Studieplan - Master i helsesjukepleie
Hausten 2023
Helsesjukepleiarutdanninga skal kvalifisere kandidatar som kan utføre helsefremjande, førebyggjande og endringsfokusert arbeid på individ-, gruppe-, system- og samfunnsnivå. Hovudmålgruppa er born, unge og deira familie/omsorgsgivarar. Hovudarenaene er helsestasjon-, skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom.
Etter fullført utdanning skal kandidaten kunne bidra til å fremje psykisk og fysisk helse, fremje gode sosiale og miljømessige forhold, førebyggje sjukdom og skadar, jamne ut sosiale helseforskjellar og førebyggje, avdekke og avverje vald, overgrep og omsorgssvikt. Kandidaten skal kunne fremje informerte helseval og bidra til meistring og livskvalitet hjå målgruppa. Kandidaten skal kunne setje i verk tiltak og visa vidare ved behov.
Helsesjukepleiar er ein sentral aktør i det helsefremjande og førebyggjande arbeidet i kommunen og ein premissleverandør på helsefaglege område. Helsesjukepleiar skal bidra til likeverdige tenestetilbod, inkludert å ivareta samar si status som urfolk og deira rettar. Dette inneber å arbeide kultursensitivt og bidra til tilrettlagde språklege og kulturelle tenester.
Kandidaten skal kunne ta ansvar for og gjere sjølvstendige, systematiske, kliniske vurderingar, prioriteringar og avgjersler. Kandidaten skal sikre kvalitet og brukarmedverknad, vurdere eigen arbeid, og endre praksis når det er hensiktsmessig. Kandidaten skal skape trygge relasjonar gjennom kommunikasjon, rettleiing og tverrfagleg/tverretatleg/tverrsektorielt samarbeid. Dette føreset utøving av fagleg skjønn i tråd med yrkesetiske retningsliner.
Helsesjukepleiarutdanninga er praksisnær og forskingsbasert, og skal møte samfunnet sitt krav om likeverdige og kunnskapsbaserte tenester. Etter fullført utdanning skal kandidaten kunne bidra til ei berekraftig utvikling av helsetenesta i takt med globale, demografiske, sosiale, miljømessige og teknologiske endringar.
Helsesjukepleiarutdanninga byggjer på Forskrift om nasjonal retningslinje for helsesykepleierutdanning
Forskrifta gjeld for universitet og høgskular som gjev helsesjukepleiarutdanning, og som er akkreditert etter lov om universitet og høgskular § 1-2 og § 3-1. Forskrifta gjeld for helsesjukepleiarutdanning på 90 og 120 studiepoeng. Formålet med forskrifta er at ho skal tryggje eit nasjonalt likeverdig fagleg nivå, slik at kandidatane som blir uteksaminerte har ei felles avsluttande kompetanse, uavhengig av utdanningsinstitusjon.
Helsesjukepleiarutdanninga byggjer på bachelorutdanning i sjukepleie eller tilsvarande og norsk autorisasjon som sjukepleiar. Fullført helsesjukepleiarutdanning på 120 studiepoeng gjev mastergrad i helsesjukepleie og kvalifiserer for arbeid som helsesjukepleiar. Kandidatar med 120 studiepoeng kan identifisere aktuelle forskingsområde og bidra til utvikling av ny kunnskap innan helsestasjon- og skulehelsetenesta.
Kandidatar som vel å ta 90 studiepoeng, har fullført vidareutdanning i helsesjukepleie og kvalifiserer òg til arbeid som helsesjukepleiar.
Studieprogrammet består av 8 emne (120 studiepoeng). Kandidatar som vel å ta 90 studiepoeng, tar 7 emne:
HEL510 Folkehelsearbeid
HEL511 Barn, unge og deira familie
HEL512 Kommunikasjon, relasjon og samhandling
HELP1 Praksisstudier, Del 1 og Del 2
HEL514 Leiing, tenesteforbetring og innovasjon
MAMET1HE Vitskapsteori, etikk og metode
HEL515 Forsking og fagutvikling - prosjektplan
HEL590 Masteroppgåve * emnet gjeld dei som tar 120 sp.
