Studieplan - Grunnskulelærarutdanning 1.-7. trinn
Hausten 2024
Har du lyst på en meningsfull jobb, der du kan gjøre en forskjell for barn og unge?
Samfunnet har stort behov for fleire lærarar med grunnskulelærarutdanning for trinn 1-7. Utdanninga passer for deg som ønsker å ha et yrke der du har stor betydning for barn og unge. Du blir først og fremst kvalifisert for lærerstilling i barneskolen, men med denne kompetansen vil du også være svært relevant for lærarstillinger i andre skoleslag og stillinger knytt til opplæring i bedrifter.
Grunnskulelærerutdanning trinn 1-7 ved Høgskulen på Vestlandet har ein fagleg brei profil som tilbyr ei heilskapleg, integrert, profesjonsretta og forskingsbasert femåring grunnskulelærarutdanning. Utdanninga tilbyr masterstudium i ei lang rekke lærarutdanningsfag med tema som begynnaropplæring, grunnleggande ferdigheiter og kontaktlærarrolla sentralt plasserte i faga.
Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine grunnskulelærarutdanningar følgjer Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanning for trinn 1-7 fastsett av Kunnskapsdepartementet (KD) 07.06.2016 (revidert 30.06.2023), Rundskriv F-06-16: Forskrifter om rammeplaner for femårige grunnskolelærarutdanninger for 1-7 og 5-10 – rundskriv med merknader(KD 8.07.2016) og Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning trinn 1-7 (NRLU 1.09.2016). Masterutdanningane kan kvalifisere for opptak til ph.d-programmet "Studier av danning og didaktiske praksiser" ved HVL.
Masterstudiet gir studenten solid pedagogisk, fagleg og didaktisk kompetanse, som kvalifiserer for forskingsbasert yrkesutøving og kontinuerleg profesjonell utvikling.
Lærarutdanninga er retta mot dei oppgåvene studenten vil møte i sitt daglege arbeid som lærar, og skal fremje personleg danning hos studenten. Gjennom studentens refleksjonar skal fagstudia, praksisopplæringa og students erfaring og øvingar danne ein heilskap.
Læringsutbytte
Etter fullført lærarutdanning skal kandidaten ha oppnådd følgjande overordna læringsutbytte:
Kunnskap
Kandidaten
- har avansert kunnskap enten i eit valt undervisningsfag og fagets didaktikk eller i profesjonsretta pedagogikk/spesialpedagogikk
- har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
- har brei profesjonsretta kunnskap i dei andre faga som inngår i utdanninga
- har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, og vitskapelege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
- har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, om samanhengen i utdanningsløpet barnehage-skule, om overgangen frå barnehage til skule og frå barnetrinn til ungdomstrinn
- har inngåande kunnskap om begynnaropplæring, grunnleggande ferdigheiter, vurderings- og kartleggingsverktøy, klasseleiing og vurdering av elevars læring og kva som fremjar læring i faga
- har inngåande kunnskap om læringsteori og barn si utvikling, danning og læring i ulike sosiale, språklege, religiøse og kulturelle kontekstar
- har kunnskap om barn i vanskelege livssituasjonar, til dette høyrer kunnskap om mobbing, skulevegring, psykisk helse, vald og seksuelle overgrep mot barn, gjeldande lovverk og barn sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
- har brei kunnskap om lærarprofesjonen, faga sin eigenart og historie, og forståing av skulen si utvikling som organisasjon, skulen sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, aleine og saman med andre
- kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande læreplanar
- kan setje i verk tidleg innsats og sikre progresjon i eleven si utvikling av grunnleggande ferdigheiter og fagkompetanse, med særskild vekt på begynnaropplæring i lesing, skriving og rekning
- kan skape inkluderande og helsefremjande læringsmiljø i nært samarbeid med føresette, skule og andre samarbeidspartnarar som bidrar til gode faglege, sosiale og estetiske læringsprosessar
- kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader og behov, bruke varierte undervisningsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
- kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
- kan analysere og sjå kritisk på nasjonal og internasjonal forsking og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
- kan åleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid, for kontinuerleg å utvikle eigen og skulen sin kollektive praksis, i tillegg til å gjennomføre avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing
- kan identifisere teikn på mobbing, skulevegring og psykiske utfordingar og raskt setje i verk naudsynte tiltak og etablere samarbeid med relevante faginstansar
- kan identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep og kjenne til korleis nødvendige tiltak skal setjast i verk
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved arbeidet i skulen, bidra til forståing av samane sin status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og berekraftig utvikling
- kan bidra til at skulens og samfunnets etniske, religiøse og seksuelle mangfald blir anerkjent
- kan initiere og ivareta eit godt skule-heim-samarbeid, og samarbeide med andre aktørar som er relevante for skulen si verksemd
- meistrar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan nytte språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
- kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga og har profesjonsfagleg digital kompetanse
- kan identifisere, analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og bidra til utvikling av fagleg fellesskap på den einskilde skulen
- kan bidra i innovasjonsprosessar knytt til skulen si verksemd og legge til rette for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa
Innhald
Innhaldet i studiet kjem fram i studieprogramplanen og emneplanane for fag og praksis.
