Grunnskulelærar 5.-10. trinn, studieplan Sogndal

Studieplan for kullet som ble tatt opp i Sogndal hausten 2017

Den femårige masterutdanninga er ei integrert, forskingsbasert og praksisnær utdanning. Obligatorisk fag er pedagogikk og elevkunnskap. I tillegg vel du tre fag (matematikk, norsk, kunst og handverk, musikk, kroppsøving, naturfag, engelsk, samfunnsfag, spesialpedagogikk eller profesjonsretta pedagogikk).

Aktuelle masterfag på campus Sogndal kan vere: matematikk, norsk, kroppsøving eller engelsk.

Oppbygging av studiet

Studieprogramplan

1. studieår

Du har faget Pedagogikk og elevkunnskap (PEL). Du vel i tillegg to fag:

I oppstartsveka får du meir informasjon om fag og fagval. 

2. studieår

Du har PEL, fag 1 og fag 2.

3. studieår

  • Haustsemesteret: Her vel du eit nytt fag – fag 3. Du kan velje mellom kunst og handverk, musikk, naturfag, spesialpedagogikk eller profesjonsretta pedagogikk (det kan bli endringar i tilbodet).
  • Vårsemesteret: Her tar du del to av fag 1 (matematikk eller norsk). 

Les om fagval i 3. studieår.

4. studieår

Du held fram med PEL. I tillegg vel du masterfaget ditt (matematikk, norsk, kroppsøving eller engelsk). 

5. studieår

Du har PEL og skriv masteroppgåve.

Undervisningsmåtar

Vi har forelesingar, gruppearbeid, rollespel, case med meir. Arbeidsformene er praktiske, varierte, utfordrande, munnlege og skriftlege. Du får tett oppfølging gjennom heile studiet.

Retningslinjer for føring av fråvær

Praksis

Du har praksis i alle fem studieåra, til saman 115 dagar.

Om praksisopplæringa 1. studieår.

Utveksling

Grip sjansen til å oppleve verda medan du studerer! Det er tilrettelagt for studieopphald i utlandet som ein del av utdanninga.