Har du allerede en videreutdanning i helsesykepleie og vil bygge på til en mastergrad, tar du enten 60 stp. på deltid over 1,5 år, eller 30 stp. på deltid over 1 år, basert på følgende:
- Har du utdanning på 60 studiepoeng etter forskrift til rammeplan for helsesykepleierutdanning fastsatt 1. desember 2005, eller forskrift fastsatt 12. mars 1998 tar du emnene HEL514, MAMET1HE (vårsemesteret), HEL515 (høst) samt HEL590 (høst og vår). Du tar i alt 60 studiepoeng av masterprogrammet og begynner i vårsemesteret.
- Har du fullført videreutdanning helsesykepleie på 90 studiepoeng etter forskrift om nasjonal retningslinje fastsatt av Kunnskapsdepartementet 9. april 2021, vil du få innpasset utdanningen du har fra før av, og skal bare ta 30 nye studiepoeng. Du tar da masteroppgaven HEL590 over to semester; høst og vår. Dette vil tidligst bli fra høsten 2025.
Har du videreutdanning som helsesykepleier fra før av, skal du ikke i praksis.
Opptak til påbygg er betinget av kapasitet.
Opptakskrav
Opptakskrav for master i helsesykepleie:
- Bachelorgrad i sykepleie og norsk autorisasjon som sykepleier.
Opptakskrav til påbygg i master i helsesykepleie:
- Bachelorgrad i sykepleie og norsk autorisasjon som sykepleier.
- Fullført videreutdanning i helsesykepleie etter forskrifter og rammeplaner fastsatt i 1998, eller senere
Søkere rangeres i tråd med § 4-3 i forskrift om opptak til Høgskulen på Vestlandet. Det blir gitt tilleggspoeng for praksis ved opptak til master, men ikke ved opptak til påbygg.
Læringsutbytte
Ein kandidat med følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Kandidaten…
- har avansert kunnskap om helsefremjande og førebyggjande arbeid på individ-, gruppe- og befolkningsnivå
- har djuptgåande kunnskap om gjeldande lovverk, nasjonale faglege retningslinjer, politiske føringar og administrative verkemiddel som legg premissar for det helsefremjande og førebyggjande arbeidet i kommunale helse- og omsorgstenester
- har avansert kunnskap om spedbarn, barn og unge si fysiske, psykiske, seksuelle og sosiale helse og utvikling
- har djuptgåande kunnskap om barn og unge sine beskyttelses- og risikofaktorar
- har djuptgåande kunnskap om tilknyting og samspel, familiar si funksjon, behov og utfordringar, og identifiserer avvik, vurderer og følgjer opp familiar
- har avansert kunnskap om kommunikasjon og relasjonsbygging
- har spesialisert kunnskap om samhandling, tverrfagleg og tverrsektorielt samarbeid og tenestekoordinering på individ-, gruppe- og systemnivå
- har djuptgåande kunnskap om inkludering, likestilling og ikkje-diskriminering, uavhengig av kjønn, språk, etnisitet, religion og livssyn, funksjonsnedsetjing, seksuell orientering, kjønnsidentitet, kjønnsuttrykk, alder og familieform
Ferdigheiter:
Kandidaten…
- kan bruke relevante kjelder og ein kunnskapsbasert tilnærming for systematisk folkehelsearbeid, inkludert kunnskap om påverknadsfaktorar si betydning.
- kan identifisere behov for, kartleggje, initiere og utføre smittevernarbeid, inkludert barnevaksinasjonsprogrammet.
- kan nytte kunnskapsbaserte metodar for å fremje informerte helseval, meistring og livskvalitet hjå barn, unge og deira familie/omsorgsgjevarar.
- kan førebygge, avdekke og følgje opp fysiske og psykiske helseplager hjå barn og unge.
- kan sjølvstendig rettleie om, rekvirere og administrere prevensjonsmiddel, inkludert langtidsverkande prevensjonsmiddel.
- kan nytte kunnskapsbaserte og helsepedagogiske metodar i helseopplysning, rettleiing og rådgjeving.