Gjennom studiet får studenten høve til å utvikle seg til ein profesjonell lærar gjennom samhandling og refleksjon med dyktige og kvalifiserte fagpersonar og medstudentar på campus og i praksis. Integrasjon og heilskap i utdanninga vert i programmet fremja ved at lærarutdanningsfaga, vitskapsteori og metode og praksis er fordelt over semester og studieår på ein slik måte at studenten erfarer heilskap og progresjon i utdanninga. Profesjonsrettinga vert realisert i faga og i samspelet mellom fag og praksis. Studiet inneheld profesjonsfaglege og fagovergripande tema som er knytt til fag og praksis.
Tverrfaglege tema som inngår i studenten si utdanning
For at lærarar skal vere kvalifiserte til å utføre omfattande og samansette oppgåver sjølvstendig og i samarbeid med andre, tar utdanninga hand om fleire sentrale perspektiv og tverrfaglege tema. Dei tverrfaglege tema begynnaropplæring, grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring og vurdering går inn i alle fag og i praksis. Korleis det einskilde faget arbeider med desse temaa går fram av emneplanane og vert utdjupa og presisert i undervisnings-/semesterplanar.
Begynnaropplæring
Studenten skal etter fullført utdanning ha inngåande kunnskap om begynnaropplæringa, med særleg vekt på grunnleggande lese-, skrive- og matematikkopplæring. Kvart fag i studieprogrammet legg vekt på begynnaropplæring, som gir grunnlaget for elevane si utvikling og føresetnader for vidareutvikling av fagkunnskap.
Tilpassa opplæring
Studenten skal etter fullført utdanning ha kunnskap om tilpassa opplæring. Retten til tilpassa opplæring er forankra i opplæringslova og dreier seg både om tilpassa ordinær undervisning og spesialundervisning. Kunnskap om lovverket er sentralt. Tilpassa opplæring er kjenneteikna av variasjon, for eksempel gjennom arbeidsoppgåver, lærestoff, intensitet i opplæringa, organisering av opplæringa, læremiddel og arbeidsmåtar. Opplæringa skal tilpassast den einskilde elev sine evner og føresetnader, og utdanninga må sikre at studenten tileignar seg kompetanse i å tilpasse opplæringa til mangfaldet i elevgruppa. Inkludert i dette er kunnskap om elevar sin rett til fritak frå læreplanen som medfører utvikling av individuelle opplæringsmål.
Vurdering
Studenten skal etter fullført utdanning kunne utvikle og kommunisere tydelege mål for opplæringa, vurdere elevane sitt læringsutbytte, gi elevane fagleg relevante tilbakemeldingar og legge til rette for elevane sine eigenvurderingar. Alle fag i grunnskulelærarutdanninga skal gi opplæring i å analysere og vurdere elevane sine læringsprosessar og resultat, og i å gi tilbakemeldingar som støttar deira læring. Studenten må også forstå og kunne bruke resultat frå ulike prøvar, kartleggingsverktøy og kvalitetsvurderingssystem i oppfølginga av elevane si læring og utvikling.
