Hopp til innhald

Studieplan - Historie, bachelorstudium, Sogndal

Hausten 2019

Historie er kanskje det mest mangfaldige studiet som finst. Som historiestudent studerer du samfunnslivet i all si bredde: frå politikk, økonomi og teknologi til kultur, idear, og sosiale forhold. Du vil besøke mange ulike tider og stader, og sjå hendingar i heile spennet frå eit individperspektiv til det globale fugleperspektivet.

På eit vis handlar historie om frigjering: du trer ut av din eigen situasjon i tid og rom, og prøver å forstå korleis menneske i fortida tenkte og handla, og kvifor. Ei djup historisk forståing kan gje ny meining til samtida og ny retning til eige liv. Studiet av historisk variasjon i institusjonar kan samtidig gi deg innsikt i kva som har fungert og ikkje i fortida. Då får du eit sjølvstendig grunnlag for å meine noko om kva for system og tiltak som er moglege, nødvendige eller rettvise i dag.

Med ein bachelor i historie har du mange ferdigheiter som er etterspurde i arbeidslivet. Arbeidsgjevarar etterspør studentar som kan tenkje sjølvstendig, kritisk, heilskapleg, og langsiktig. Dei ser også etter kandidatar som kan hente inn og analysere store og komplekse informasjonsmengder og deretter samle og presentere ny kunnskap. Ikkje minst er det viktig for arbeidslivet å ha folk som forstår endringsprosessar i samfunnet og kan handtere store kulturforskjellar.

Bachelorprogrammet i historie er lagt opp slik at du kombinerer brei læring om norsk, europeisk og global historie frå dei eldste tider og fram til i dag med ulike val- og fordjupingsemne. I tillegg får du skrive ei bacheloroppgåve om eit historisk emne du er spesielt interessert i. Noko av det unike med dette studiet er at ein del av læringa dreier seg om korleis historia blir brukt i dagens samfunn, og inneheld både praksisopphald og øving i formidling til ulike publikum. Dette gjer utdanninga meir yrkesretta enn andre historiestudium.

Første og tredje studieåret følger eit obligatorisk løp, men i det andre studieåret står du fritt til å velje eit årsstudium eller setje saman ulike emne, enten ved HVL eller ved andre utdanningsinstitusjonar innan- eller utanlands.

Kva kan du jobbe med?

Historiefagleg utdanning kan opne for mange ulike moglegheiter i arbeidslivet, avhengig av dine eigne interesser, røynsler og evner. Oversynet under viser berre nokre av desse moglegheitene:

  • Prosjektarbeid, rådgjeving, opplæring og saksbehandling i offentlig og privat sektor
  • Arkiv og museum
  • Media og forlag
  • Kultur, underhaldning og reiseliv
  • Politikk, organisasjonar og internasjonalt arbeid
  • Stiftingar og tenketankar
  • Strategi-, analyse-, og informasjonsarbeid i næringslivet
  • Kommunikasjon, marknadsføring og nye media
  • Sjølvstendig arbeid som konsulent, frilansar eller gründer

Med bachelor i historie kan du søkje opptak på masterstudium i historie ved andre institusjonar.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullførd kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten

  • har brei realhistorisk kunnskap om norsk, europeisk, og global historie, og ei djupare forståing av einskilde historiske emne
  • har inngåande kjennskap til endringsprosessar i samfunnet over korte og lange tidsspenn
  • har kunnskap om økonomisk og teknologisk utvikling, og om sosiale og kulturelle endringar over tid
  • har historisk kunnskap om politiske institusjonar og ideologi, krig, diplomati og rettsutvikling
  • har kjennskap til kva som kjenneteiknar norsk og europeisk historie i komparative perspektiv
  • kjenner til sentrale teoriar og metodar som vert nytta i historisk forsking, og kan nytte desse i eige, sjølvstendig arbeid
  • kjenner til ulike forklaringar og fortolkingar som vert nytta til å forstå viktige hendingar og utviklingstrekk i historia
  • kjenner til ulike perspektiv på kjønn i historia
  • har kunnskap om historiefaget si historie og eigenart, og kva roller historia og historikaren kan ha i samfunnet
  • kan oppdatere kunnskapane sine og vurdere nytt fagstoff
  • kan gjennom praksis i arbeidslivet gjere greie for korleis ein kan utnytte teoretisk, praktisk og erfaringsbasert kunnskap