- kan analysere kjelder, kliniske, faglege og etiske problemstillingar med implikasjonar for helsesjukepleiepraksis.
- kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig fagutviklingsarbeid.
- kan gjennomføre avgrensa vitskapleg arbeid i samsvar med forskingsetiske retningslinjer.*
Generell kompetanse:
Kandidaten…
- kan nytte kunnskap og ferdigheiter om urfolk, migranter og minoritetar sine særlege behov og utøver ein kultursensitiv tilnærming i arbeidet.
- kan planlegge og gjennomføre tiltak som bidrar til å redusere sosiale ulikskapar i helse.
- kan analysere faglege problemstillingar med medisinsk- og helsefagleg personell og andre profesjonsgrupper, for å bidra til forsvarlege helsetenester til barn, unge og deira familie/omsorgsgjevarar.
- kan ivareta brukarmedverknad på individ-, gruppe- og systemnivå.
- kan nytte kunnskapen og ferdigheitane sine til å leie eige arbeid, analysere eigen kompetanse og har innsikt i andre profesjonars kompetanse og etatar og sektorar sine tenestetilbod.
- kan nytte kunnskapen og ferdigheitene sine til å innhente relevant forskingsbasert kunnskap og kritisk vurdere kvalitet, resultat og konklusjon og vurdere overførbarheit og implikasjonar for eigen praksis.
- kan identifisere aktuelle forskingsområde og bidra til utvikling av ny kunnskap innanfor sitt fagområde.*
- gjeld ikkje for vidareutdanning Helsesjukepleie 90 stp.
Innhald
Studiet er eit samlingbasert heiltidsstudium på campus i Bergen, med 5-8 vekesamlingar kvar semester. Organiseringa av emna og rekkefølgja på emna er planlagt ut frå ein læringslogikk og læringssyn om å starte med grunnleggjande omgrep, kunnskap og forståing innan helsefremjing og førebygging, barn og unge si helse og utvikling, for deretter å utvide kunnskapane, ferdigheitene og kompetansen gjennom påfølgande emne.
HEL512, Kommunikasjon, relasjon og samhandling, vil starte opp i semester 1, vidareførast i semester 2, med eksamen tidleg i 3. semester, og vil med denne strukturen bidra til å førebu studentane best mogleg før praksis.
MAMET1HE er eit heildigitalt emne som gjennomførast i 2. semester. I same semester skriv studentane ein prosjektplan.
Praksisstudiet er delt i to delar (del I og del II), som gjennomførast i 2. semester (fire veker) og 3. semester (6 veker).
Praksis
Praksisstudiet utgjer samla 15 stp. i emne HELP1 Praksisstudier, og består av:
Del 1: 4 veker i 2. semester
Del 2: 6 veker i 3. semester
Etter paragraf 23 i forskrifta, utgjer praksisstudiet minimum 10 veker. I tillegg kjem eventuell ferdigheitstrening. Gjennom praksisstudiet vil studenten få variert erfaring i arbeid med ulike aldersgrupper, målgrupper og problemstillingar innan helsestasjon- og skulehelsetenesta og helsestasjon for ungdom. Det ligg føre praksisavtalar mellom HVL og fleire kommunar knytt til eksisterande master i klinisk sjukepleie, spesialisering helsesjukepleie.
HVL har ansvar for å følgje opp studentane i praksis, skal være oppdatert på praksisplassen sine problemstillingar og gje bistand i pedagogiske spørsmål inkludert planlegging av læringsaktivitetar, rettleiingsmetodikk og evaluering. Praksisplassen har ansvar for den daglege rettleiinga og oppfølginga av studentane, og skal sørge for at praksisrettleiar er av same profesjon som den som blir rettleia. Praksisrettleiar skal ha relevant fagleg kunnskap og bør som hovudregel ha formell rettleiingskompetanse.
Det krevst 90 % oppmøte i praksisstudiet (HVL)
Som hovudregel tildeler Høgskulen på Vestlandet HVL praksisplassar til studentane
Arbeidsformer
Arbeidsformer i studiet gjenspeglar læringsutbyteomtalane og kva vurderingsformer som blir nytta i dei enkelte emna. Studentane skal gjennom ulike arbeidsformer tileigne seg læringsutbytta.
