Studieplan - Ph.d.-studium i helse, funksjon og deltaking
Hausten 2024
PhD-studiet Helse, funksjon og deltaking ved Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein forskarutdanning for kandidatar som ønskjer djupne- og breiddekunnskap for å kunne bidra til utvikling av framtidens helsetenester og møte nye samfunnsutfordringar. Gjennom si faglege profil og emneportefølje viser ph.d.-studiet at tverrvitskaplege tilnærmingar til helse er naudsynt for å bidra med ny kunnskap til å forstå og handtere dagens og morgondagens helseutfordringar, lokalt og globalt. Studiet har tett kopling til arbeidsliv og samfunn.
Studiet er forankra i helsevitskap og tittelen Helse, funksjon og deltaking viser til eit breitt, tverrvitskapleg forskingsfelt. Kjerneomgrepet helse viser til ei fysisk, psykologisk og sosialt forankra ressurs som vert påverka av sjukdom, meistring, livsløp og levekår. Grad av helse har tyding for kvardagsliv og samfunnsdeltaking. Omgrepet funksjon i tittelen kastar lys over faktorar som hemmar eller fremjar realiseringa av menneske og gruppers helsepotensial, og viser til aktivitet og samspel mellom kroppslige og psykologiske føresetnader og omgjevnadene. Omgrepet deltakelse viser til på kva måtar enkeltpersonar eller grupper kan involvere seg i kvardagsliv, arbeid og fritid og utøve sitt medborgarskap.
Fakultet for helse- og sosialfag som studiet utgår frå har forskingsmiljø ved alle fem campusane på HVL der det finst ulike praktiske, teoretiske og forskingsmetodiske tilnærmingar til helse- og sjukdomsrelaterte fenomen. Helse kan forståast og utforskast på individ-, gruppe- eller samfunnsnivå, med fokus på mellom anna teoriutvikling, empiri, metode, struktur, og forskingssamarbeid med arbeidsliv og samfunn. Studiets fokus på samanhengen mellom helse, funksjon og deltaking vil bidra med ny kunnskap til brukarar og pasientar, praksisfelt og samfunn. Emna som blir tilbode tar utgangspunkt i forskingsmiljøa si kjernekompetanse og dekkjer eit behov for breiddekunnskap (obligatoriske emne) og djupnekunnskap (valfrie emne). Fagmiljøet representerer eit tverrvitskapleg landskap der det er stor variasjon i forskingsfokus, forskingsdesign og teoretisk forankring.
Opptakskrav
For å bli teken opp på doktorgradsstudiet Helse, funksjon og deltakelse må søkjaren ha fullført ein mastergrad med 120 studiepoeng, med eller utan profesjonsutdanning, og ha eit forskingstema for sitt ph.d.-arbeid som passar til programmets profil. Vanlegvis vil det vere ein føresetnad at søkjaren har ein toårig mastergrad eller hovudfag (Jfr. Utfyllande bestemmelser for ph.d.-studier ved HVL). Søkjaren må dokumentere gode studieresultat. Normalt vil det vere ein føresetnad at studenten har følgjande karakterar:
- Masteroppgåve eller tilsvarande: karakter normalt B eller betre
- Masterstudie, gjennomsnitt for studiedelen: karakter normalt B eller betre
I utdanningsløpet som skal kvalifisere til opptak til studiet kan det inngå ein profesjonsutdanning, men det er ingen føresetnad utover at søkjaren må ha eit forskingstema for sitt ph.d.-arbeid som passar til programmets profil.
Læringsutbytte
Det overordna målet for ph.d.-studiet er å utvikle kunnskap om faktorar som fremjar eller hemmar helse, funksjon og deltaking, både individuelt, på gruppenivå og samfunnsnivå. Ferdige kandidatar skal vere i stand til å handtere komplekse faglege spørsmål som krev kunnskap om helse som kroppleg, psykologisk og sosial ressurs, og forstå samanhengen mellom helse og samfunnsmessige rammeforhold.
Etter fullført ph.d.-gradsstudium skal kandidaten ha oppnådd følgjande overordna læringsutbytte:
Kunnskap:
Kandidaten...
- er i fronten av kunnskap innan sitt fagområde og relaterer dette til vitskapsteoretiske og forskingsetiske problemstillingar som er relevante for helsevitskapen
- kan plassere sitt forskingsområde på individ-, gruppe- og samfunnsnivå og i forhold til kontekstuelle vilkår for helse, funksjon og deltakelse
- har omfattande kompetanse i forskingsmetode og kan vurdere forskingsspørsmål og tilhøyrande design innanfor helsevitskapleg forsking
- kan bidra til utvikling av ny kunnskap, vidareutvikler teoriar, metodar og dokumentasjonsformer innanfor sitt forskningsområde
- har kunnskap om tverrvitskapleg forskning og vilkår for tverrfagleg samarbeid
Ferdigheiter:
Kandidaten...
