Studieplan - Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn
Hausten 2023
Om oppbygging av utdanninga
Høgskulen på Vestlandet (HVL) sine grunnskulelærarutdanningar følgjer Forskrift om rammeplan for grunnskolelærerutdanning for trinn 5-10 fastsett av Kunnskapsdepartementet (KD) 07.06.2016 (revidert 30.06.2023),Rundskriv F-06-16: Forskrifter om rammeplaner for femårige grunnskolelærarutdanninger for 1-7 og 5-10 – rundskriv med merknader (KD 8.07.2016) og Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanning 5-10 (NRLU (NRLU 17.10.2018) Masterutdanningane kan kvalifisere for opptak til ph.d.-programmet "Studier av danning og didaktiske praksiser" ved HVL.
Høgskulen på Vestlandet har ein fagleg brei profil som tilbyr ei heilskapleg, integrert, profesjonsretta og forskingsbasert femåring grunnskulelærarutdanning for trinn 5-10. Utdanninga tilbyr masterstudium i ei lang rekke profesjonsretta lærarutdanningsfag med tverrfaglege tema sentralt plasserte i faga.
Samfunnet stiller høge krav til lærarar, og regionane vil ha auka behov for lærarar med høg kompetanse. som kvalifiserer for undervisning på trinn 5-10 i grunnskulen. Utdanninga er profesjonsretta og tar utgangspunkt i læraren sitt arbeidsfelt og bygger på opplæringslova og gjeldande læreplanar for grunnskulen. I masterstudiet skal studenten tileigne seg kunnskap og innsikt gjennom undervisning og anna studiearbeid på høgskulen, bruke grunnskulen som læringsarena i praksisopplæringa, og i sitt eige refleksjonsarbeid bygge sin eigen lærarkompetanse.
HVL skal styrke studenten sin kompetanse og ferdigheit til å virke i eit profesjonsfellesskap. Masterstudiet gir studenten solid pedagogisk, fagleg og didaktisk kompetanse, som kvalifiserer for forskingsbasert yrkesutøving og kontinuerleg profesjonell utvikling.
Fagstudia, praksisopplæringa og studenten sine refleksjonar skal danne ein heilskap og rettast mot dei oppgåvene studenten seinare vil møte i sitt daglege arbeid som lærar, og skal samtidig fremje personleg danning hos studenten. Høgskulen på Vestlandet vil styrke samarbeidet med praksisskulane og drive profesjonsretta forskings- og utviklingsarbeid (FoU) med fokus på arbeidet i klasserommet.
Læringsutbytte
Etter fullført utdanning skal kandidaten ha oppnådd følgjande overordna læringsutbytte:
Kunnskap
Kandidaten
- har avansert kunnskap enten i eit valt undervisningsfag og fagets didaktikk eller i profesjonsretta pedagogikk/spesialpedagogikk
- har spesialisert innsikt i eit avgrensa fagområde (masteroppgåva)
- har brei profesjonsretta kunnskap i dei andre faga som inngår i utdanninga
- har inngåande kunnskap om relevant forsking og teori, og vitskaplege tenkemåtar, forskingsmetodar og etikk
- har inngåande kunnskap om gjeldande lov- og planverk for grunnopplæringa, om samanhengen i utdanningsløpet frå barnetrinn til ungdomstrinn og om overgangen frå ungdomstrinn til vidaregåande opplæring
- har inngåande kunnskap om vidareutvikling av grunnleggande ferdigheiter, vurderings- og prøvesystem, klasseleiing og vurdering av elevar si læring og kva som fremjar læring i faga
- har inngåande kunnskap om læringsteoriar og barn og unge si utvikling, danning og læring i ulike sosiale, språklege, religiøse og kulturelle kontekstar
- har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar, til dette høyrer kunnskap om mobbing, vald og seksuelle overgrep mot barn og unge, gjeldande lovverk og barn og unge sine rettar i eit nasjonalt og internasjonalt perspektiv
- har brei kunnskap om lærarprofesjonen, faga sin eigenart og historie, og forståing av skulen si utvikling som organisasjon, skulen sitt mandat, verdigrunnlag og plass i samfunnet.
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan undervise basert på forsking og erfaringskunnskap, åleine og saman med andre
- kan analysere, tilpasse og bruke gjeldande læreplanar
- kan sette i verk tidleg innsats og sikre progresjon i arbeid med elevar sine grunnleggande ferdigheiter og fag
- kan skape inkluderande og helsefremjande læringsmiljø som bidrar til gode faglege, sosiale og estetiske læringsprosessar
- kan analysere, vurdere og dokumentere elevar si læring, gi læringsfremjande tilbakemeldingar, tilpasse opplæringa til elevane sine føresetnader og behov, bruke varierte undervisningsmetodar og bidra til at elevane kan reflektere over eiga læring og utvikling
- kan vurdere og bruke relevante læremiddel, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
- kan analysere og sjå kritisk på nasjonal og internasjonal forsking og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga
- kan åleine, og i samarbeid med andre, bruke relevante metodar frå forskings- og utviklingsarbeid, for kontinuerleg å utvikle eigen og skulen sin kollektive praksis, i tillegg til å gjennomføre avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing
- kan identifisere teikn på mobbing, skulevegring og psykiske utfordringar og raskt sette i verk naudsynte tiltak og etablere samarbeid med relevante faginstansar
- kan identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep og kjenne til korleis nødvendige tiltak skal setjast i verk.