Arbeidsformer som blir nytta, er førelesingar, ferdigheitstrening, simulering, seminar, gruppearbeid, kliniske studiar/praksisstudiar, nettbaserte arbeidsformer og sjølvstudium. Gjennom studentaktive læringsformer blir det forventa at studentane tek medansvar for både eigen og medstudentar si faglege utvikling og læring for å oppnå læringsutbytta. I undervisninga blir diskusjonar, argumentasjonar og munnlege framlegg vektlagt. Kritisk refleksjon over samanhengar mellom teoretiske perspektiv og fagutøving blir lagt vekt på, og det blir forventa at studentane nyttar erfaringar og refleksjonar frå praksisstudiane. Studiet er derfor lagt opp slik at studentane skal arbeide både individuelt og i gruppe. Canvas blir nytta som studiestøttesystem.
Delar av undervisninga er felles for fleire studieretningar, og dette vil framgå av timeplanen. Timeplanlagd fellesundervisning blir organisert i samlingar som i stor grad kombinerer ressursførelesingar med studentaktive læringsformer.
Obligatoriske læringsaktivitetar blir omtalte i beskrivingane av kvart emne og omhandlar skriftlege fagnotat, munnlege presentasjonar, ferdigheitstrening, medstudentrespons, deltaking i basisgrupper, obligatorisk rettleiing, samt oppgåve- og masterseminar.
Vurderingsformer
Ut frå forventa læringsutbyte, fagleg innhald, pedagogisk metode og undervisningsformer vil studentane møte ulike vurderingsformer gjennom studiet. Vurderingsformene skal ivareta ein kontinuerleg prosess med eit tosidig føremål: å fremje læring og dokumentere at studenten har oppnådd læringsutbytta.
Obligatoriske læringsaktivitetar er alle former for obligatoriske arbeid og aktivitetar som blir sett som vilkår for å stille til eksamen. I dette studiet består obligatoriske læringsaktivitetar av:
- Skriftlege oppgåver
- Presentasjon av eige arbeid i plenum
- Deltaking i nettbaserte læringsformer og testar
- Deltaking i ferdigheitstrening og simulering
- Obligatorisk rettleiing på oppgåver og deltaking på oppgåveseminar
- Obligatorisk rettleiing på masteroppgåva og deltaking på masteroppgåveseminar
Studenten får skriftleg og/eller munnleg tilbakemelding frå fagleiar og/eller medstudent på dei skriftlege svara med omsyn til form og innhald. Alle arbeidskrava må vere godkjente før studenten får stille til eksamen i emnet.
Studentane blir vurderte ut frå emnet sitt læringsutbyte. Følgjande vurderingsformer blir nytta i studiet:
- Gruppeeksamen
- Munnleg individuell / gruppeeksamen
- Skriftleg eksamen under tilsyn
- Individuell heimeeksamen
- Praksisvurdering
- Masteroppgåve
Krav til studieprogresjon
Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vere godkjente før studenten får stille til eksamen i emnet. Innhald og omfang av obligatorisk undervisning kjem fram i emneplanen. Ein del emne har forkunnskapskrav.
For å levere masteroppgåva må alle føregåande emne vere bestått. Sjå elles emneomtalen for meir informasjon.
Internasjonalisering
HVL har brei satsing på internasjonalisering med student- og lærarutveksling og forskingssamarbeid. I samband med masteroppgåva kan studentar inkluderast i tilsette sitt forskingsprosjekt og internasjonale samarbeidsrelasjonar. Dersom studenten er tilknytt eit internasjonalt forskingsamarbeid, kan det vere aktuelt med bi-rettleiarar frå aktuelle samarbeidspartnarar i arbeidet med masteroppgåva.
Utdanninga er med i Nordplusnettverket Nordsne, og har samarbeidsavtalar med institusjonar i Sverige, Island og Latvia. Emnet HEL514 Leiing, tenesteforbetring og innovasjon, skal tilbydast innvekslingsstudentar og skal òg bidra til internasjonalisering heime.