kva forventningar arbeidsgjevaren stiller til nyutdanna sjukepleiarar, skil rammeplanen mellom handlingskompetanse og handlingsberedskap (Rammeplan for sykepleierutdanning 2008). Handlingskompetanse er knytt til område der sjukepleiaren etter utdanninga skal kunne fungere sjølvstendig. Den nyutdanna sjukepleiaren skal ha handlingskompetanse til å ivareta og utøve oppgåver som er sentrale i yrkesfunksjonen. Handlingsberedskap omfattar kunnskap som etter opplæring, rettleiing og praksiserfaring kan verte vidareutvikla til sjølvstendige funksjonar innan leiing, undervisning, rettleiing og fagutvikling.
Krav til fagleg forsvarleg og omsorgsfull hjelp
Lov om helsepersonell av 1.1. 2001 skisserer følgjande krav til fagleg forsvarleg og omsorgsfull hjelp. Bestemmingane i lova gjeld også studentar i klinisk praksis.
- Krav til å kjenne og innrette yrkesutøvinga etter faglege kvalifikasjonar
- Plikt til å halde seg fagleg oppdatert
- Plikt til å innhente nødvendig informasjon om pasienten
- Plikt til å innhente samtykke til behandlinga
- Plikt til å involvere pasienten i behandlinga
- Teieplikt
- Plikt til avhald frå rusmiddel
- Plikt til å delta i undersøkingar i høve til straffbare forhold og ved smittefare
- Plikt til å dokumentere verksemda
- Opplysings- og meldeplikt
- Plikt til å yte øyeblikkeleg hjelp, som gjeld uansett arbeidsstad og i fritida
- Plikt til å ivateta mindreårige barn som pårørande
Skikkavurdering
Studentar ved sjukepleieutdanninga er omfatta av Forskrift om skikkethet
Politiattest
Politiattest skal leverast ved studiestart (Politiregisterforskriften kap.7 §39) Ny politiattest kan krevjast av praksisfeltet eller HVL i løpet av utdanninga.
Innhald
Utdanninga er delt opp i 16 emne, som tek utgangspunkt i sjukepleiefaget sitt kunnskapsgrunnlag slik Rammeplanen har fastsett. Emna fordeler seg på åtte semester på deltidsstudiet. Kvart emne vert omtala i studieplanen, der læringsutbytte, innhald, undervisnings- og læringsformer, arbeidskrav og vurderingsformer framgår. Kvart emne blir sluttvurdert, og det vert stilt krav til progresjon i gjennomføring av utdanninga.
Høgskulen i Sogn og Fjordane nyttar Fronter som sitt elektroniske læringsstøttesystem. I Fronter vil studenten finne detaljerte skildringar av undervisnings- og læringsformene for kvart enkelt emne, beskriving av arbeidskrav, praksisstudium, tips om tilrådd litteratur/aktuelle lenkjer, eksamensinformasjon, timeplanar osv. Fronter vert også nytta som eit pedagogisk verktøy i studiet. Alle retningslinjer som omhandlar studiet ligg i Fronter.
Praksis
Målet med rettleia praksisstudium er at studenten skal oppnå optimal handlingskompetanse for å kunne møte pasienten og samfunnet sine behov for sjukepleie, som ein del av eit samla behandlingstilbod.
Praksisstudium utgjer 90 studiepoeng (60 veker). Av desse utgjer 75 studiepoeng direkte pasientretta praksisstudium, og 15 studiepoeng trening i praktiske ferdigheiter, førebuing til og refleksjon over praksis. I praksisstudia vil studenten ha direkte kontakt med pasientar og få erfaring med korleis sjukepleiaren kan vurdere pasientar og setje i verk tiltak. Studenten vil møte menneske i ulike situasjonar, noko som vil kunne gje innsikt og erfaring. Studenten vil og få innblikk i korleis organisering og gjennomføring av arbeidet vert gjort i dei ulike praksisfelta. I tillegg vil ein stimulere studentane til bevisstgjering av rolleoppfatning og haldningar. I praksisstudia vert det forventa at studenten er bevisst og reflekterer over om eigen praksis er i samsvar med faglege krav.