 

Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan nytta historiefagleg kunnskap til å orientere seg kritisk i ei stor informasjonsmengd og drøfte kompliserte årsak- og verknadssamanhengar i analytiske skriftlege framstillingar
  • kan reflektera over eiga fagleg verksemd og justere denne under fagleg rettleiing
  • kan drøfte korleis menneska sin situasjon under skiftande samfunnstilhøve har variert gjennom ulike historiske epokar, frå stad til stad, og mellom ulike grupper
  • kan finne fram til, vurdere, og analysere historiske data, kjelder og litteratur og trekke sjølvstendige konklusjonar slik at det kastar lys over ei problemstilling
  • kan drøfte historiske problemstillingar og formidle eige forskingsarbeid munnleg og skriftleg
  • kan forstå historisk forskingsdebatt og reflektere kring vitskaplege grunnlagsproblem
  • kan meistre kronologi, kjeldekritikk, hermeneutikk, og andre faglege verktøy
  • kan bruke digitale verktøy til å hente informasjon frå ulike medium og vurdere den kjeldekritisk i eigne framstillingar

 

Generell kompetanse

Kandidaten

  • har innsikt i korleis historia kan brukast og misbrukast, og dei etiske sidene ved historisk forsking og formidling
  • har innsikt i dei analytiske, fortolkande og kreative prosessane som ligg bak skapinga av ny historisk kunnskap
  • kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
  • kan tenkje kritisk, langsiktig og heilskapleg
  • kan planlegge og gjennomføre større prosjekt
  • kan setje seg inn i andre menneskes situasjon, på tvers av tid, stad, og kultur
  • kan nytte historisk kunnskap og forståing til å forstå samtida og ta avgjerder
  • kan nytte historiske teoriar og metodar til å fortolke ny informasjon og forstå endringar i samfunnet
  • kan formidle sentralt fagstoff til ulike publikum, og utveksle synspunkt og erfaringar med andre
  • kan nytta kunnskap om historiske nyvinningar og innovasjonar til å forstå og bidra til innovasjonsprosessar i dagens og framtidas samfunn
  • har gjennom yrkesrelevant praksis ha innsikt i relevante fag- og yrkesetiske problemstillingar

Innhald

Studiet har 8 emne i historie 1. og 3. år som til saman utgjer 100 studiepoeng (sjå emneoversikt). Andre året vel studentane andre emne ved HVL, andre høgskular og universitet i Noreg eller i utlandet. Studentar som tek andre studieåret ved andre institusjonar bør be om førehandsgodkjenning frå HVL.

Praksis

I haustsemesteret tredje året skal studentane ha ein sju vekers periode i praksis. Målet med praktikantopphaldet er å gje studenten høve til å bruke og utvikla den faglege kunnskapen på ein relevant arbeidsplass, til dømes museum, arkiv, mediebedrifter, reiseliv, offentleg forvaltning og andre verksemder som driv ei eller anna for form for historieformidling.

Arbeidsformer

Førelesingar, seminarundervisning, munnleg presentasjon, skriftlege oppgåver/mappeoppgåver, fordjupingsoppgåve og sjølvstudium. Somme av emna har obligatorisk frammøte til undervisninga (sjå emneplanane). Mappeoppåver/bacheloroppgåve blir kommentert av faglærar.

Det vert det besøk til Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, Statsarkivet i Bergen og De Heibergske Samlinger/Sogn Folkemuseum. For studentar som ikkje har høve til å delta i undervisning som krev eigenbetaling, tilbyr høgskulen alternativt undervisningsopplegg som tilfredsstiller dei faglege krava.

Vurderingsformer

Det vert nytta ulike vurderingsformer: oppgåver til mappe, munnleg eksamen, skuleeksamen og skriftleg oppgåve med munnleg etterprøving.

Internasjonalisering

Studentane ved bachelorstudiet i historie kan ta eitt eller begge semester andre året ved ein utanlandsk utdanningsinstitusjon. HVL har fleire samarbeidsavtalar for studentutveksling med universitet og høgskular i utlandet.