Grunnleggande ferdigheiter
Dei grunnleggande ferdigheitene å kunne lese, skrive, rekne og bruke munnlege og digitale ferdigheiter er både ein føresetnad for utvikling av fagkunnskap og ein del av fagkompetansen i alle fag. Kvart einskilt fag har ansvar for at studenten får kunnskap om korleis ein kan arbeide med elevane si utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene. Utdanninga skal fremje utvikling av elevane sine grunnleggande ferdigheiter på faga sine premissar. Skal elevane i skulen utvikle sine grunnleggande ferdigheiter, må lærarane ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse på desse områda og sjå dette som si oppgåve gjennom heile grunnopplæringa.
Praksisopplæring
I utdanninga vert det lagt stor vekt på å knyte teori og praksis saman for å utvikle studenten sin læraridentitet. I emneplanane for praksis skildrar læringsutbytteformuleringane tydelege krav til progresjon i studenten sin profesjonskunnskap for kvart av studieåra. Frå å ha ei rolle som observatør i starten, skal studenten gradvis kunne ta eit stadig større ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning. Samstundes må studenten gjennom alle fem åra få høve til å utvikle eit stadig meir avansert, analytisk og reflektert forhold til eiga utvikling og til det å vere lærar. Danning, i tydinga kritisk refleksjon og profesjonsforståing, vil slik sett stå sentralt i studenten si utvikling og arbeid knytt til praksisopplæring i alle dei fem studieåra. Praksis vert nærare omtala i programplanen side 12.
Kommunikasjonsferdigheiter
Gode kommunikasjonsferdigheiter er ein viktig del i profesjonskompetanse. Profesjonelle kommunikasjonsferdigheiter er avgjerande for god samhandling mellom lærar og elev, føresette, kollegaer og eksterne samarbeidspartar. Utvikling av gode kommunikasjonsferdigheiter er vidare tett knytt til kontaktlærarrolla. Utvikling av slike kommunikasjonsferdigheiter vil bli utvikla gjennom studiet. Progresjonen på dette området er mellom anna ein del av praksisopplæringa.
Profesjonsfagleg digital kompetanse
IKT er knytt til arbeid med alle fag i utdanninga. Sentralt i IKT er omgrepet profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). Dette kan skildrast som kunnskap om, haldningar til og ferdigheiter i bruk av digitale verktøy, medium og ressursar på ein forsvarleg og føremålstenleg måte i profesjonssamanheng. Ein del av PfDK er den faglege og fagdidaktiske, digitale kompetansen som omfattar lærarens evne til å integrere digital kompetanse og bruke digitale verktøy, medium og ressursar i læringsprosessar. Området omfattar også kompetanse om korleis teknologiutviklinga påverkar faginnhald og arbeidsformer i ulike fag- og kompetanseområde, i tillegg til utvikling av elevane sin digitale kompetanse. PfdK skal også gi studenten kunnskap om skulerelaterte fagområde og korleis læraren kan nytte sin digitale kompetanse i arbeidsoppgåver som ikkje er direkte knytt til undervisningspraksis.
FoU i studieløpet
Studenten skal utvikle forskings- og utviklingskompetanse (FoU) gjennom syklus 1 og syklus 2. Studenten skal etter fullført utdanning ha inngåande kunnskap om nasjonalt og internasjonalt forskings- og utviklingsarbeid (FoU) med relevans for lærarprofesjonen slik at han/ho som lærar kan ta i bruk ny kunnskap og vidareutvikle både seg sjølv, profesjonen og arbeidsplassen sin etter fullført utdanning. I studieprogramplanen for grunnskolelærarutdanning 1-7 ved HVL er det lagt inn ein progresjon i utviklinga av studenten sin FoU-kompetanse. Studenten vert introdusert for vitskapsteori og metode første året i utdanninga, og både vitskapsteoretiske tema og undervisning i ulike metodar har ein progresjon gjennom heile studiet. For å sikre god progresjon og høg kompetanse i FoU skal studenten ved HVL møte varierte arbeidsmåtar, tilnærmingar og innhald i utdanninga. FoU-kompetanse skal utviklast både på høgskulen og i praksisfeltet i samarbeid mellom pedagogikk og elevkunnskap (PEL) og undervisningsfag. Arbeid med FoU blir såleis integrert og gjennomgåande i det femårige masterløpet. Studenten si FoU-oppgåve og/eller masteroppgåve kan knytast både til prosjekt innanfor HVL sine forskargrupper, til eit sjølvstendig forskingsarbeid eller til utviklingsarbeid i skulen. Masteroppgåva ved HVL er profesjonsretta og praksisorientert. Arbeidet med masteroppgåva er det siste steget i kompetanseutviklinga på FoU-området, og både arbeidsprosessen, kommunikasjonen om faglege problemstillingar og sjølve FoU-produktet er viktige komponentar i studenten si læring.