Avdeling for helsefag nyttar praksisplassar i heile Sogn og Fjordane. Det er høve til å søkje om å få gjennomføre praksisperiodar utanom Sogn og Fjordane etter gjeldande reglement. Det er ikkje mogeleg å gjennomføre praksisstudium på avdelingar der studenten har eit arbeidsforhold, og studenten pliktar å oppgje dette ved fordeling av praksisplass. Studentane må vere førebudde på kostnader i samband med praksis, det er eige reglement for dekking av bu- og reiseutgifter i HiSF. Det er utarbeidd eige reglement for fordeling av praksisplassar, praksis utanfor Sogn og Fjordane, arbeidstøy og obligatorisk deltaking i praksisstudium. Ved gjennomføring av eigenvald praksis ved insititusjonar/kommunar HiSF ikkje har avtale med må studentane dekke alle bu og reisekostnadar sjølv.
Krav til studiedeltaking i praksis
Alle praksisstudium er obligatoriske. Studentane skal i hovudsak følgje rettleiar sine vakter for å sikre kontinuerleg oppfølging og rettleiing. Dette inneberer å følgje ein fastsett turnus med både dag-, kvelds-, og nattevakter og helgar, der studentane gjennomsnittleg er 30 timar i praksis kva veke.
I praksisstudium vert det forventa at studenten:
- syner engasjement til fagleg og personleg utvikling
- er aktiv deltakar i arbeidsmiljøet. Dette inneber blant anna at studenten syner vilje til kontinuerleg problemløysing
- er aktiv i å oppsøkje læresituasjonar og å søkje rettleiing og vurdering
- tek kontakt med læraren og gjev melding ved eventuelle problem
- gjer det tydeleg kva spesielle område han/ho treng arbeide med gjennom operasjonalisering av læringsutbyta og tilbakemelding ved tidlegare praksisperiodar
- er godt førebudd og deltek aktiv i forventningssamtale, halvtidsvurdering, sluttvurdering og på rettleiingsdagar
- tek ansvar for å setje opp turnusplan i tråd med gjeldande retningslinjer
- følgjer krav til studiedeltaking og gjev melding ved fråvær
- gjennomfører arbeidskrav i praksis ut frå retningslinjene for det einskilde arbeidskravet
- førebur undervisning og skriftleg arbeid til klinikksamlingar og lærarvurdering, dette skal gjennomførast utanom dei obligatoriske 30 t/pr. veke
Forventningar til praksisstad/rettleiar:
- er ressursperson for studenten og rettleier i faglege spørsmål
- samarbeider med studenten om framdrift i praksis for å nå læringsutbytte
- gjev studenten auka utfordringar og ansvar i høve til den enkelte student si utvikling og vekst. Stiller faglege krav knytte til læresituasjonar i praksis
- gjev studenten kontinuerleg rettleiing og vurdering
- er godt førebudd og deltek aktiv i forventningssamtale, halvtidsvurdering og sluttvurdering.
- tek kontakt med praksislæraren ved eventuelle problem
Forventningar til høgskulen/praksislærar:
- sørgjer for at praksisfeltet til alltid er orientert og informert om studieplanen
- rettleier studentane i teori og praksis
- rettleier studentane i skriftleg arbeid
- er ressursperson for student og rettleiar
- pliktar å vere orientert om den faglege utviklinga til studenten
- er godt førebudd og deltek aktiv i forventningssamtale, halvtidsvurdering og sluttvurdering
- godkjenner turnusplanen
Rettleiing, samtalar og vurderingar
Studenten, rettleiar/representant frå praksisplassen og praksislæraren skal delta på forventningssamtale, halvtids- og sluttvurdering i alle praksisstudia. Alle praksisstudia vil ha klinikksamlingar som er førebudde av lærar/student, der ulike tema vert belyste, diskuterte og reflekterte over. I tillegg rettleiar praksislærar i direkte paseintretta situasjonar i følgjande emne: SK 170, SK 163 og SK 164, der det er høveleg. Alternative rettleiingsformer kan nyttast, tilpassa læringsarenaen.