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan styrke internasjonale og fleirkulturelle perspektiv ved skulen sitt arbeid, bidra til forståing av samane sin status som urfolk og stimulere til demokratisk deltaking og berekraftig utvikling
- kan bidra til at skulens og samfunnets etniske, religiøse og seksuelle mangfald blir anerkjent
- kan initiere og ivareta eit godt skuleheim-samarbeid, og samarbeide med andre aktørar som er relevante for skulen si verksemd
- meistrar norsk munnleg og skriftleg, både bokmål og nynorsk, og kan nytte språket på ein kvalifisert måte i profesjonssamanheng
- kan på eit avansert nivå formidle og kommunisere om faglege problemstillingar knytt til profesjonsutøvinga og har profesjonsfagleg digital kompetanse
- kan analysere og vurdere relevante faglege og etiske problemstillingar og bidra til utvikling av fagleg fellesskap på den einskilde skule
- kan bidra i innovasjonsprosessar knytt til skulen si verksemd og legge til rette for at lokalt arbeids-, samfunns- og kulturliv vert involvert i opplæringa.
Innhald
Innhald
Innhaldet i studiet kjem fram i studieprogramplanen og emneplanane for fag og praksis. Grunnskulelærarutdanninga trinn 5-10 er ei 5-årig integrert, forskingsbasert og praksisnær profesjonsutdanning. Utdanninga har ein tydeleg masterprofil og stiller høge krav til forskings- og utviklingsarbeid. Grunnskulen skal utdanne eleven for livet og utvikle kompetanse for samfunnet. Læraren sine kunnskapar, haldningar og handlingar har mykje å seie for elevane si læring og sosiale utvikling. Lærarutdanninga ved Høgskulen på Vestlandet vil utdanne fagleg sterke og profesjonelle lærarar med kompetanse på masternivå.
Gjennom studiet får studenten høve til å utvikle seg til ein profesjonell lærar gjennom samhandling og refleksjon saman med dyktige og kvalifiserte fagpersonar og medstudentar på campus og i praksis. Integrasjon og heilskap i utdanninga vert i programmet fremja ved at lærarutdanningsfaga, vitskapsteori og metode og praksis er fordelt over semester og studieår på ein slik måte at studenten erfarer heilskap og progresjon i utdanninga. Profesjonsrettinga vert realisert i faga og i samspelet mellom fag og praksis. Studiet inneheld profesjonsfaglege og fagovergripande tema som er knytt til fag og praksis.
Tverrfaglege tema som inngår i studenten si utdanning
For at lærarar skal vere kvalifiserte til å utføre omfattande og samansette oppgåver sjølvstendig og i samarbeid med andre, tar utdanninga hand om fleire sentrale perspektiv og tverrfaglege tema. Utdanninga skal sikre progresjon, og for nokre tema vert dette illustrert gjennom ei progresjonstrapp (fig. 1). Dei einskilde faga har ei særskild rolle med å ta seg av innhaldskomponentar i tverrfaglege tema i sine emneplanar og i si undervisning.
Dei tverrfaglege temaa grunnleggande ferdigheiter, tilpassa opplæring og vurdering går inn i alle fag og plan for praksis. Korleis det einskilde faget arbeider med desse temaa, går fram av emneplanane og vert utdjupa og presisert i undervisnings-/semesterplanar. Desse er illustrert som ei pil i progresjonstrappa (fig. 1).
Praksisopplæring, FoU og profesjonsfagleg digital kompetanse er også tverrfaglege tema som går inn i alle fag og der progresjonen er sikra gjennom progresjonstrappa (fig. 1).
Dei fagovergripande temaa er tatt med i progresjonstrappa og er plasserte med eitt eller fleire tema på ulike år gjennom det femårige masterløpet (fig. 1).
Progresjonstrappa visualiserer progresjonen innan sentrale område:
- Praksisopplæring
- Forskings- og utviklingarbeid
- Profesjonsfagleg digital kompetanse
- Fagovergripande tema.
Innhald under overskriftene vil bli utdjupa i faga sine emneplanar eventuelt i eigne handlingsplanar eller tverrfaglege undervisningsopplegg. Sjå omtale av desse temaa under illustrasjonen. Det einskilde temaet må sjåast i samanheng med profesjonsretting i undervisningsfag, praksis og pedagogikk og elevkunnskap.
Kommunikasjonsferdigheiter kan sjåast i samanheng med fleire tema i progresjonstrappa. Kvart tema er nærare skildra i programplanen.
Tilpassa opplæring
Studenten skal etter fullført utdanning ha kunnskap om tilpassa opplæring. Retten til tilpassa opplæring er forankra i opplæringslova og dreier seg både om tilpassa ordinær undervisning og spesialundervisning. Kunnskap om lovverket er sentralt. Tilpassa opplæring er kjenneteikna av variasjon, for eksempel gjennom arbeidsoppgåver, lærestoff, intensitet i opplæringa, organisering av opplæringa, læremiddel og arbeidsmåtar. Opplæringa skal tilpassast den einskilde elev sine evner og føresetnader, og utdanninga må sikre at studenten tileignar seg kompetanse i å tilpasse opplæringa til mangfaldet i elevgruppa. Inkludert i dette er kunnskap om elevar sin rett til fritak frå læreplanen som medfører utvikling av individuelle opplæringsmål.
Vurdering
Studenten skal etter fullført utdanning kunne utvikle og kommunisere tydelege mål for opplæringa, vurdere elevane sitt læringsutbytte, gi elevane fagleg relevante tilbakemeldingar og legge til rette for elevane sine eigenvurderingar. Alle fag i grunnskulelærarutdanninga skal gi opplæring i å analysere og vurdere elevane sine læringsprosessar og resultat, og i å gi tilbakemeldingar som støttar deira læring. Studenten må også forstå og kunne bruke resultat frå ulike prøvar, kartleggingsverktøy og kvalitetsvurderingssystem i oppfølginga av elevane si læring og utvikling.
Grunnleggande ferdigheiter
Dei grunnleggande ferdigheitene å kunne lese, skrive, rekne og bruke munnlege og digitale ferdigheiter er både ein føresetnad for utvikling av fagkunnskap og ein del av fagkompetansen i alle fag. Kvart einskilt fag har ansvar for at studenten får kunnskap om korleis ein kan arbeide med elevane si utvikling av dei grunnleggande ferdigheitene. Utdanninga skal fremje utvikling av elevane sine grunnleggande ferdigheiter på faga sine premissar. Skal elevane i skulen utvikle sine grunnleggande ferdigheiter, må lærarane ha tilstrekkeleg fagleg kompetanse på desse områda og sjå dette som si oppgåve gjennom heile grunnopplæringa.
Praksisopplæring
Høgskulen på Vestlandet tilbyr ei heilskapleg og samanhengande 5-årig lærarutdanning med master. I utdanninga vert det lagt stor vekt på å knyte teori og praksis saman for å utvikle studenten sin læraridentitet. I emneplanane for praksis skildrar læringsutbytteformuleringane tydelege krav til progresjon i studenten sin profesjonskunnskap for kvart av studieåra. Frå å ha ei rolle som observatør i starten, skal studenten gradvis kunne ta eit stadig større ansvar for planlegging og gjennomføring av undervisning. Samstundes må studenten gjennom alle fem åra få høve til å utvikle eit stadig meir avansert, analytisk og reflektert forhold til eiga utvikling og til det å vere lærar. Danning, i tydinga kritisk refleksjon og profesjonsforståing, vil slik sett stå sentralt i studenten si utvikling og arbeid knytt til praksisopplæringa i alle dei fem studieåra. Gjennomgåande vil praksisopplæringa legge opp til prosessar der studenten skal gjere greie for eigne val med omsyn til planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning og læring. Utvikling av studenten sin forskings- og utviklingskompetanse er også ein del av praksisopplæringa. Masterfaget i samarbeid med pedagogikk og elevkunnskap har eit særleg ansvar for å ivareta den integrerte profesjonsutdanninga på høgare nivå og for å følgje opp studenten sitt forskingsbaserte praksisstudium. I syklus 2 (fjerde og femte studieåret) vil det vere fokus på å utvikle meir inngåande kunnskap om læreprosessar, lærararbeid og forskings- og utviklingsarbeid. Studenten skal utvikle evne til å analysere læringsarbeidet til eit mangfald av elevar med ulik bakgrunn og føresetnader. Med bakgrunn i teori og eksisterande forsking skal studenten utvikle evne til å analysere eige og andre lærarar si undervisnings-, forskings- og utviklingsverksemd. I praksis skal ein kunne gjere bruk av eigne og andre sine analysar med sikte på å gjere endringar til beste for eleven si faglege og sosiale utvikling.
FoU i studieløpet
Grunnskulelærarutdanninga ved HVL er forskingsbasert, og studenten skal utvikle forskings- og utviklingskompetanse gjennom syklus 1 og syklus 2. Studenten skal etter fullført utdanning ha inngåande kunnskap om nasjonalt og internasjonalt FoU-arbeid med relevans for lærarprofesjonen slik at han/ho som lærar kan ta i bruk ny kunnskap og vidareutvikle både seg sjølv, profesjonen og arbeidsplassen sin etter fullført utdanning. I grunnskulelærarutdanninga ved HVL er det lagt inn ein progresjon i utviklinga av studenten sin FoU-kompetanse. Studenten vert introdusert for vitskapsteori og metode første året i utdanninga og både vitskapsteoretiske tema og undervisning i ulike metodar har ein progresjon gjennom heile studiet. For å sikre god progresjon og høg kompetanse i FoU skal studenten ved HVL møte varierte arbeidsmåtar, tilnærmingar og innhald i utdanninga. FoU-kompetanse skal utviklast både på høgskulen og i praksisfeltet i samarbeid mellom pedagogikk og elevkunnskap (PEL) og undervisningsfag. Arbeid med FoU blir såleis integrert og gjennomgåande i det femårige masterløpet. Studenten si FoU-oppgåve og/eller masteroppgåve kan knytast både til prosjekt innanfor HVL sine forskargrupper, til eit sjølvstendig forskingsarbeid eller til utviklingsarbeid i skulen. Masteroppgåva ved HVL er profesjonsretta og praksisorientert. Arbeidet med masteroppgåva er det siste steget i kompetanseutviklinga på FoU-området, og både arbeidsprosessen, kommunikasjonen om faglege problemstillingar og sjølve FoU-produktet er viktige komponentar i studenten si læring. (Sjå også Forskingsforankring nedanfor.)
Kommunikasjonsferdigheiter
Utvikling av kommunikasjonsferdigheiter heng tett saman med temaa i progresjonstrappa. Når det gjeld FoU-kompetanse, er utviklinga av kommunikasjonsferdigheiter fletta saman med innføring i vitskapsteori og metode og med ei innføring i akademisk skriving og lesing. Ved å legge vekt på koplingar mellom akademisk tenkemåte og akademisk kommunikasjon vil ein lettare kaste lys over samanhengar mellom språk og handling i vitskaplege samanhengar. Vidare i studiet er lesing, skriving og formidling knytt til utvikling av den kritiske refleksjonen, og den vert knytt tettare på arbeidet fram mot FoU-oppgåva i 3. året. Både munnleg og skriftleg kommunikasjon er bygt inn via krav til munnleg presentasjon av både FoU-oppgåva og masteroppgåva. Styrking av det internasjonale perspektivet og utveksling vil gi studenten høve til å utvikle kommunikative ferdigheiter på fleire språk og i ulike kulturar.
Skriftlege kommunikasjonsferdigheiter, bokmål og nynorsk, vert sikra gjennom ei obligatorisk prøve for dei som ikkje har valt undervisningsfaget norsk. Denne må vere greidd for å få godkjent vitnemål.
Ein annan viktig innfallsvinkel til kommunikasjon vert knytt til profesjonskompetanse. Profesjonelle kommunikasjonsferdigheiter er avgjerande for god samhandling mellom lærar og elev, føresette, kollegaer og eksterne samarbeidspartar. Utvikling av gode kommunikasjonsferdigheiter er vidare tett knytt til kontaktlærarrolla. Utvikling av slike kommunikasjonsferdigheiter vil bli utvikla gjennom studiet. Progresjonen på dette området er mellom anna ein del av praksisopplæringa.