- kan problematisere eksisterande teori og praksis og identifiserer behov for ny kunnskap innanfor sitt forskingsområde
- kan utforme forskingsproblem og design, planlegg og gjennomfører etisk forsvarlege forskningsprosjekt i tråd med kunnskapsstatus på forskningsområdet
- er i stand til å vurdere eigne forskingsresultat kritisk i forhold til eksisterande kunnskap og forsking innanfor same område kan handtere komplekse faglege spørsmål og utfordrar etablert kunnskap og praksis på sitt forskningsområde
- kan initiera og legge til rette for tverrvitskapleg forsking og tverrfagleg samarbeid
Generell kompetanse:
Kandidaten...
- har kompetanse til å identifisere og analysere viktige og relevante forskningsetiske problemstillingar og følgjer forskningsetiske retningslinjer innanfor helsevitskapleg forskning
- kan utøve sin forskning med fagleg integritet og høg etisk standard kan grunngje praktisk og teoretisk anvending av eige kunnskapsbidrag
- kan formidle forsknings- og utviklingsarbeid til ulike målgrupper i relevante og anerkjente nasjonale og internasjonale kanalar
- kan delta i debattar innanfor fagområdet i nasjonale og internasjonale fora
- vurderer behovet for, tek initiativ til og driv helsevitskapleg forskings- og utviklingsarbeid og innovasjon
- har kompetanse til å analysere konkrete utfordringar knytt til helse, funksjon og deltakelse ved å bruke tverrvitskaplege perspektiv
Innhald
Studiet er eit fulltidsstudium organisert for å kunne gjennomførast innanfor ein normert tidsramme på 3 år, med inntil 1800 arbeidstimer årleg. For ph.d.-kandidatar som vert tilsette for ei fireårsperiode med 25% pliktarbeid, er normert studietid 4 år. Studiet omfattar ein obligatorisk og valfri opplæringsdel på til saman 30 studiepoeng, ein forskingsdel på 150 studiepoeng, ei midtveisevaluering, og ein offentleg forsvar av arbeidet (disputas). Opplæringsdelen må vere gjennomført og godkjent før avhandlinga vert innlevert for vurdering.
Opplæringsdelen består av tre obligatoriske emne på til saman 15 studiepoeng, og minimum fem valfrie emne på til saman 15 studiepoeng. Opplæringa vert tilrettelegg som kortare intensive samlingar med førelesingar, studentaktive seminar, og/eller som IKT-baserte obligatoriske læringsaktivitetar.
Det må vere minimum fem deltakarar på kvart emne for at emnet vert tilbode i eit gitt semester. Maksimalt antal deltakarar på kvart emne er 20. Alle emne vert tilbode årleg og vert gjennomførte på engelsk ved behov. Minst 20 studiepoeng av opplæringsdelen må avleggjast etter opptak. Element som skal inngå i opplæringsdelen bør ikkje vere eldre enn to (2) år ved opptaksdato. Programutvalet kan gjere unntak frå dette basert på søkjar si faglege bakgrunn.
Obligatorisk del – 15 studiepoeng
Den obligatoriske opplæringsdelen inneheld profilemnet Helse, funksjon og deltaking PHDH901, Vitskapsteori og etikk i helsevitskap PHDH902, og Forskingsdesign og -metodar PHDH903, slik at kvar kandidat kan plassere avhandlinga si inn i ein større teoretisk og metodologisk kontekst. Opplæringsdelen skal sikre høg grad av vitskapleg innsikt og kunnskap knytt til helse, funksjon og deltakelse, og sikre opplæring og øving i akademisk argumentasjon, formidling av fagleg arbeid overfor fagfeller, studentar og allmennheit, både på norsk og engelsk.
Alle som er teke opp som ph.d.-kandidatar skal følgje heile den obligatoriske opplæringsdelen ved HVL. Profilemnet PHDH901 kan under ingen omstende erstattast av emne tatt ved andre institusjonar. Det vert tilrådd at kandidatane prioriterer deltaking i obligatoriske emne tidleg i løpet.
Valfri del – 15 studiepoeng
I dei sjølvvalde emna kan kandidatane velje mellom fordjupningsemne knytt til studiet si profil, eller metoderetta emne. Kandidatane kan i tillegg velje frå emnelista til dei andre ph.d.-studiene som HVL tilbyr. Emne tatt ved andre nasjonale eller internasjonale institusjonar eller ved aktuelle nasjonale forskarskolar kan godtakast etter søknad til programutvalet. Søknader vert sendt fortløpande etter gjennomføring av emna, og må innehalde emneskildring, litteraturliste og dokumentasjon på vurdering.