I emne SK 166 og SK 167 vert hovudvekta av rettleiinga gjennomført som klinikksamlingar. I emne SK 159 skal studenten ha ei sjølvstendig rolle under rettleiing av sjukepleiar i praksis, og praksislæraren si oppgåve blir å vere med på forventningssamtale, halvtids- og sluttvurdering. Nye modellar for rettleiing i praksisstudium er under utvikling, og studentane må difor vere førebudde på å delta i ulike praksisprosjekt.
Høgskulen sine fagtilsette har eit overordna ansvar i å rettleie studentane og legge til rette for gode læresituasjonar i praksis. Studentane skal i praksisstudia ha kontinuerleg rettleiing av sjukepleiar som bør ha rettleiingskompetanse og minst eitt års erfaring som sjukepleiar. Sjukepleiarane på praksisplassen har ansvar for å rettleie studentane med utgangspunkt i praksisplassen sin spesialitet og eigenart.
Alle praksisperiodane blir vurderte til greidd/ikkje greidd med utgangspunkt i læringsutbyte for emne og eige skjema for vurdering av praksis. Ved kvar avslutta praksisperiode har studenten ansvar for å levere vurderingsskjema til praksiskonsulenten ved Avdeling for helsefag. Vurderingsskjemaet er å rekne som eit eksamenspapir. Studenten må sjølv ta kopi av vurderingsskjemaet.
Forventningssamtale
Skal gjennomførast i løpet av dei fyrste 1¿2 vekene. Føremålet er å klargjere læreføresetnadene til studenten ved at studenten orienterer om bakgrunn/tidlegare praksis, eigne mål og læringsbehov, og å klargjere dei ulike partane sine forventningar til kvarandre. I 2. og 3. studieår skal studenten bruke tidlegare praksisvurderingar i planlegging av påfølgjande praksis.
Halvtidsvurdering
Skal gjennomførast innan 3 veker før praksisslutt. Føremålet er å klargjere kor langt studenten er kommen i høve til læringsutbyte i emnet og eiga utvikling. Det skal klargjerast kva område studenten bør fokusere på vidare, og det skal leggast ein plan for vidare rettleiing og studieinnsats. Det skal komme fram om det er fare for at studenten kan få ikkje greidd praksis. Dette skal i så fall skrivast klart på studenten sitt vurderingsskjema og i tillegg formulerast skriftleg på eit eige skjema for varsel om fare for ikkje greidd praksis.
Sluttvurdering
Skal gjennomførast den siste veka studenten er i praksis. Føremålet er å formelt godkjenne/ikkje godkjenne praksis. Ein skal vurdere utviklinga i høve til dei punkta som kom fram på halvtidsvurderinga og sjå på kva studenten bør arbeide vidare med i neste praksis.
Kriterier for ikkje greidd praksis
Studenten sin praksis kan vurderast til ikkje greidd ut frå eigne kriterium. Det skal gjevast skriftleg varsel om fare for ikkje greidd praksis seinast tre veker før praksisslutt, jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. Om studenten i slutten av praksisperioden visar handling/åtferd som openbert ikkje gjev grunnlag for bestått praksis, kan studenten få "Ikkje greidd" sjølv om ikke varsel om fare for ikkje greidd er gitt, jf. Forskrift til rammeplan for sykepleierutdanning. Ved varsel om fare for ikkje greidd praksis har praksislæraren ansvar for å informere instituttleiar. Studenten kan ta kontakt med instituttleiar om det er behov for ytterlegare rettleiing. Ved vurdering til ikkje greidd praksis vert studenten kalla inn til samtale med instituttleiaren for klargjering av vidare studieprogresjon.