Profesjonsfagleg digital kompetanse
IKT er knytt til arbeid med alle fag i utdanninga. Sentralt i IKT er omgrepet profesjonsfagleg digital kompetanse (PfDK). Dette kan skildrast som kunnskap om, haldningar til og ferdigheiter i bruk av digitale verktøy, medium og ressursar på ein forsvarleg og føremålstenleg måte i profesjonssamanheng. Ein del av PfDK er den faglege og fagdidaktiske, digitale kompetansen som omfattar lærarens evne til å integrere digital kompetanse og bruke digitale verktøy, medium og ressursar i læringsprosessar. Området omfattar også kompetanse om korleis teknologiutviklinga påverkar faginnhald og arbeidsformer i ulike fag-og kompetanseområde, i tillegg til utvikling av elevane sin digitale kompetanse. PfdK skal også gi studenten kunnskap om skulerelaterte fagområde og korleis læraren kan nytte sin digitale kompetanse i arbeidsoppgåver som ikkje er direkte knytt til undervisningspraksis. Progresjon og innhald er sett i samanheng med emneplanar i fag og praksis og går fram av progresjonstrappa.
Fagovergripande tema
Dei fagovergripande temaa er psykososialt læringsmiljø, vald og seksuelle overgrep, det fleirkulturelle samfunnet, medborgarskap, samiske forhold og samiske elevar sine rettar, berekraftig utvikling, estetiske læreprosessar, profesjonsetikk, danning, heilskapleg seksualundervisning og foreldresamarbeid. Desse temaa har eigne emneplanar og temaa blir ivaretatt gjennom profesjonsøkter med obligatoriske læringsaktivitetar. Det kan vere ulike fagmiljø eller forskargrupper som får ansvar for dei ulike temaa, med utgangspunkt i særleg kompetanse på området. Temadagar med eit profesjonsfagleg innhald og danningsperspektiv på tvers av fag, klasser og trinn i grunnskulelærarutdanninga gir utdanninga heilskap og integrering .
Psykososialt læringsmiljø
Utdanninga skal sikre at studenten får den ferdigheita, kunnskapen og kompetansen som ein lærar må ha for å skape eit trygt psykososialt læringsmiljø og førebygge og handtere krenkingar, mobbing, trakassering og diskriminering. Utdanninga må gi studenten kunnskap og kompetanse til å møte ulike likestillingsutfordringar i skulen. Studenten skal kunne utøve eit normkritisk perspektiv og ha auge for elevane si psykiske helse og psykososiale risikofaktorar i skulekvardagen. På bakgrunn av faglege vurderingar skal studenten raskt kunne setje i verk nødvendige tiltak og kunne etablere samarbeid med relevante faginstansar. Psykososialt læringsmiljø kan sjåast i samanheng med tema i plan for praksis 2. studieår "Læraren i møte med elevmangfald" og "Tilpassa opplæring" i PEL 2. studieår. Progresjonen kjem fram i progresjonstrappa for fagovergripande tema og har fått plass i trappa på 2. og 4. trinn.
Vald og seksuelle overgrep
Utdanninga skal sikre at studenten har kunnskap om barn og unge i vanskelege livssituasjonar inkludert vald og seksuelle overgrep mot barn. Studenten skal ha kunnskap om og kunne identifisere teikn på vald eller seksuelle overgrep og kjenne til korleis nødvendige tiltak skal iverksetjast. Temaet skal også koplast til praksis. Vald og seksuelle overgrep har plass 2. og 4. studieår i progresjonstrappa.
Det fleirkulturelle samfunnet
Det fleirkulturelle samfunnet stiller krav til læraren sin kompetanse om mangfald og interkulturell forståing. Internasjonalisering av samfunns- og arbeidsliv føreset språk- og kulturkunnskap og internasjonale erfaringar. Studenten må ha kunnskap om og forståing av det fleirkulturelle samfunnet. Det inneber mellom anna å vere merksam på kulturelle skilnader og å kunne bruke desse som ein positiv ressurs. Etnisk, kulturelt og religiøst mangfald er ein del av skulekvardagen i dei fleste norske skular. Kunnskap om menneskerettane og om urfolk sine rettar er sentralt i denne samanhengen. Grunnskulelærarutdanninga skal fremje internasjonalt samarbeid og solidaritet for å oppnå berekraftig utvikling og sosial utjamning. Det fleirkulturelle samfunnet er eit fagovergripande tema som er plassert 2. og 3. studieår i progresjonstrappa.
Medborgarskap
Medborgarskap handlar om å leve saman i fellesskap, fremje forståing for ulikskap i kultur og verdiar. Å utvikle demokratisk medborgarskap har mykje å seie for utvikling av eit godt psykososialt miljø. Studenten treng kunnskap om korleis undervisninga kan legge til rette for utvikling av elevane sine haldningar og handlingar. Kunnskap og kompetanse om elevmedverknad og elevansvar i skulekvardagen kan fremje medborgarskap ved at elevane bidrar, deltar og samhandlar i skulekvardagen. Medborgarskap er eit fagovergripande tema som er plassert 1. studieår i progresjonstrappa.
Samiske forhold og samiske elevar sine rettar
Utdanninga skal kvalifisere studenten for å ta hand om opplæringa om samiske forhold, samiske born sine rettar og det samiske folket som anerkjent urfolk. Samisk kultur og samfunnsliv er ein viktig del av den felles kulturarven. Opplæring for samiske elevar står i ei særstilling i norsk grunnopplæring. Studenten må derfor få kunnskap om det samiske innhaldet i dei nasjonale læreplanane for grunnopplæringa og om samiske elevar sine rettar. Samiske forhold og samiske elevar sine rettar er plassert 2. studieåret i progresjonstrappa.
