Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, havteknologi

Hausten 2024

Studieprogrammet skal gje studentane ei grunnutdanning som set dei i stand til å løysa tverrfaglege oppgåver innan petroleum eller havbruksteknologi. Studiet inneheld ei blanding av generelle ingeniørfag, maskinfag og elektrofag, med eit fokus retta mot behova i olje/gass- eller havbruksnæringa. Elektrofag og instrumentering vil stå sentralt i studiet.

Utdanninga har god kontakt med industrien i regionen, mellom anna ved at studentane får høve til å utføra oppgåver i samarbeid med industrien.

Studieprogrammet i havteknologi følgjer Forskrift om rammeplan for ingeniørutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 18. mai 2018 . Havteknologi er eit studieprogram under fagfeltet maskin.

Læringsutbytte

Etter fullført og greidd utdanning skal ein kandidat ha følgjande læringsutbytte:

Kunnskap

  • har grunnleggjande kunnskap om konstruksjon og/eller produksjon, materialar og kunnskap innan heilskapleg system- og produktutvikling. Kunnskap om havteknologi og mekanismar offshore som er ein del av verdikjeda.
  • har grunnleggjande kunnskap i matematikk, naturvitskap og relevante samfunns- og/eller økonomifag og korleis desse vert integrerte i system- og produktutvikling, konstruksjon og produksjon.
  • har kunnskap om fagets historie, utvikling og rolla til ingeniøren i samfunnet. Kandidaten har kunnskap om konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi.
  • kjenner til forskings- og utviklingsarbeid, relevant metodikk og arbeidsmåte innan eige fagfelt.
  • kan oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis.

Ferdigheiter

  • kan nytta kunnskap i matematikk, fysikk, kjemi og teknologiske emne for å formulera, spesifisera, planleggja og løysa tekniske problem på ein godt grunngjeven og systematisk måte.
  • kan nytta spesialkunnskap innan havteknologi for olje- og gassproduksjon eller havbruk.
  • meistrar fagleg relevant programvare og har brei ingeniørfagleg digital kompetanse, inkludert grunnleggande programmeringsferdigheiter og kan arbeide i relevante laboratorium/felt og meistrar metodar og verktøy som grunnlag for målretta og innovativt arbeid.
  • kan identifisera, planleggja og gjennomføra prosjekt, eksperiment og simuleringar, samt analysera, tolka og nytta framkomne data, både sjølvstendig og i team.
  • kan finna, vurdera og utnytta teknisk kunnskap på ein kritisk måte innan området sitt, og presentera dette både munnleg og skriftleg for å kasta lys over ei problemstilling.
  • kan bidra til nytenking, innovasjon, kvalitetsstyring og entreprenørskap ved utvikling og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar.

Generell kompetanse

  • har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innanfor fagområdet sitt og kan setja desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
  • kan identifisera sikkerheits-, sårbarheits-, personverns- og datatryggleikspekt i produkt og system som nyttar IKT
  • kan bidra i formidling av ingeniørfagleg kunnskap til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk, og kan bidra til å synleggjera meininga med og konsekvensar på grunn av teknologien
  • kan reflektera over eiga fagleg utøving, òg i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpassa denne til det aktuelle arbeidstilhøvet.
  • kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innanfor fagområdet og dela kunnskapane og erfaringane sine med andre.

Innhald

Denne bachelorutdanninga set ingeniørane i stand til å løyse tverrfaglege oppgåver innan relevant industri knytt til havrommet, og innan andre fagområde med behov for drift og vedlikehald. Studiet inneheld ei blanding av generelle ingeniørfag, maskinfag og elektrofag, med eit fokus mot behova i olje/gass- eller havbruksnæringa.

I femte semester vel du mellom å reise på utveksling eller å ta valemne ved HVL. Merk deg at nokre av valemna berre vert undervist dersom mange nok studentar vel emnet. Tilbodet om valemne vert oppdatert frå studieår til studieår. Utdanning avsluttar med ei bacheloroppgåve i sjette semester.