Ikkje greidd praksis er ei vurdering som vert gjort ut frå eitt eller fleire av følgjande kriterium
Studenten:
- bryt teieplikt eller etiske retningslinjer for sjukepleiarar
- manglar respekt for pasient eller pårørande
- viser manglande samarbeidsevne overfor pasientar og personale
- handlar utover eigen kompetanse og ikkje ber om råd og rettleiing når han/ho er usikker
- ikkje har nødvendige og tilstrekkelege faglege kunnskapar i høve læringsutbyte for emnet
- viser liten grad av utvikling av praktiske ferdigheiter i høve til læringsutbytte
- utfører ikkje dei arbeidskrav som er tillagde den enkelte praksisperioden
- praktiserer dårleg orden eller hygiene i arbeidet
- greier ikkje å administrere og organisere eige arbeid føremålstenleg og rasjonelt sett i høve til det nivået studenten er på
- viser manglande initiativ og interesse i praksis
- bryt avtalar eller møter upresist fleire gonger
- ikkje gjev melding ved fråvær
- er påverka av rusmiddel i arbeidstida
- administrerer ikkje medikament fagleg korrekt
Læringsutbyte for kvar praksisperiode går fram av det einskilde emne i studieplanen.
Arbeidsformer
Avdeling for helsefag legg vekt på å tilby undervisning basert på det fremste innan forsking, fagleg utviklingsarbeid og erfaringskunnskap. Vi nytter personar med erfaringskunnskap, som pasientar og pårørande, og kliniske ekspertar som ressursar i teoretiske og praktiske studium når dette er relevant. Resultat frå forskning og faglege utviklingsarbeid vert nytta i undervisninga, og studentdeltaking i faglege utviklingsarbeid vert nytta som læringsmetode. Undervisning og tilrådd litteratur i alle emne skal også vere forskingsbasert. Så langt det er mogeleg skal delar av undervisninga i alle emne gjennomførast av fagpersonar med forskingskompetanse som også er tilknytte relevante forskingsmiljø. Det er lagt opp til ein progresjon i studiet når det gjeld studentane sin kunnskap om forsking og fagutvikling.
Utdanninga vil legge tilhøva til rette for varierte læringsformer med høg grad av studentaktivitet, både individuelt og i grupper. Læring er ein aktiv prosess, og både den sosiale samanhengen læring skjer innanfor og studenten sine personlege erfaringar vil påverke læreprosessen. Erfaringar frå praksis og teori er grunnlaget for all læring. Det er eit overordna mål at studenten utviklar personleg kunnskap og har eit aktivt forhold til eigne erfaringar og ny kunnskap. Dette krev drøfting undervegs av både faglege og pedagogiske sider ved studiet. Studiekvalitet vert drøfta i fagutval og studienemnd ved avdelinga. Studentane vil få opplæring i å stille kritiske spørsmål, søkje fagkunnskap/forskingslitteratur, kunne kritisk vurdere, gjere seg nytte av og vidareformidle denne kunnskapen både munnleg og skriftleg. Studentane vert også testa i dette. Undervisnings- og læringsformene vil variere i dei ulike emna, og dette vil gå fram av emneomtalen for dei einskilde emna.
Forventa gjennomsnittleg studieinnsats for ein delstidstudent er 40 timar kvar veke i praksisemna og 30 timar kvar veke i teoriemna. Krav om obligatorisk frammøte i undervisning eller andre aktivitetar skal gå fram av studieplan/emneplan. Med mindre emneplan seier noko anna, er det krav om 80 % frammøte til det som vert sett som obligatorisk undervisning. Fråvær frå obligatorisk frammøte vere handsama etter Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.
Det er obligatorisk frammøte til studiegrupper i alle emne. Emnestudentar kan søke fritak for deltakelse i studiegrupper. Praktiske øvingar på sjukepleiesenteret og i praksisstudier krev 90% frammøte. Det er krav om obligatorisk frammøte til førelesingar dersom:
- Førelesinga har eit innhald som ikkje kan testast ved eksamen
- Frammøte og deltaking kan kvalitetssikrast på lik line med eksamen
- Frammøte gir ein særleg kompetanse som studenten ikkje kan tileigne seg på annan måte
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi (IKT) er viktig for gjennomføring av studiet og i utøving av sjukepleie. Dette krev kunnskapar om og ferdigheiter i metodar for innhenting, kritisk utveljing, handsaming, strukturering og formidling av munnleg og skriftleg informasjon. Studenten vil tidleg i studiet få opplæring i bruk av IKT og bibliotektenester. Institutt for sjukepleie gjer nytte av ulike digitale læringsmetodar i undervinsinga.
