Hopp til innhald

Studieplan - Helse migrasjon og aldring

Hausten 2022

Vi vil få ein større andel eldre i samfunnet vårt, noko som vil føre til auka behov for helsetenester for eldre. Vi kan også rekne med at det globale migrasjonsmønsteret endrar seg og at fleire menneske vil migrere til Noreg i tida framover. Desse demografiske endringane har konsekvensar for helse- og sosialtenestene og det krev kompetanseendringar for mange som er tilknytt desse tenestene. Vi skal sikre at alle i samfunnet vårt får likeverdige helsetenester, vi skal forstå komplekse og varierte behov, og ikkje minst skal vi bruke dei menneskelege ressursane vi har på ein god måte. Vi skal jobbe kunnskapsbasert med forståing for det store biletet i dei prioriteringane som blir gjort.

Til dette studieprogrammet er det samla mange mindre emne slik at du kan bygge kompetanse på aldring og migrasjonshelse. Dette inkluderer leiing innan rehabilitering, velferdsteknologi, kunstig intelligens, implementering og helseøkonomi. Programmet har eit tverrfagleg fokus og du får bruke din eigen kontekst inn i desse emna. I mange av emna jobbar du saman med kollegaer for å løyse utfordringar som er relevante i dykkar daglege arbeid.

Opptakskrav

Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, samfunnsfag, folkehelse, idrett eller pedagogiske fag.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført utdanning har følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:

Kandidaten...

  • har kunnskap om teori og praksis relatert til aldring, migrasjon, implementering, rehabilitering og leiarskap innan helse- og sosialtenestene
  • kan anvende kunnskap knytt til helsebehov og helsetenester for eldre og personar med migrasjonsbakgrunn i ulike kontekster, på ulike tenestenivå, og i ulike organisasjonsmodellar
  • har kunnskap om korleis kunstig intelligens kan og er brukt i helsevesenet
  • har kunnskap om teoriar og praksis relatert til implementering og brukarmedverkand i helse- og sosialtenestene
  • har kunnskap om helseøkonomiske teoriar knytt til prioritering innan helsevesenet
  • Kan anvende kunnskap i tverrfagleg samhandling

Ferdigheiter:

Kandidaten...

  • kan identifisere og analysere utfordringar, ressursar og tenester knytt til aldring og migrasjonshelse
  • kan vurdere og implementere tiltak for å sikre gode helsetenester til eldre og personar med migrasjonsbakgrunn
  • kan kritisk vurdere bruk av kunstig intelligens innanfor helsevesenet
  • kan vurdere prioritering i helsevesenet basert på helseøkonomisk teori og prinsipp for likeverdige helsetilbod

Generell kompetanse:

Kandidaten...

  • kan formidle krav til og behov for likeverdige helsetenester
  • kan samarbeide i tverrfagleg team for å tilretteleggje for og implementere likeverdige helsetenestera

Innhald

Innhald og oppbygging

Kort oversikt over strukturen i programmet med obligatoriske og valfrie emne. Merk at det må komme fram av teksten dersom heile eller deler av studiet er nett- og samlingsbasert. SPINNH E Vidareutdanninga er organisert med ni temapakkar, der kvar temapakke består av tre emne på 2,5 studiepoeng.

Emna køyrast etter avtale med den enkelte kommune.

Studieprogrammet inneheld totalt 27 emne som er knytt til ni emnepakkar innan følgande tema:

  • Migrasjonshelse
  • Dei nye eldre
  • Leiarskap i rehabilitering
  • Velferdsteknologi, med fokus på eldre
  • Artificial intelligence in health care (denne temapakken blir undervist digitalt og på engelsk)
  • Rehabilitering
  • Helseøkonomi og prioritering
  • Implementering i helsetenestene
  • Samvalg i helsetenestene
  • Tverrfagleg samarbeid i helsetenestene

Dei fleste temapakkane har to emne med desentralisert organisering og eitt emne som er reint digitalt. Emna med desentralisert organisering blir arrangert i samarbeid med den utvalde kommune.

Arbeidsformer

Det er to typar emne i dette studieprogrammet

1) Samlingsbaserte emne. Desse består av ei obligatorisk halvdagssamling utanfor campus og digitalt materiale. I desse emna er det fokus på tverrfagleg samarbeid og lokalt endringsarbeid. Studenten jobbar mykje i gruppe i desse emna. Desse blir gjennomført i samarbeid med utvalde kommunar.

2) Digitale emne. Desse består av digitalt materiale som studenten jobbar med sjølvstendig.

Det digitale materialet består av innspelte forelesingar og foredrag, tekst og arbeidsoppgåver. Det digitale materiale er på norsk og engelsk.

Vurderingsformer

Vurderingsformar som nyttast i studiet er mappevurdering i gruppe og skriftleg, individuell oppgåve med rettleiing.