Fagovergripande tema
Dei fagovergripande temaa er psykososialt læringsmiljø, vald og seksuelle overgrep, det fleirkulturelle samfunnet, medborgarskap, samiske forhold og samiske elevar sine rettar, berekraftig utvikling, estetiske læreprosessar, profesjonsetikk, heilskapleg seksualundervisning og foreldresamarbeid. Desse temaa er behandla gjennom studieløpet i form av profesjonsøkter. Profesjonsøktene har studentaktive læringsformer, og det er derfor obligatorisk deltaking. Dette går fram av emneplanane for profesjonsøktene.
Forskingsforankring
All undervisning i den femårige grunnskulelærarutdanninga er forskings- og utviklingsbasert. Dette vert sikra gjennom den faglege kompetansen til dei som underviser, og gjennom val av undervisningsmåte, pensumlitteratur, arbeidskrav og vurderingsform. Alle emneplanar er bygt opp med dette som utgangspunkt, og oppdatering og kontinuerleg utvikling sikrar at studiet held seg oppdatert. Kritisk og sjølvstendig tenking er ein sentral del av all læringsaktivitet, og studenten si evne til å opptre sjølvstendig som reflektert og kunnskapsrik profesjonsutøvar vert øvd opp på fleire måtar. Studenten sitt sjølvstende innanfor FoU-arbeid er visualisert gjennom FoU-trappa, der studenten startar med ei orienterande tilnærming til fagstoffet, og held fram med ein tydeleg progresjon i både forskingsmetode og i vitskapsteori. Gjennom rettleia FoU-arbeid og ulike former for akademisk skriving utviklar studenten seg til å bli reflekterande deltakarar i kunnskapsproduksjon innanfor sin profesjon i løpet av dei fem studieåra.
FoU-oppgåve
FoU-oppgåva er lagt til 3. år i studiet og har eit omfang tilsvarande 7,5 studiepoeng. Oppgåva blir skriven i samarbeid mellom eitt av undervisningsfaga og pedagogikk og elevkunnskap. Oppgåva skal vere profesjonsretta og knytast til arbeid i klasserommet eller andre sider ved skulen si verksemd. Samarbeid mellom pedagogikk og elevkunnskap og undervisningsfaga vert sikra gjennom fellesrettleiing av oppgåva, som vert organisert i kombinasjon med grupperettleiing og individuell rettleiing.
Læringsutbytta for FoU-oppgåva er skildra i emneplanane. Oppgåva må vere bestått før studenten kan begynne på masteroppgåva. For studentar som reiser på utveksling vårsemesteret i 3. år, der FoU-oppgåva er lagt, vil eit sjølvstendig skriftleg arbeid på utvekslingsinstitusjonen bli godkjent som FoU-oppgåve. Oppgåvene bør fortrinnsvis inngå i dei emna som er godkjende på førehand. Etter avtale med emneansvarleg, kan ei oppgåve basert på utvekslingserfaringa godkjennast etter nærare kriterium.