Berekraftig utvikling
Utdanninga skal kvalifisere studenten til å ta hand om utdanning for berekraftig utvikling som eit tverrfagleg tema. Utdanninga skal gi forskingsbasert kunnskap om klima, miljø og utvikling og kompetanse i å støtte elevane si læring om, haldning til og handling for ei berekraftig utvikling. Å ta miljøbevisste val er å ta eit aktivt ansvar for fellesskapet og framtida på kloden. Berekraftig utvikling har plass 3. studieåret i progresjonstrappa.
Estetiske læreprosessar
Studenten skal øve opp kreativitet, evne til å skape, samhandle, reflektere og kommunisere. Dette skal dei mellom anna gjere ved hjelp av estetiske verkemiddel og verktøy. Gjennom grunnskulelærarutdanninga skal studenten sjølv få erfaring med estetiske læreprosessar saman med medstudentar og elevar. Studenten skal kunne legge til rette for elevane si kreative læring gjennom ulike estetiske uttrykk, formidling og framføringar som er med på å utvikle sjølvkjensle og identitet hos elevane. Estetiske læreprosessar er plassert 1. og 3. studieår i progresjonstrappa.
Profesjonsetikk
Den profesjonelle læraren veit heile tida og i ulike situasjonar kva etiske normer og prinsipp som gjeld når ein skal utøve lærarprofesjonen. Kjernen i lærarprofesjonen sin integritet er etisk medvit, fagleg dugleik og eit engasjement for undervisning av barn og unge. Dette er avgjerande for å skape gode vilkår for læring, leik og danning. Når ein utøver lærarprofesjonen, må ein ta ansvar for sine pedagogiske og faglege val – også dei som er tufta på skjønn. Samfunnet må ha tryggleik for at læraren handlar etisk forsvarleg. Temaet er mellom anna sett i samanheng med lærarrolla og den forskande læraren og er plassert i progresjonstrappa 1. og 5. studieår.
Forskingsforankring
All undervisning i den femårige grunnskulelærarutdanninga er forskings- og utviklingsbasert. Dette vert sikra gjennom den faglege kompetansen til dei som underviser, og gjennom val av undervisningsmåte, pensumlitteratur, obligatoriske læringsaktivitetar og vurderingsformer. Alle emneplanar er bygt opp med dette som utgangspunkt, og oppdatering og kontinuerleg utvikling sikrar at studiet held seg oppdatert. Kritisk og sjølvstendig tenking er ein sentral del av all læringsaktivitet, og studenten si evne til å opptre sjølvstendig som reflektert og kunnskapsrik profesjonsutøvar vert øvd opp på fleire måtar. Studenten sitt sjølvstende innanfor FoU-arbeid er sikra gjennom FoU-trappa, der studenten startar med ei orienterande tilnærming til fagstoffet, og held fram med ein tydeleg progresjon i både forskingsmetode og i vitskapsteori. Gjennom rettleia FoU-arbeid og ulike former for akademisk skriving utviklar studenten seg til å bli reflekterande deltakarar i kunnskapsproduksjon innanfor sin profesjon i løpet av dei fem studieåra.
FoU-oppgåve
FoU-oppgåva er lagt til 3. år i studiet og har eit omfang tilsvarande 7,5 studiepoeng. Oppgåva blir skriven i samarbeid mellom eitt av undervisnings faga og pedagogikk og elevkunnskap. Oppgåva skal vere profesjonsretta og knytast til arbeid i klasserommet eller andre sider ved skulen si verksemd. Samarbeid mellom pedagogikk og elevkunnskap og undervisningsfaga vert sikra gjennom fellesrettleiing av oppgåva, som vert organisert i kombinasjon med grupperettleiing og individuell rettleiing.
FoU-oppgåva skal vere eit sjølvstendig og forskingsbasert skriftleg arbeid der studenten skal formulere og svare på ei vald problemstilling. Føremålet med oppgåva er å gi ei samanhengande framstilling over eit sentralt spørsmål som studenten vil møte i profesjonsutøvinga. Gjennom FoU-oppgåva skal studenten vidareutvikle eigne ferdigheiter i akademisk skriving, kunne analysere relevant forsking og kunne analysere og formidle eit samansett fagstoff/datamateriale på ein overtydande måte.
Læringsutbytta for FoU-oppgåva er skildra i emneplanane. Oppgåva må vere greidd før studenten kan begynne på masteroppgåva. For studentar som reiser på utveksling vårsemesteret i 3. år, der FoU-oppgåva er lagt, vil eit sjølvstendig skriftleg arbeid på utvekslingsinstitusjonen bli godkjent som FoU-oppgåve. Oppgåvene må inngå i dei emna som er godkjende på førehand, og må minimum ha eit omfang tilsvarande 5 studiepoeng
Masteroppgåve
Masteroppgåva er lagt til 5. studieår og har eit omfang på 45 studiepoeng. Vitskapsteori og metode utgjer grunnlaget for studenten sitt arbeid med masteroppgåva. Oppgåva skal vere profesjonsretta og praksisorientert.
Masteroppgåva i undervisningsfag skal ha solid forankring i fag og fagdidaktikk, og kan i tillegg omfatte element frå pedagogikk og spesialpedagogikk. Masteroppgåva i profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk skal vere orientert mot arbeid i klasserommet og bør knytast til undervisning og læring i fag. Masteroppgåva skal vere eit sjølvstendig og forskingsbasert skriftleg arbeid der studenten formulerer og svarar på ei vald problemstilling. Læringsutbytta for masteroppgåva går fram av eigen emneplan i masterfaga. Det er eigne retningslinjer for arbeid med masteroppgåva ved Fakultet for lærarutdanning, kultur og idrett (FLKI).