Programutvalet kan godkjenne andre opplæringselement som del av opplæringsdelen med inntil 5 stp. Dette gjeld aktivitetar som populærvitskapleg forskingsformidling, presentasjonar på vitskaplege konferansar eller lengre opphald ved andre forskingsinstitusjonar. Søknad om godkjenning vert handsama av programutvalet etter fullføring av aktivitetane. På same måte som krav for emne bør heller ikkje opplæringselement vere eldre enn to år ved søknad om opptak. Søknader må innehalde vedlegg som dokumenterer aktivitetane. Søknadene vert handsama etter samla fullføring av aktivitetane som skal søkjast vurdert.
Studiepoeng vert tildelt slik:
- Forskingsopphald på 3 månader eller lenger - 3 stp
- Forskingsopphald på 2 månader - 2 stp
- Kortare forskningsopphald på minimum 2 veker - 1 stp
- Samla vurdering av anna formidling (konferanse, presentasjon, kronikk, kortare Erasmus-opphald osv.) - inntil 2 stp
Forskingsopphald definerast som opphald ved eit anna forskingsmiljø enn det stipendiaten tilhøyrer, og kan også gjelde for opphald ved ein annan institusjon i Norge.
Avhandling – 150 studiepoeng
Avhandlinga skal vere eit sjølvstendig vitskapleg arbeid i samsvar med internasjonal standard. Vanlegvis består avhandlinga av eit sammendrag/kappe, og tre til fire vitskaplege artiklar som er publiserte eller innleverte til fagfellevurderte vitskaplege tidsskrift. Alternativt kan ein monografi skrivast. Avhandlinga skal fortrinnsvis skrivast på engelsk eller eit skandinavisk språk.
I sammendraget plasserer kandidaten forskingsarbeidet sitt inn i ein breiare vitskapsteoretisk og forskingsmetodisk ramme, og viser korleis arbeidet bidrar til forskingsfeltet helse, funksjon og deltakelse. Kappen består vanlegvis av ein innleiing, teoretisk rammeverk for studiet og dei arbeida som inngår, presentasjon av problemstillingane for kvar av publikasjonane/artiklane, presentasjon og diskusjon av design og forskningsmetode, presentasjon av hovudresultat, og ei diskusjon av dei viktigaste kunnskapsbidraga dette arbeidet bidrar til. Nøyaktig tal artiklar er avhengig av kvalitet og omfang og skal avklarast med rettleiar. Det føresettes at minst halvparten av artiklane er publiserte eller antatt for publisering i anerkjente fagfellevurderte tidsskrift ved innlevering av avhandlinga. Kandidaten skal vere førsteforfattar på minst to artiklar.
Avgjerd om avhandlinga regulerast av § 5 i ph.d.-forskrifta.
Arbeidsformer
Alle emna som vert tilbodne er på 3 eller 5 studiepoeng med ein berekna arbeidsbyrde på 25-30 arbeidstimer pr. studiepoeng. Dette inkluderer førebuing, sjølvstudiar, student- og lærarstyrte læringsaktivitetar, samt obligatoriske læringsaktivitetar og eksamenar. Alle eksamenar og innleveringar er individuelle.
Undervisnings-, arbeids- og vurderingsformer utgjer komplementære prosessar og læringssituasjonar. Studiet er organisert på ein måte som sikrar kandidatane tilgang til gode lærings- og studiemiljø, ulike læringsarenaer og forskingsmiljø, og ein jamn progresjon i studiet. Kandidatane skal ha ein aktiv rolle i læringsprosessane gjennom val av emne, læringssituasjonar og studiestadar. Det forventast at studentane bidrar til eiga og medstudentane si faglege utvikling og læring, ikkje minst gjennom tverrfagleg samarbeid og samproduksjon i dei einskilde emna. Forskargruppene utgjer ein sentral læringsarena for kandidatane. Innleiingsvis, og helst innan tre månadar etter oppstart, skal prosjektet presenterast på eit forskingsgruppeseminar.
Den pedagogiske plattforma er bygd på dialogbaserte seminarar, litteraturpresentasjonar, prosessorientert skriving med individuell og gruppebasert rettleiing, prosjektarbeid og individuelt studiearbeid. Dagsaktuelle og klassiske problemstillingar med relevans for emna vil takast opp til diskusjon, og knyttast til vitskapsteoretiske, metodiske eller etiske utfordringar. Kandidaten si eiga erfaring frå arbeidslivet vil systematisk verte nytta for å fremje refleksjon, kunnskapsutvikling og kunnskapsdeling. Det leggjast opp til at læringssituasjonane går føre seg på skandinavisk språk og på engelsk. Både litteratur og arbeidskrav vil nytte engelsk eller skandinaviske språk. Trening i å bruke vitskapleg engelsk bidreg til å kvalifisere kandidaten for internasjonalt samarbeid og utveksling. Emna er ulikt organiserte og tilbyr ulike typar læringssituasjonar.