Masteroppgåve
Masteroppgåva er lagt til 5. studieår og har eit omfang på 45 studiepoeng. Vitskapsteori og metode utgjer grunnlaget for studenten sitt arbeid med masteroppgåva. Oppgåva skal vere profesjonsretta og praksisorientert. Masteroppgåva i undervisningsfag skal ha solid forankring i fag og fagdidaktikk, og kan i tillegg omfatte element frå pedagogikk og spesialpedagogikk. Masteroppgåva i profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk skal vere orientert mot arbeid i klasserommet og bør knytast til undervisning og læring i fag. Masteroppgåva skal vere eit forskingsbasert skriftleg arbeid der studenten formulerer og svarar på ei vald problemstilling. Masteroppgåva kan også skrivast i par med medstudent etter avtale med rettleiar. Læringsutbytta for masteroppgåva går fram av eigen emneplan i masterfaga. Det er utvikla retningslinjer for arbeid med masteroppgåva ved lærarutdanningane ved HVL. Vurderingsform: skriftleg masteroppgåve.
Forskargrupper for faglærarar er eit viktige forum for FoU-verksemd og er arenaer for utvikling og gjennomføring av små og store prosjekt, kompetanseheving, felles diskusjon og drøfting, så vel som utforsking av nye tema. Det vert lagt til rette for at studenten kan delta aktivt i FoU-verksemda og gjennom dette få utvikle sin eigen FoU-kompetanse mellom anna gjennom masteroppgåva.
Praksis
Praksisstudiet er ein integrert del av alle fag i utdanninga. Heilskap og integrasjon i ei profesjonsretta grunnskulelærarutdanning viser samanheng i lærarutdanningsfaga, praksis og FoU-arbeid. Progresjonen i praksis går fram av progresjonstrappa og er sett i samanheng med andre tema i trappa (sjå fig. 1).
Praksisstudiet er ein arena for systematisk læring og øving der lærarutdannarar ved praksisskulane og høgskulen i samarbeid legg til rette for øvingssituasjonar og rettleiing. Nærleik og samanheng i grunnskulelærarutdanninga føreset nært samarbeid for å skape samanheng mellom teori og praksis. Det er derfor fleire formaliserte samarbeidsarenaer mellom høgskulen og praksisskulane i samband med praksisstudiet. Lærarutdannarar ved høgskulen og praksisskulen er likeverdige partnarar, men med ulike ansvarsområde for studenten si profesjonsutvikling. Alle aktørane som er involverte i praksisopplæringa, har eit ansvar for å bidra til at målsetjingane for praksis vert oppfylte. Aktørane skal setje seg inn i retningslinjene for praksis og aktuelle emneplanar for dei einskilde praksisperiodane.
• Retningslinjer for praksis ved HVL
Modell for praksisorganisering
Praksisstudiet består av 110 dagar rettleia, variert og vurdert praksis og 5 dagar observasjonspraksis. Praksisopplæringa følgjer nasjonale retningslinjer med 5 dagar observasjonspraksis og 80 dagar rettleia, variert og vurdert praksis i syklus 1 og 30 dagar rettleia, variert og vurdert praksis i syklus 2. Fem dagar av praksis skal vektlegge overgangen mellom barnehage og skule, og bør ifølge forskrifta §3.9 leggjast til barnehage. Studentar kan søke om ytterlegare inntil 5 dagar praksis i barnehage. Studiemodellen og modell for praksisorganisering opnar for praksis i utlandet.
Normalmodellen viser fordeling av praksisdagar på år og semester (tab. 2). All praksis er rettleia, variert og vurdert med unntak av observasjonspraksis.
Innhald i praksisstudium
Syklus 1 (1. - 3. år)
Første studieår er hovudtemaet for praksisopplæringa lærarrolla. Hovudtemaet i andre studieår er eleven, elevmangfaldet og elevane sitt møte med skule og fag. Studenten arbeider vidare med tema frå første studieår. Tredje studieår vil studenten arbeide vidare med hovudtema frå første og andre studieår. Eit nytt hovudtema for praksisopplæringa er skulen som organisasjon og det profesjonelle fellesskapet.