Eit viktig element er koplinga til forskargrupper ved Høgskulen på Vestlandet. Forskargrupper er eit viktige forum for FoU-verksemd og er arenaer for utvikling og gjennomføring av små og store prosjekt, kompetanseheving, felles diskusjon og drøfting, så vel som utforsking av nye tema. Det vert lagt til rette for at studenten kan delta aktivt i FoU-verksemda og gjennom dette få utvikle sin eigen FoU-kompetanse mellom anna gjennom masteroppgåva.
Praksis
Praksis
Praksisstudiet er ein integrert del av alle faga i utdanninga. Heilskap og integrasjon i ei profesjonsretta grunnskulelærarutdanning viser samanheng i lærarutdanningsfaga, praksis og FoU-arbeid. Progresjonen i praksis går fram av progresjonstrappa og er sett i samanheng med andre tema i trappa (sjå fig. 1).
Praksisstudiet er ein arena for systematisk læring og øving der lærarutdannarar ved praksisskulane og høgskulen i samarbeid legg til rette for øvingssituasjonar og rettleiing. Nærleik og samanheng i grunnskulelærarutdanninga føreset nært samarbeid for å skape samanheng mellom teori og praksis. Det er derfor fleire formaliserte samarbeidsarenaer mellom høgskulen og praksisskulane i samband med praksisstudiet. Lærarutdannarar ved høgskulen og praksisskulen er likeverdige partnarar, men med ulike ansvarsområde for studenten si profesjonsutvikling. Alle aktørane som er involverte i praksisopplæringa, har eit ansvar for å bidra til at målsetjingane for praksis vert oppfylte. Aktørane skal setje seg inn i retningslinjene for praksis og aktuelle emneplanar for dei einskilde praksisperiodane.
Retningslinjer for praksis ved HVL
Modell for praksisorganisering
Praksisstudiet består av 110 dagar rettleia, variert og vurdert praksis og 5 dagar observasjonspraksis. Praksisopplæringa følgjer nasjonale retningslinjer med 5 dagar observasjonspraksis og 80 dagar rettleia, variert og vurdert praksis i syklus 1 og 30 dagar rettleia, variert og vurdert praksis i syklus 2.
Studentar kan søke om inntil fem dagar praksis i vidaregåande skule. Studiemodellen og modell for praksisorganisering opnar for praksis i utlandet.
Normalmodellen viser fordeling av praksisdagar på år og semester (tab. 2). All praksis er rettleia, variert og vurdert med unntak av observasjonspraksis. Modellen opnar for ein viss fleksibilitet i syklus 2 når det gjeld plassering av praksisdagar.
Innhald i praksisstudiet
Syklus 1 (1. - 3. år)
Første studieår er hovudtemaet for praksisopplæringa lærarrolla. Hovudtemaet i andre studieår er eleven, elevmangfaldet og elevane sitt møte med skule og fag, mens tredje studieår er hovudtema for praksisopplæringa skulen som organisasjon og det profesjonelle fellesskapet. Kvart studieår vidareutviklar også temaa for dei føregåande åra i praksistudiet. Dette bidrar til progresjon i praksisopplæringa til studentane.
Hovudtema:
- Utvikling av eigen læraridentitet og relasjonskompetanse
- Lærararbeidet i møte med det fleirkulturelle klasserommet
- Læringsleiing/klasseleiing
- Planlegging, gjennomføring og vurdering av undervisning
- Tilpassa opplæring og læringsfremjande vurdering
- Skulen som organisasjon og samarbeid med andre institusjonar
- Kontaktlærarrolla
Syklus 2 (4. - 5. år)
Dei to siste studieåra skal studenten vidareutvikle lærarkompetansen sin. Hovudtema på fjerde og femte studieår vil vere ei vidareføring av hovudtema frå syklus 1. I tillegg vil forskings og utviklingsarbeid som omfattar faglege vurderingar, analyse og refleksjon stå i fokus. Praksisstudiet skal i syklus 2 gi ein meir inngåande kunnskap om læreprosessar, læraren si tilrettelegging for læring av fag og forskings- og utviklingsarbeid.
Hovudtema:
- Læringsleiing og djupare forståing av elevmangfald
- Forskings- og utviklingsarbeid relatert til skulen
- Utvikling av endringskompetanse
- Den profesjonelle læraren
Læringsutbytteformuleringar og arbeidskrav er skildra i plan for praksis og i emneplanar for praksis.
Vurdering av praksis
Praksisskulane har på lik linje med høgskulen eit ansvar for å rettleie studenten i utviklinga av profesjonskompetanse gjennom praksisopplæringa. Læringsutbytteformuleringar og arbeidskrav er skildra i emneplanar for praksis, og dette er grunnlaget for vurdering av studenten i praksis. Praksis vert vurdert som greidd/ikkje greidd. Greidd praksisopplæring er eit krav for å få vitnemål.
Arbeidsformer
Det skal vere progresjon i arbeidsformene frå å bidra til at studenten har, kan gjere greie for og bruke kunnskap til at studenten kan vise kritisk refleksjon, analyse, metakognitiv kompetanse og sjølvstende. Utdanninga tilbyr undervisning basert på relevant og aktuell forsking, fagleg utviklingsarbeid, erfaringskunnskap og legg opp til progresjon i studenten si kompetanseutvikling. Studenten får øving i å stille kritiske spørsmål, søke fagkunnskap, kunne kritisk vurdere, gjere nytte av og vidareformidle kunnskap både munnleg og skriftleg. Studenten får erfaring med varierte undervisningsformer og læringsaktivitetar som integrerer fag, fagdidaktikk og praksis. Slik oppnår studenten heilskap og samanheng i studiet. Undervisning og arbeidsformer speglar og bidrar til å utvikle dei læringsperspektiva som læreplanverket for grunnskulen formidlar. Arbeidsformer og progresjon i desse går fram av emneplanane og arbeid med tverrfaglege tema.