Alle kandidatane må presentere eigen forsking på minst ein internasjonal konferanse i løpet av stipendiattida. Kandidaten skal halde innlegg eller førelesing, og delta aktivt på seminar, og på den måten få øving i ulike former for fagleg formidling og vitskapleg argumentasjon. I tillegg vert det forventa at kandidaten bidrar med populærvitskapleg formidling gjennom å skrive kronikkar eller fagartiklar, ha mediepresentasjonar, og ha utanlandsopphald på minimum 1 månad ved ein utanlandsk forskingsinstitusjon.
Kvart år leggjast det fram ein rapport om framdrift i studiet frå både kandidat og rettleiar. Manglande eller utilfredsstillande rapportering kan gi grunn for å avslutte avtaleperioden i ph.d.-programmet.
Rettleiing:
Under arbeidet med avhandlinga tilbyr kandidaten inntil 240 timar rettleiing i løpet av normert studietid. Desse rettleiingstimane inkluderer førebuingar, samtalar mellom rettleiar(ar) og kandidaten, og etterarbeid. Rettleiingsplikter og -rettar regulerast av § 4 i ph.d.-forskrifta. Hovudrettleiaren vil normalt vere frå høgskulen sjølv, og ha det formelle ansvaret i høve til kandidatens ph.d.-utdanning. Kandidatane skal også ha (minst) ein medrettleiar og kan søkje om å få medrettleiar frå andre institusjonar. Gjennom samarbeid med forskergrupper i utlandet og studentutveksling vil det bli lagt til rette for utanlandske medrettleiarar. Dersom hovudrettleiaren er ekstern, skal medrettleiaren vere knytt til HVL. Den interne rettleiaren held kontakten med kandidaten og vedkommande si progresjon og sørgjer for at han eller ho vert trekkt inn i forskingsmiljøet ved HVL.
Krav til rettleiarar, rettleiingsplikter og -rettar regulerast i ph.d.-forskrifta § 4. Rettleiing skal sikre at prosjektet er i samsvar med forskningsetiske rammene. Ho skal vidare bidra til utforming av problemstillingar og kvalitet i metodane som blir nytta. Rettleiing på avhandlinga skal også sikre progresjon i prosjektet, samt sikre at læringsutbyttet vert oppnådd på overordna nivå.
Vurderingsformer
Vurdering er ein viktig arbeidsform og læringssituasjon. Nokre emne har obligatoriske læringsaktivitetar som vert vurderte til godkjent/ikkje godkjent. Alle emna avsluttast med ein individuell skriftleg heimeoppgåve/-eksamen med vurderingsuttrykket bestått/ikkje bestått.
Arbeidet med avhandlinga blir prosess- og resultatvurdert, både undervegs og ved disputas.
Grunnlag for vurdering
Ph.d.-graden vert tildelt på grunnlag av:
- godkjend gjennomføring av opplæringsdelen, eventuelt anna godkjend fagleg skolering eller kompetanse
- godkjend vitskapleg avhandling
- godkjend prøveførelesing over oppgjeve emne
- godkjend offentleg forsvar av avhandlinga (disputas)
Vurderinga vert regulert av ph.d.-forskrifta § 5. Vitnemålet vil angi avhandlinga si tittel og opplysningar om det faglege opplæringsprogrammet doktoranden har deltatt i.
Internasjonalisering
Forskingsmiljøet ved HVL har eit omfattande internasjonalt nettverk med samarbeid om rettleiing og oppfølging av kandidatar og forsking. For å nå eit høgt internasjonalt fagleg nivå er det avgjerande at kandidatane vert ein del av den internasjonale diskursen. Miljøa som inngår i studiet har formelt forskingssamarbeid i form av bilaterale utvekslingsavtalar ved ei rekke utanlandske universitet. Høgskolen har som mål at alle ph.d.-kandidatar skal ha eit forskingsopphald i utlandet på minimum ein månad i løpet av si ph.d.-periode. Opphaldet blir avtalt mellom kandidat, rettleiar og utanlandsk vertsinstitusjon.
Ph.d.-kandidatane har høve til å presentere sitt prosjekt på seminar der representantar frå internasjonale samarbeidspartnarar deltek og kjem med faglege innspel. Dette er allereie ein etablert praksis ved HVL. Utenlandske forskarar som er inviterte som gjesteforelesarar eller er på forskingsopphald ved HVL, vil bidra til fagleg dialog med ph.d.-kandidatane.