Studiet er eit fulltidsstudium som ikkje er tilrettelagt som eit deltidsstudium.

Matematikk, fysikk, kjemi og statistikk er viktige fundament for ingeniøremna. Studentar som planlegg å gå vidare til ei masterutdanning med sivilingeniør-krav, må velje MAT301 Fleirdimensjonal analyse for å dekke kravet om 25 studiepoeng i matematikk i bachelorutdanninga.

Praksis

Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis. Det er mogeleg å ta eit valemne med praksisopphald i ei bedrift/verksemd. Tilbodet om valemne vert oppdatert frå studieår til studieår.

Arbeidsformer

Teoriundervisninga skjer i klasserom og auditorium. Førelesingar kan òg vera digitale, med både synkront og asynkront læringsinnhald. I tillegg til førelesingar, gruppearbeid, sjølvstudium og problembasert læring, har emna innslag av rekneøvingar, laboratorieøvingar og semester- og prosjektoppgåver. I emne som har semester- og prosjektoppgåver, vil oppgåvene ofte verta vurderte i kombinasjon med munnleg eller skriftleg eksamen.

I skildringa av dei enkelte emna står det om emnet har obligatoriske læringsaktivitetar. Siktemålet med dei obligatoriske læringsaktivitetane er at studentane skal få ferdigheitstrening. Oppgåvene legg vekt på samspelet mellom teori og praktiske øvingar, og er eit sentralt verkemiddel for å innarbeide god arbeidsmetodikk. Obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent før ein kan ta eksamen. Det er obligatorisk frammøte ved laboratorieøvingar, men vanlegvis ikkje til førelesing.

Ekskursjonar kan inngå i enkelte emne.

Alle studentar må ha eigen berbar datamaskin med nyare operativsystem. Det vert/er tilrådd at Microsoft Windows er installert som operativsystemet på maskina. Meir info om krav til studentanes IT-utstyr for studium ved Fakultet for Ingeniør- og Naturvitskap finst her. (ekstern lenkje).

Studiet er eit heiltidsstudium som ikkje er tilrettelagt for deltid. Undervisinga er primært mellom kl. 08:00 og 17:00, men undervising etter kl. 17.00 kan finne stad. Studenten må rekna med å nytta i snitt minimum 40 timar effektiv arbeidstid per veke på studiet. Nokre studentar vil bruka meir tid.

Vurderingsformer

Det er lagt opp til varierte vurderingsformer i dei ulike emna. Vurderingsordninga i eit emne kan t.d. vera i form av skriftleg skuleeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, prosjekt eller heimeeksamen. Eit emne kan òg ha ei vurderingsordning der fleire vurderingsformer vert kombinert, t.d. skriftleg eksamen og mappeeksamen. I mange av emna er det obligatoriske læringsaktivitetar som er oppgåver/aktivitetar/arbeid som ikkje tel på den endelege karakteren, men som må vera godkjend for at studenten skal kunna ta eksamen i emnet.

Detaljert informasjon om vurderingsforma er gitt i emneplanen for kvart enkelt emne.

Krav til studieprogresjon

Det er særlege vilkår for å få starta på arbeidet med bacheloroppgåva: sjå emneskildringa for bacheloroppgåva.

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovedsak på norsk, men nokre av emna i utdanninga har undervisning på engelsk. Emne som og vert tilbode til utvekslingsstudentar vil ha undervisninga på engelsk.

Det er lagt til rette for at å ta deler av bachelorgraden i utlandet. Å studere i utlandet gir nyttig internasjonal erfaring og språkferdigheiter.

Det er spesielt lagt til rette for studentutveksling i 5. semester. Utdanninga har samarbeidsavtalar med utdanningsinstitusjonar i Norden, Europa og andre deler av verda, som Australia, USA og Canada. Studentar som planlegg slike utanlandsopphald, bør kontakta AFII internasjonalisering ved høgskulen og instituttet i god tid (2 semester før utreise) for å få avklart fagleg førehandsgodkjenning.