Undervisning og øving på sjukepleiesenteret er nødvendig for å synleggjere grunnleggjande sjukepleieferdigheiter og førebu seg til møte med pasientane i praksisfeltet.
Ved deltidsutdanninga nyttar HSF same undervisnings- og læringsformer som i heiltidsstudiet. Deltidsstudiet blir organisert med vekesamlingar ved Avdeling for helsefag i Førde. Deltidsstudiet er organisert med færre veker teoriundervisning enn heiltidsstudiet, og det er difor lagt opp til større grad av sjølvstudium. Praksisstudia vil bli gjennomførte på full tid og same måte som for heiltidsstudentar. Ein tek sikte på å leggje til rette praksisstudia i kommunehelsetenesta i nærleiken av studenten si bustadadresse innanfor Sogn og Fjordane. I spesialisthelsetenesta vert institusjonane i Sogn og Fjordane nytta. Deltidsstudentar følgjer elles same praksisreglement som heiltidsstudentar.
Vurderingsformer
Arbeidskrav
Arbeidskrav kan omfatte skriftleg arbeidsplan for praksis, gruppeoppgåver, skriftlege arbeid, medstudentrespons, øving i sjukepleiesenteret, undervisningsopplegg, kasuistikk med meir. Kvar av emneomtalane gjev nærare informasjon om arbeidskrav. Nærare spesifisering av innhald og krav til dei einskilde arbeidskrav ligg i Fronter.
Studenten må ha greidd kvar rettleia praksisperiode for å kunne framstille seg for neste praksisperiode. Arbeidskrav i dei ulike emna må vere gjennomførte/godkjende for å gå opp til aktuelle eksamenar og for å få godkjend praksis, jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet.
Sluttvurdering
Avdeling for helsefag har utarbeidd vurderingsformer i tråd med Rammeplan for sjukepleieutdanning og Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. Dei vurderingsformene som vert nytta er skriftleg skuleeksamen, heimeeksamen og prosjekteksamen. I siste semester skal studentane gjennomføre eit større sjølvstendig arbeid, Bacheloroppgåva, som skal ha eit sjukepleiefagleg og forskingsbasert fokus. Det er ekstern sensur eller ekstern vurdering på alle sluttvurderingane ved Institutt for sjukepleie.
I praksisstudia er vurdering er ein kontinuerleg og obligatorisk del av praksisrettleiinga. For kvar rettleia praksisperiode skal ein gjere ei avsluttande vurdering med utgangspunkt i læringsutbyte, kriteriumm for greidd/ikkje greidd praksis og vurderingsskjemaet for den enkelte praksisperiode. Ein rettleia praksisperiode vert rekna som eksamen, jf. Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet. Vurderingane fylgjer eit fastlagt skjema. Student, rettleiar/ praksisrepresentant og praksislærar skal vere med på vurderingane.
Krav til studieprogresjon
Faglege vilkår for studieprogresjon
Sjukepleieutdanninga er bygd ved at nye emne i stor grad føreset og byggjer på læring og vurdering i tidlegare emne. Utdanning i sjukepleie inneberer kontakt med og medansvar for sjuke, noko som føreset at studenten er førebudd til og har kunnskapar før praksisperioden tek til. Det er difor fastsett krav til rekkefølgje av emne og det er krav om obligatorisk deltaking i delar av studiet. I emne SK 157 og SK 159 inngår praksis som ein del av emnet, og emna er ikkje fullførte og greidde før praksis er greidd.
Internasjonalisering
Avdeling for helsefag har tilbod til studentar som ynskjer å ta delar av utdanninga ved ein utanlandsk institusjon. Målet er at studentar skal sikrast eit kvalitetsmessig godt studieopphald i utlandet. Det er inngått samarbeidsavtalar med utanlandske universitet og høgskular, og vi deltek i utvekslingsprogram.
For å kunne ta delar av studiet i utlandet, må studenten vise til gode faglege resultat frå både teori og praksis. Eit intervju med studenten kan bli vektlagt. Det framgår av emneomtalane kva delar av studiet som kan gjennomførast i utlandet.
Emne SK 159 vil for dei som søkjer utveksling i 8 semester erstattast med emne SK 198 Internasjonalisering.