Grunnskulelærarutdanning 5.-10. trinn, studieplan i Bergen
Studieplan for kullet som ble tatt opp i Bergen hausten 2017
Den femårige masterutdanninga er ei integrert, forskingsbasert og praksisnær utdanning. Obligatorisk fag er pedagogikk og elevkunnskap (PEL). I tillegg vel du tre fag. Når du søker opptak til studiet kan du velje mellom følgjande fag (fag 1):
- Matematikk
- Norsk
- Engelsk
- Samfunnsfag
- Kristendom, religion, livssyn og etikk (KRLE)
- Mat og helse
- Musikk
Etter at du har starta studiet skal du velje ditt andre fag (fag 2). Du kan då velje mellom:
I andre studieår skal du velje ditt tredje fag. Du kan då velje mellom undervisningsfag, skulerelevante fag, profesjonsretta pedagogikk og spesialpedagogikk.
Aktuelle masterfag på campus Bergen kan vere undervisningsfag, profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.
Oppbygging av studiet
1. studieår 2017/2018
Hausten første året har du faget PEL og faget du kom inn på gjennom Samordna opptak. Denne hausten vel du eit fag til (fag 2) som du har i vårsemesteret.
2. studieår 2018/2019
Hausten andre år held du fram med fag 2 (del 2), medan PEL og fag 1 vil vere på våren.
3. studieår 2019/2020
- Haustsemesteret: Her vel du eit nytt fag – fag 3. Du kan velje mellom undervisningsfag, skulerelevante fag, profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk.
- Vårsemesteret: Her tar du del to av fag 1.
4. studieår 2020/2021
Dei to siste åra av utdanninga har du PEL og masterfaget du har valt, enten eit undervisningsfag eller eit pedagogisk fag. Hausten fjerde år har du fordjuping i masterfaget og våren har du masterfag og PEL.
5. studieår 2021/2022
Du har PEL og skriv masteroppgåve.
Undervisningsmåtar
Vi har forelesingar, gruppearbeid, rollespel, case med meir. Arbeidsformene er praktiske, varierte, utfordrande, munnlege og skriftlege. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.
Retningslinjer for føring av fråvær
Praksis
Du har praksis i alle fem studieåra, til saman 115 dagar.
Om praksisopplæringa 1. studieår.
Utveksling
Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga.