Informasjon til dei inviterte vertskommunane

Kinn, Gulen, Voss og Ullensvang

Kva vil det seie å vere vertskommune?

Kommunane Kinn, Gulen, Voss og Ullensvang er plukka ut til å få tilbod om å vere vertskommunar for dei samlingsbaserte kursa i første omgang. Dersom vi har ledig kapasitet etter at behovet er dekt i desse kommunane, vil vi vurdere å tilby kursa til andre kommunar. Dersom du er leiar i ein annan kommune og er interessert i ein samtale om å vere vertskommune, ta kontakt med prosjektleiar Maria Nordheim Alme, så ser vi kva mogelegheiter vi har.

Vertskommunen har tre oppgåver:

  1. Stille med ein kontaktperson og avtale tid og stad for samlinga for kurset.

  2. Tilby eit eigna lokale (minimum 40 personar, fleire dersom behovet er større)

  3. Bistå i rekruttering/informasjonsdeling i kommunen ved å vidaresende nettsida: Helse, migrasjon og aldring

Samlingane for haustsemesteret bør vere i oktober og samlingane for vårsemesteret bør vere i februar/mars. Ein kan gjerne samkøyre samlingar for fleire kurs, for eksempel over ein heil dag, to påfølgande dagar, eller ei helg. Kvar samling er ein halv dag (3,5 timar) og kan gjennomførast på dagtid, kveldstid eller i helg. Dette er opp til vertskommunen. Det er ei samling per kurs.

Framgangsmåte for kommunen

Denne invitasjonen blir sendt ut til leiarar på ulike nivå i dei inviterte vertskommunane. Kursa kan bli gjennomført sentralt i kommunen med invitasjon til alle relevante avdelingar, eller det kan arrangerast i samarbeid med nokre avdelingar. Dersom dette er av interesse for di avdeling eller seksjon, ta kontakt med din leiar der det er relevant. Ta gjerne også kontakt med oss frå HVL så kan vi vere med i diskusjonen og svare på spørsmål om dette tilbodet. Det er ikkje forpliktande å ta kontakt med oss, vi ser fram til samtalar med dykk rundt dette tilbodet.

Når vertsrolle er avklart med kommunen og kurslokale og tidspunkt er avklart, formidlar kommunen denne nettsida til sine tilsette: Helse, migrasjon og aldring.

Deltakarar melder seg på via nettsida. I påmeldinga spør vi om namn, epostadresse, stilling, arbeidskommune og korleis ein ynskjer å ta kurset. Dei som kryssar av for masterkurs får opp lenke til opptak.

Dersom vi har over 40 søkarar til kurset tar vi ein prat med kontaktperson i kommunen om kva som er ynskjeleg. Dersom det er tilgang på større lokale, kan vi auke antal. Dersom vi må prioritere vil deltakarar som ynskjer å ta kurset på masternivå bli prioritert først (opp til 40 deltakarar).

Påmeldingsfrist er 15. september for haustsemesteter 2023, og 15. november for vårsemesteret 2024. Dersom ledig kapasitet kan ein melde seg på heilt fram til kursstart for å ta kursa som etterutdanningskurs. Merk at påmelding etter fristen er løpande.