Studieplan - Helse- og velferdsforvaltning
Hausten 2022
Vidareutdanning i helse- og velferdsforvaltning skal bidra til å auke jus- og forvaltningskompetansen til tilsette innan helse- og velferdssektoren.
Føremålet med utdanninga er å imøtekome behovet for auka kompetanse om m.a. sakshandsamingsreglar, pasient- og brukarrettar, menneskerettar og reglar om tverrfagleg samarbeid for å treffe rettsriktige vedtak.
Studiet er særskilt aktuelt for sakshandsamarar i NAV og kommunale kontor innan helse- og velferdsområdet, men kan også vere aktuelt for andre.
Læringsutbytte
Ein student med fullført vidareutdanninga har følgjande læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.
Kunnskap:
Studenten skal
- ha inngåande kunnskap om reglane for offentleg sakshandsaming innan helse- og velferdsforvaltninga, under dette habilitet, krav til vedtak, brukarmedverknad, dokumentinnsyn og reglane for handsaming av klager
- ha inngåande kunnskap om innhald og rekkevidda av sentrale pasient- og brukarrettar
- ha avansert kunnskap om kva grenser regelverket set for informasjonsutveksling og tverrfagleg samarbeid, og kva plikter som gjeld
- ha inngåande kunnskap om grensene for utøving av profesjonelt skjønn innan helse- og velferdsforvaltninga
- ha innsikt i kravet om god forvaltningsskikk
- ha kunnskap om korleis systemet for vern av menneskerettane er bygd opp
Ferdigheiter:
Studenten skal kunne
- identifisere og analysere juridiske problemstillingar og arbeide sjølvstendig med desse praktisk og/eller teoretisk
- finne, analysere og kritisk vurdere rettskjelder i samband med juridiske problemløysing på helse- og velferdsområdet
- på ein sjølvstendig måte gjennomføre fagleg forsvarleg sakshandsaming i samsvar med aktuelle regelverk, krava til skjønnsutøving og kravet om god forvaltningsskikk
- bruke regelverket og vere kritisk til eigen praksis, til dømes med omsyn til vurderingar av habilitet og informasjonsutveksling ved tverrfagleg samarbeid
Generell kompetanse:
Studenten skal kunne
- bruke kunnskap rundt sakshandsamingsreglar og juridisk metode til å sikre rettsriktige avgjerder
- formidle sentrale juridiske problemstillingar, analyser og konklusjonar skriftleg og munnleg
- bruke kunnskap og ferdigheiter til å løyse problemstillingar på nye område
- bidra til nytenking og fagleg utvikling på eigen arbeidsplass
Innhald
Vidareutdanning i helse- og velferdsforvaltning er ei vidareutdanning på 30 studiepoeng. Utdanninga er bygd opp av to emne på 15 studiepoeng kvar, der det første emnet er felles for alle som tek vidareutdanninga. I dette emnet går ein djupare inn i forvaltningsretten og juridisk metode, med særleg fokus på korleis sakshandsamingsreglar, god forvaltningsskikk og brukarmedverknad skal sikre rettsriktige vedtak. Det andre emnet i dennne videreutdanninga er eit spesialiseringsemne der studentane kan velje mellom to spesialiseringsemne; anten helserett eller sosial- og trygderett.
Dei to emna kan, saman eller kvar for seg, inngå som valfrie emne i mastergradsstudiet i sosialvitskap ved HVL.
Praksis
Ingen
Arbeidsformer
Undervisinga er lagt opp med ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid, rettleiing, diskusjonar, digitale ressursar, fysiske og digitale samlingar, digitale spørjetimer, sjølvstudium og skrivetrening. Det er i begge emna skriftlege arbeidskrav som må vere bestått for å kunne ta eksamen. Canvas blir nytta som elektronisk læringssystem.
Obligatoriske læringsaktivitetar er knytt til 75% obligatorisk oppmøte og deltaking på seminar, samt ei skriftleg oppgåve.
Vurderingsformer
Alle emna har skriftleg heimeeksamen som eksamensform. Vurderingsuttrykk som nyttast er gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått.
Krav til studieprogresjon
Emne HVF850 Sakshandsaming, forvaltningsrett og juridisk analyse i helse- og velferdsforvaltninga må vere bestått før ein kan gå vidare på HVF851 Helserett eller HVF852 Sosial- og trygderett.
Internasjonalisering
Ingen