Naturfag i grunnskulelærarutdanning 5.–10. trinn

Naturfag handlar om å kunne forstå og forklare verda vi lever i. Korleis er verda bygd opp? Korleis heng den saman? Korleis samspelar levande og ikkje-levande natur? Korleis endrar naturen og jorda seg? Korleis tek vi vare på kroppen og helsa vår?

Naturfag handlar og om korleis denne forståinga har blitt til og om korleis den har blitt brukt til å utvikle vår sivilisasjon.

I dag står vi framfor utfordringar i samfunn og naturmiljø der kunnskap i naturvitenskapsfaga vil vere avgjerande både lokalt og globalt.
Naturfaget har difor som mål å kunne legge til rette for læring som fremjar naturglede og ansvarskjensle, og som etter kvart vert til kunnskap og engasjement om korleis ein best kan ta vare på jordkloden.

Emne

Kva lærer du?

Naturfag skal gje fagleg tryggleik i grunnskolefaget for 5.–10. trinn. Det vert lagt vekt på å utvikle kunnskap i faget som er relevant i høvet til skulen. Studentane får opplæring i korleis ein introduserer nye idear og begrep, og korleis ein vidareutviklar eigen forståing. Ein vil og bli trent i ulike arbeidsmåtar som har som mål å vidareutvikle sansing, oppdagerglede, undring, utforskartrang, naturglede og naturfagspråk.

Naturfag 1 og 2 består kvar av to delemner, den levande og den ikkje-levande delen. Kvart delemne er på 15 sp. Den levande delen har vekt på arter, økosystem, evolusjon, kropp, livsstil og helse. Den ikkje-levande delen har vekt på stoffa, energi, solsystem, geologi, ver og klima og teknologi.

Arbeidsformer

Arbeidsformene i naturfag varierer mellom forelesninger, demonstrasjoner, feltarbeid, ekskursjoner, laboratorieøvelser, oppgaveløsning, undervisningsøvelser, didaktiske oppgaver og muntlige argumentasjonsøvingar.

Arbeidsmåtane har som mål å forankre naturfagleg forståing og begrepsbruk i eigne erfaringar. Det har og som mål å gje innsikt i naturvitskapleg tenke og arbeidsmåte.