Hovudtema:
- Utvikling av eigen læraridentitet og relasjonskompetanse
- Lærararbeidet i møte med det fleirkulturelle klasserommet
- Læringsleiing/klasseleiing
- Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
- Tilpassa opplæring og læringsfremjande vurdering
- Skulen som organisasjon og samarbeid med andre institusjonar
- Begynnaropplæring
- Kontaktlærarrolla
Syklus 2 (4. - 5. år)
Dei to siste studieåra skal studenten vidareutvikle lærarkompetansen sin. Hovudtema i fjerde og femte studieår vil vere ei vidareføring av hovudtema frå syklus 1. I tillegg vil forskings- og utviklingsarbeid som omfattar faglege vurderingar, analyse og refleksjon stå i fokus. Praksisstudiet skal i syklus 2 gi ein meir inngåande kunnskap om læreprosessar, læraren si tilrettelegging for læring av fag og forskings- og utviklingsarbeid.
Hovudtema:
- Læringsleiing og djupare forståing av elevmangfald
- Forskings- og utviklingsarbeid relatert til skule
- Utvikling av endringskompetanse
- Den profesjonelle læraren
Læringsutbytteformuleringar og arbeidskrav er skildra i plan for praksis og i emneplanane for praksis.
Vurdering av praksis
Praksisskulane har på lik linje med høgskulen eit ansvar for å hjelpe studenten i utviklinga av profesjonskompetanse gjennom praksisopplæringa. Læringsutbytteformuleringar og arbeidskrav er skildra i emneplanane for praksis, og dette er grunnlaget for vurdering av studenten i praksis. Praksis vert vurdert som bestått/ikkje bestått. Bestått praksisopplæring er eit krav for å få vitnemål.
Arbeidsformer
Det skal vere progresjon i arbeidsformene frå å bidra til at studenten har, kan gjere greie for og bruke kunnskap til at studenten kan vise kritisk refleksjon, analyse, metakognitiv kompetanse og sjølvstende. Dette krev at studentane deltar aktivt i undervisninga. Studenten får øving i å stille kritiske spørsmål, søke fagkunnskap, kunne kritisk vurdere, gjere seg nytte av og vidareformidle kunnskap både munnleg og skriftleg. Studenten får erfaring med varierte undervisningsformer og læringsaktivitetar som integrerer fag, fagdidaktikk og praksis. Slik oppnår studenten heilskap og samanheng i studiet. Undervisninga og arbeidsformene speglar og bidrar til å utvikle dei læringsperspektiva som læreplanverket for grunnskulen formidlar. Arbeidsformer og progresjon i desse går fram av emneplanane og arbeid med tverrfaglege tema.
Vurderingsformer
Vurderingsformene i grunnskulelærarutdanninga ved HVL er lagt opp slik at studenten får vurdering i fag og praksis. Gjennom kvalitetssikringssystemet vil HVL sikre progresjon og varierte vurderingsformer gjennom heile studieløpet, i og mellom fag og semester. Vurderingsformene er tilpassa både dei overordna læringsutbytta studenten skal ha nådd ved fullført utdanning, og varierte og studentaktive læringsformer som studenten møter i studiet. Progresjonen i vurderinga er sikra gjennom vurderingsordningar som er tilpassa læringsutbytteformuleringane slik dei er omtala i syklus 1 og syklus 2 i emneplanane og i programplanen. Vurderingsordningane er også tilpassa studenten si profesjonelle utvikling i lærarutdanningsfaga.
Som ein del av profesjonsutdanninga skal studenten utvikle vurderingskompetanse, og dei vurderingsformene dei sjølve møter, er ein del av grunnlaget for ein slik kompetanse. Derfor skal dei møte varierte vurderingsordningar og vurderingsformer slik dei blir praktiserte i skulen. Studenten skal øve opp eigenvurdering og erfare vurdering frå medstudentar. Gjennom studiet skal studenten utvikle evne til å ta imot og gi rettleiing.
Vurdering omfattar all formell prøving, det vil seie både vurdering undervegs, til dømes gjennom obligatoriske arbeidskrav og praksis, og sluttvurdering, som skriftleg, munnleg og praktisk-metodisk eksamen. Vurderingsordningane går fram av den einskilde emneplan. Vurderingsforma for masteroppgåva er lik for alle fag: skriftleg masteroppgåve.
Det vert nytta bokstavkarakterar A-F, der A er beste ståkarakter og E dårlegaste ståkarakter. F er strykkarakter. Det vert også nytta karakterane Bestått / Ikkje bestått.
Obligatoriske læringsaktivitetar
Emneplanane skildrar obligatoriske læringsaktivitetar og vurderingsformer. Semesterplanane utdjupar desse. Emneplanane fastset obligatoriske læringsaktivitetar som må vera godkjende før studenten får gå opp til eksamen. Obligatoriske læringsaktivitetar vert vurdert til godkjent/ ikkje godkjent. Studenten har to forsøk på å få godkjent ein obligatorisk læringsaktivitet dersom ikkje anna er nemnt i emneplanen. Obligatorisk frammøte kjem fram av den einskilde emneplan og er oppgitt i prosent. Alle obligatoriske læringsaktiviteter i eit emne må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen. Konkretisering av arbeidskrava vil ein finne i semesterplanane for kvart studieår/semester.
Skikkavurdering
Skikkavurdering skal avdekke om studenten har dei naudsynte føresetnadene for å kunne utøve yrket. Ein student som utgjer ein mogeleg fare for liv, fysisk og psykisk helse, rettar og sikkerheit til elevar eller andre studenten vil kome i kontakt med under praksisstudia eller under framtidig yrkesutøving, er ikkje skikka for yrket. Kontinuerleg skikkavurdering av alle studentar skal gå føre seg gjennom heile studiet og skal inngå i ei heilskapsvurdering av studenten sine føresetnader for å kunne fungere i yrket. Dersom det er grunngjeven tvil om ein student er skikka, skal det gjerast ei særskilt skikkavurdering. Forvaltningslova sine reglar om sakshandsaming gjeld ved særskilt skikkavurdering. Studenten får informasjon om institusjonen sine reglar for om ein student er skikka.
Sjå lenker til følgjande lovverk:
- Forskrift om skikkavurdering
- Rundskriv F-07-16 forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning
- Informasjon om skikkavurdering ved HVL
Krav til studieprogresjon
Studenten må ha bestått praksis på eitt årstrinn før studenten kan halda fram med studiet på neste årstrinn. Det kan gjerast unntak frå denne regelen dersom studenten på grunn av godkjent fråvær manglar noko praksis, og fullføringa av praksis kan gjennomførast i byrjinga av påfølgjande studieår. Andre krav til studieprogresjon går fram av Forskrift om studium og eksamen ved HVL og emneplanar.
Internasjonalisering
Høgskulen på Vestlandet har i dag mange avtalar med internasjonale institusjonar som kan tilby studieplassar over heile verda. Internasjonalisering kjem også fram ved internasjonale og fleirkulturelle dimensjonar i studiet, kjennskap til internasjonal utdanningspolitikk, engelskspråkleg pensum og forskingsartiklar, gjennom fagleg diskurs i internasjonale digitale arenaer og ved bruk av utanlandske gjesteforskarar/førelesarar.
Institusjonen vil oppfordre og legge til rette for studentutveksling. Det er lagt til rette for utveksling i syklus 1 og 2. I syklus 1 kan det vere mogleg med utveksling i 4. ,5. og 6. semester, mens i syklus 2 er det aktuelt med internasjonalisering i 7., 8. og 9. semester.
Studenten får tilbod om utveksling i nokre av dei same miljøa som fagtilsette har internasjonalt forskarfellesskap med.