Vurderingsformer
Vurderingsformene i grunnskulelærarutdanninga ved HVL er lagt opp slik at studenten får vurdering i fag og praksis. Gjennom kvalitetssikringssystemet vil HVL sikre progresjon og varierte vurderingsformer gjennom heile studieløpet – i og mellom fag og semester. Vurderingsformene er tilpassa både dei overordna læringsutbytta studenten skal ha nådd ved fullført utdanning og varierte og studentaktive læringsformer som studenten møter i studiet. Progresjonen i vurderinga er sikra gjennom vurderingsordningar som er tilpassa læringsutbytteformuleringane slik dei er omtala i syklus 1 og syklus 2 i emneplanane og i programplanen. Vurderingsordningane er også tilpassa studenten si profesjonelle utvikling i lærarutdanningsfaga.
Som ein del av profesjonsutdanninga skal studenten utvikle vurderingskompetanse, og dei vurderingsformene dei sjølve møter er ein del av grunnlaget for ein slik kompetanse. Derfor skal dei møte varierte vurderingsordningar og vurderingsformer slik dei blir praktiserte i skulen. Studenten skal øve opp eigenvurdering og erfare vurdering frå medstudentar. Gjennom studiet skal studenten utvikle evne til å ta i mot og gi rettleiing.
Vurdering omfattar all formell prøving, det vil seie både vurdering undervegs, til dømes gjennom obligatoriske arbeidskrav og praksis, og sluttvurdering, som skriftleg, munnleg og praktisk-metodisk eksamen. Vurderingsordningane går fram av den einskilde emneplan.
Obligatorisk prøve i skriftlege kommunikasjonsferdigheiter, bokmål og nynorsk, for dei som ikkje har valt undervisningsfaget norsk må vere greidd for å få godkjent vitnemål. For studentar som tar matematikk som fag, vert det kravd greidd nasjonal deleksamen i matematikk for å få vitnemål.
Det vert nytta bokstavkarakterar A-F, der A er beste ståkarakter og E dårlegaste ståkarakter. F er strykkarakter. Det vert også nytta karakterane Greidd / Ikkje greidd.
Obligatorisk læringsaktivitet
Dei obligatoriske læringsaktivitetane speglar vurderingsformene og er varierte og tilpassa læringsutbytteformuleringane. Emneplanane skildrar arbeidskrav og vurderingsform. Obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjende før studenten får gå opp til eksamen, og vurderinga er godkjend/ikkje godkjend. Studenten har to forsøk på å få godkjent eit arbeidskrav dersom ikkje anna er nemnt i emneplanen. Alle obligatoriske læringsaktivitetar i eit emne må vere godkjende før studenten kan framstille seg til eksamen. Konkretisering av arbeidskrava vil ein finne i undervisningsplanane for kvart semester.
Skikkavurdering
Skikkavurdering skal avdekke om studenten har dei naudsynte føresetnadene for å kunne utøve yrket. Ein student som utgjer ein mogleg fare for liv, fysisk og psykisk helse, rettar og sikkerheit til dei elevar eller andre studenten vil kome i kontakt med under praksisstudia eller under framtidig yrkesutøving, er ikkje skikka for yrket. Kontinuerleg skikkavurdering av alle studentar skal gå føre seg gjennom heile studiet og skal inngå i ei heilskapsvurdering av studenten sine føresetnader for å kunne fungere i yrket. Dersom det er grunngitt tvil om ein student er skikka, skal det gjerast ei særskild skikkavurdering. Forvaltningslova sine reglar om sakshandsaming gjeld ved særskilt skikkavurdering. Studenten får informasjon om institusjonen sine reglar for om ein student er skikka.
Sjå lenker til følgjande lovverk:
- Forskrift om skikkavurdering
- Rundskriv F-07-16 forskrift om skikkethetsvurdering i høyere utdanning
- Informasjon om skikkavurdering ved HVL
Krav til studieprogresjon
Studenten må ha greidd praksis på eitt årstrinn før studenten kan halda fram med studiet på neste årstrinn. Det kan gjerast unntak frå denne regelen dersom studenten på grunn av godkjent fråvær manglar noko praksis, og fullføringa av praksis kan gjennomførast i byrjinga av påfølgjande studieår. Andre krav til studieprogresjon går fram av Forskrift om studium og eksamen ved HVL og emneplanar.
Internasjonalisering
Lærarutdanningsinstitusjonane har eit ansvar for å sikra at internasjonalisering er ein integrert del av grunnskulelærarutdanninga. Gjennom internasjonal studentutveksling i ein praksisperiode eller i eit fag vil studenten få innsikt i og betre forståing for andre kulturar og verdiar. Dette vil kunne fremje studenten sin kunnskap og kompetanse i medborgarskap og det fleirkulturelle samfunnet. Institusjonen vil oppfordre og legge til rette for studentutveksling. Det er lagt til rette for utveksling i syklus 1 og 2. I syklus 1 kan det vere mogleg med utveksling i 4.,5. og 6. semester, mens det i syklus 2 kan vere aktuelt med internasjonalisering i 7., 8. og 9. semester. Det er dei respektive fagmiljøa som, saman med studieprogramansvarleg, har hovudansvaret for at masterfaga utviklar internasjonale kontaktar innan forsking og utdanning.
Utdanninga vil også kunne bidra til å møte dei nasjonale føringane om tettare kopling mellom undervisning, forsking og internasjonalisering. Studenten får tilbod om utveksling i nokre av dei same miljøa som fagtilsette har internasjonalt forskarfellesskap med. Dette vil også kunne legge til rette for auka lærarutveksling til dei same institusjonane som studenten har utveksling til. Høgskulen på Vestlandet har i dag mange avtalar med internasjonale institusjonar som kan tilby studieplassar over heile verda. Internasjonalisering kjem også fram ved internasjonale og fleirkulturelle dimensjonar i studiet, kjennskap til internasjonal utdanningspolitikk, engelskspråkleg pensum og forskingsartiklar, gjennom fagleg diskurs i internasjonale digitale arenaer og ved bruk av utanlandske gjesteforskarar/førelesarar.
