Studieplan - Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn
Hausten 2021
Om oppbygginga av utdanninga:
Læringsutbytte
Etter fullført utdanning har kandidaten følgjande overordna læringsutbytte:
Kunnskap
Kandidaten
- har avansert kunnskap enten i eit valt undervisningsfag og fagets didaktikk eller i
profesjonsretta pedagogikk/spesialpedagogikk
- har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
- har brei profesjonsretta kunnskap i dei andre faga som inngår i utdanninga
- har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, og vitskapelege tenkemåtar,forskingsmetodar og etikk
- har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, omsamanhengen i utdanningsløpet barnehage¿skule og om overgangen frå barnehage til skuleog frå barnetrinn til ungdomstrinn
- har inngåande kunnskap om begynnaropplæring, grunnleggande ferdigheiter, vurderings- ogkartleggingsverktøy, klasseleiing og vurdering av elevars læring og kva som fremjar læring ifaga
- har inngåande kunnskap om læringsteori og barn si utvikling, danning og læring i ulikesosiale, språklege og kulturelle kontekstar
- har kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar, til dette høyrer kunnskap om mobbing,vald og seksuelle overgrep mot barn, gjeldande lovverk og barn sine rettar i eit nasjonalt oginternasjonalt perspektiv
- har brei kunnskap om lærarprofesjonen, faga sin eigenart og historie, og forståing av skulensi utvikling som organisasjon, skulen sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, åleine og saman med andre
- kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande læreplanar
- kan sette i verk tidleg innsats og sikre progresjon i elevens utvikling av grunnleggandeferdigheiter og fagkompetanse, med særskilt vekt på begynnaropplæring i lesing, skriving ogrekning
- kan skape inkluderande og helsefremjande læringsmiljø som bidrar til gode faglege, sosialeog estetiske læringsprosessar
- kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjandetilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader og behov, bruke varierteundervisningsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
- kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gielevane opplæring i digitale ferdigheiter
- kan analysere og sjå kritisk på nasjonal og internasjonal forsking og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
- kan åleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- ogutviklingsarbeid, for kontinuerleg å utvikle eigen og skulen sin kollektive praksis, i tillegg til ågjennomføre avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing
- kan identifisere teikn på mobbing, og raskt sette i verk naudsynte tiltak og etableresamarbeid med relevante faginstansar.
- kan identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep og kjenne til korleis nødvendige tiltakskal setjast i verk.
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid, bidra tilforståing av samane sin status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og bærekraftig utvikling
- kan initiere og ivareta eit godt skule¿heim-samarbeid, og samarbeide med andre aktørarsom er relevante for skulen si verksemd
- meistrar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan nytte språket på einkvalifisert måte i profesjonssamanheng
- kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt tilprofesjonsutøvinga og har profesjonsfagleg digital kompetanse
- kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og bidra til utviklingav fagleg fellesskap på den einskilde skule
- kan bidra i innovasjonsprosessar knytt til skulen si verksemd og legge til rette for at lokaltarbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa.
Innhald
Emneinformasjon finn du i emneoversikten. Finn du ikkje emna du skal ta, må du søke dei opp via emnekoden på hvl.no/student. Emnekodane finn du i Utdanningsplanen din i Studentweb.