Organisering
Grunnskulelærarutdanning trinn 1-7 med master har eit omfang på 300 studiepoeng over fem år (heiltid) og inkluderer 110 dagar rettleia praksis og 5 dagar observasjonspraksis. Den obligatoriske delen av utdanninga er på 120 studiepoeng og 180 studiepoeng til val av fag. Studenten skal ha 4 undervisningsfag, eller 3 undervisningsfag og eit skulerelevant fag (kan mellom anna vera spesialpedagogikk eller profesjonsretta pedagogikk). Saman med praksis er dei obligatoriske faga:
- Pedagogikk og elevkunnskap, 60 studiepoeng
- Norsk, 30 studiepoeng
- Matematikk, 30 studiepoeng
1.- 3. studieår:
- 5 dagar observasjonspraksis
- 80 dagar praksis som er rettleia, variert og vurdert
- Pedagogikk og elevkunnskap, 30 studiepoeng
- Norsk, del 1, 30 studiepoeng
- Matematikk, del 1, 30 studiepoeng
- Valt undervisningsfag, del 1, 30 studiepoeng
Semester 5:
Fag 4:
- Nytt undervisningsfag eller skulerelevant fag, 30 studiepoeng eller
- Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng
Semester 6:
Undervisningsfag, del 2, 30 studiepoeng
Masterfag dei første 3 studieåra:
- Undervisningsfag, 60 studiepoeng (30+30), eller
- Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng, som saman med pedagogikk og elevkunnskap utgjer 60 studiepoeng i 1.-3. studieår
4. - 5. studieår:
- Minst 30 dagar praksis, rettleia, variert og vurdert
- Pedagogikk og elevkunnskap 30 studiepoeng
- Undervisningsfag som masterfag 90 studiepoeng eller
- Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk som masterfag 60 studiepoeng, og undervisningsfag 30 studiepoeng, som bygger på 60 studiepoeng i 1.-3. år.
Kvart emne er på 15 studiepoeng med unntak av masteroppgåva som er på 45 studiepoeng.
Studiemodell for GLU 1. - 7. trinn
Modellen viser kvar i løpet dei obligatoriske og valfrie faga går. Kva fag som tilbydast som fag 1 er avhengig av kva campus studenten går på. Fag 4 blir tilbydd som vestlandsklasse. Praksisorganiseringa blir omtalt under overskrifta praksis.
Fag 1, pedagogikk og elevkunnskap (PEL), norsk og matematikk går dei to første åra. Fag 1 vil vere det faget som studenten skal ha i tillegg til dei obligatoriske faga PEL, norsk og matematikk. Hausten tredje år kan studenten velje nytt undervisningsfag eller skulerelevant fag på 30 studiepoeng. Det kan også vere spesialpedagogikk eller profesjonsretta pedagogikk som saman med PEL dei to første åra gir grunnlag for vidare masterstudium fjerde og femte året. Vårsemesteret tredje år vil vere del to av eitt av undervisningsfaga 1, 2 eller 3, som dannar grunnlag for vidare masterstudium fjerde og femte året. FoU-oppgåva er lagt til dette semesteret.
Det blir i modellen lagt vekt på forskrifta si presisering av heilskap, integrasjon og samanheng mellom fag, fagdidaktikk, PEL og praksisstudium. I modellen kjem dette mellom anna fram gjennom plassering av PEL i åttande og niande semester, og ved at det er to fag per semester dei første to åra i GLU1-7 (sjå tab. 1). Grunnskulelærarutdanning trinn 1.-7. har eit særleg fokus i heile studieløpet på begynnaropplæringa og kontaktlærarrolla.
Faga i utdanninga og masterfag
Høgskulen på Vestlandet tilbyr integrert masterutdanning i undervisningsfag og pedagogiske fag. Mange ulike fag kan inngå i HVL si Grunnskulelærarutdanning trinn 1-7, og tilbodet vil variere mellom studiestadane. Dei nasjonale retningslinjene beskriv innhaldet i faga. HVL sine emneplanar gjev meir detaljert informasjon om dei ulike delane av faget. På syklus 2 har Høgskulen på Vestlandet fått godkjenning for mastertilbod i følgjande fag: matematikk fagdidaktikk, begynnaropplæring matematikk, norsk, begynnaropplæring norsk, engelsk, samfunnsfag, KRLE, mat og helse, musikk, kunst og handverk, naturfag, kroppsøving, profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk.
Skulerelevante fag
Med skulerelevante fag meiner ein fag som er relevante for undervisning i grunnskulen. Faget skal vere retta mot funksjonar og oppgåver i grunnskulen. Skulerelevante fag blir tilbydd gjennom vestlandsklasser i femte semester.
Campusovergripande studietilbod - vestlandsklasser
Alle studietilbod i femte semester er variantar av vestlandsklassar, det vil seie studietilbod som er felles for alle tre campusane. Vestlandsklassar er vanligvis studietilbod som kombinerer digital og fysisk undervisning på campus, men det kan òg være heildigitale undervisningstilbod.