Organisering
Grunnskulelærarutdanning trinn 5-10 med master har eit omfang på 300 studiepoeng over fem år (heiltid) og inkluderer 110 dagar rettleia praksis og 5 dagar observasjonspraksis. Den obligatoriske delen av utdanninga er på 60 studiepoeng og 240 studiepoeng til val av fag. Faget Pedagogikk og elevkunnskap på 60 studiepoeng er obligatorisk. Alle studentar skal ha minst 60 studiepoeng i to undervisningsfag. Studentar som vel norsk, matematikk eller engelsk som fag 1 eller 2, må ta 60 STP i desse faga. Studenten kan velje 3 undervisningsfag, eller 2 undervisningsfag og eitt skulerelevant fag på 30 studiepoeng (kan også vera profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk). Masterfaget er eitt av undervisningsfaga, profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.
1.- 3. studieår:
- 5 dagar observasjonspraksis
- 80 dagar praksis som er rettleia og vurdert
- Pedagogikk og elevkunnskap, 30 studiepoeng
- Valt undervisningsfag 1, del 1, 30 studiepoeng
- Valt undervisningsfag 2, 60 studiepoeng
Semester 5:
- Fag 3: Nytt undervisningsfag eller skulerelevant fag, 30 studiepoeng eller
- Profesjonspedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng
Semester 6:
- Undervisningsfag, del 2, 30 studiepoeng
Masterfaget dei tre første åra kan vere:
- Undervisningsfag, 60 studiepoeng eller
- Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng, som saman med pedagogikk og elevkunnskap utgjer 60 studiepoeng i 1.-3. år
4.- 5. studieår:
- Minst 30 dagar praksis i grunnskule, rettleia, variert og vurdert
- Pedagogikk og elevkunnskap 30 studiepoeng
- Undervisningsfag som masterfag, 90 studiepoeng eller
- Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk som masterfag, 60 studiepoeng, og undervisningsfag 30 studiepoeng, som bygger på 60 studiepoeng i 1.-3. år.
Kvart emne er på 15 studiepoeng med unntak av masteroppgåva som er på 45 studiepoeng.
Ressursbank
Det vert oppretta ein ressursbank som skal nyttast til fagovergripande tema. Kvart emne på 15 studiepoeng bidrar til ressursbanken med 1/15 av ressursane i emnet. Studieprogramansvarleg har ansvar for ressursbanken. Progresjonstrappa viser kva tema som har profesjonsøkt kvart år. Det er eigne emneplaner for profesjonsøktene.
Studiemodell for GLU 5. - 10. trinn
Modellen viser kvar i løpet dei obligatoriske og valfrie faga går. Kva fag som blir tilbydd som fag 1, fag 2 og fag 3 er avhengig av kva campus studenten går på og kan variere frå år til år.
Pedagogikk og elevkunnskap (PEL), fag1, og fag 2 går dei to første åra. Fag 1 og 2 er faga studenten skal ha utover det obligatoriske faget PEL. Hausten tredje år kan vere nytt undervisningsfag eller skulerelevant fag på 30 studiepoeng. Det kan også vere spesialpedagogikk eller profesjonsretta pedagogikk som saman med PEL dei to første åra gir grunnlag for vidare masterstudium fjerde og femte året. Vårsemesteret tredje år vil vere del to av fag 1 som dannar grunnlag for vidare masterstudium fjerde og femte året. FoU-oppgåva er lagt til dette semesteret. Denne må vere greidd før studenten kan begynne på masteroppgåva. Haustsemesteret andre året skriv studenten ei semesteroppgåve i fag 2. Oppgåva skal vere profesjonsretta og knytast til arbeid i klasserommet eller andre sider ved skulen si verksemd.
Som fag 1, kan fag 2 gi grunnlag for vidare masterstudium fjerde og femte året. Semesteroppgåva må vere greidd før studenten kan begynne på masteroppgåva.
Det blir i modellen lagt vekt på forskrifta si presisering av heilskap, integrasjon og samanheng mellom fag, fagdidaktikk, PEL og praksisstudium.
Organiseringa av dei tverrfaglege temaa går fram av progresjonstrappa. Praksisopplæring, FoU-kompetanse, profesjonsretta digital kompetanse og fagovergripande tema er plasserte med progresjon gjennom den 5-årige utdanninga. Dei tverrfaglege temaa vurdering, tilpassa opplæring og grunnleggande ferdigheiter er spesifiserte i dei einskilde faga sine emneplanar.
Faga i utdanninga og masterfag
Høgskulen på Vestlandet tilbyr integrert masterutdanning i undervisningsfag og pedagogiske fag. Mange ulike fag kan inngå i HVL si Grunnskulelærarutdanning 5-10. Tilbodet vil variere mellom studiestadane. Dei nasjonale retningslinjene beskriv innhaldet i faga, og desse er referert som Vedlegg 1. HVL sine emneplanar gjev meir detaljert informasjon om dei ulike delane av faget.
På syklus 2 har Høgskulen på Vestlandet fått godkjenning for mastertilbod i følgjande fag: Matematikk, Norsk, Engelsk, Samfunnsfag, KRLE, Mat og helse, Musikk, Kunst og handverk, Naturfag, Kroppsøving, Profesjonsretta pedagogikk og Spesialpedagogikk.
Skulerelevante fag
Med skulerelevante fag meiner ein fag som er relevante for undervisning i grunnskulen. Faget skal vere retta mot funksjonar og oppgåver i grunnskulen. Skulerelevante fag blir tilbydd gjennom vestlandsklasser i femte semester.
Campusovergripande studietilbod - vestlandsklasser
Alle studietilbod i femte semester er variantar av vestlandsklassar, det vil seie studietilbod som er felles for alle tre campusane. For dei fleste fagtilboda vil dette seie studietilbod som kombinerer digital og fysisk undervisning på campus, og i tillegg er det nokre heildigitale undervisningstilbod.