Studieplan - Historie, årsstudium - nettstudium
Hausten 2024
Med årsstudium i historie får du forståing og kunnskap om korleis både mennesket og verda har utvikla seg gjennom historia. Historie handlar om å sjå endringar over tid, og du lærer om kva som har skjedd, og ikkje minst kvifor og korleis det skjedde. Studiet gir deg ei innføring i historie frå seinantikken til vår tid. Det gir deg også ein smakebit av historiefagets grunnleggjande spørsmål og arbeidsmåtar og innblikk i korleis historie er til stades og blir brukt i samfunnet i dag.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullførd kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskapar
Kandidaten
kan gjere greie for hovudtrekk i norsk, europeisk og global historie og forklare sentrale kulturelle, sosiale, økonomiske og politiske endringsprosessar
kan gjere greie for korleis historikarar arbeider og korleis historia blir brukt i samfunnet
kjenner til ulike forklaringar og fortolkingar som vert nytta til å forstå viktige hendingar og utviklingstrekk i historia
Ferdigheiter
Kandidaten
kan tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
kan skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innanfor gjevne tidsrammer
kan reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse
Kandidaten
kan setje seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
kan handtere store informasjonsmengder og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
har innsikt i korleis historia kan brukast og misbrukast, og dei etiske sidene ved historisk forsking og formidling
kan argumentere rasjonelt og logisk, i samsvar med vitskaplege kriterium
kan nytte historiske teoriar og metodar til å fortolke ny informasjon og forstå endringar i samfunnet
Innhald
Studiet skal gje studentane ei grunnleggjande innføring i norsk, europeisk og global historie frå seinantikken og fram til våre dagar. Det skal gje forståing for endringsprosessar og krefter som har forma det moderne samfunnet. Å analysere statsutvikling og samfunnsendring føreset ei forståing av teoriar, omgrep og analytiske forklaringsmodellar. Dei fire emna i nyare og eldre historie er breie oversynsemne som tek føre seg både norsk, europeisk og global historie.
I haustemnet Danning og akademisk handverk vil ein få ei grunnleggjande innføring i å vere student, i akademisk verksemd og i historiefaget.
I emnet Historia i samfunnet får studentane ei grunnleggjande innføring i korleis historia er til stades og blir brukt i samfunnet, både til identitetsskaping, underhaldning og politiske og kommersielle føremål. Den teoretiske innføringa vil ta utgangspunkt i korleis historia har vore brukt og blir brukt i konkrete situasjonar, og det vil stå sentralt å sjå på kva kunnskaps- og kjeldegrunnlag ulike former for historiebruk vil ha.
Arbeidsformer
Studiet set store krav til sjølvstendig arbeid med stoffet. Studiet er lagt opp som eit reint nettstudium med Canvas som den sentrale læringsplattforma. Noko av undervisninga føregår som førelesingar («live») og gruppearbeid ved hjelp av nettkonferanseverktøy. Det vil også bli tilbydd digitale ressursar som videoopptak av undervisning og/eller podcast, og det vil bli gjeve øvingsoppgåver og lagt til rette for studentstyrte kollokviegrupper på nett. Skriftlege innleveringar blir kommenterte av faglærar og medstudentar.
Studiet krev at ein har ei datamaskin med godt internettsamband, webkamera, mikrofon og vanleg programvare til skriving og kommunikasjon, og at ein er kjent med vanleg datamaskin- og internettbruk. Ei vanleg moderne datamaskin er nok til å handtere dei digitale verktya som vil bli brukte, men eldre maskinar kan skape problem. Det vil bli gjeve opplæring i bruk av dei digitale verktøya ved studiestart.
Vurderingsformer
Det vert nytta ulike vurderingsformer, som heimeeksamen og oppgåver av varierande storleik. Alle eksamensinnleveringar skjer i det internettbaserte eksamensverktyet til HVL (for tida WiseFlow). Sjå detaljar under emneplanane.
Organisering
Studiet er bygt opp av dei følgjande obligatoriske emna. Alle emna er på 10 studiepoeng, og dei vil som hovudregel vere bolka slik at ein gjer unna undervisning og eksamen i eitt emne før ein tek til på det neste. På hausten vil det seie at emne 1 går i august–september, emne 2 i oktober–november og emne 3 i november–desember. På våren vil emne 1 gå i januar–februar, emne 2 i februar–mars og emne 3 i april–mai. Nøyaktig periode for bolkane blir fastsett i timeplan og eksamensplan og vil variere noko frå studieår til studieår.
Haust (1. semester)
- Emne 1: SA597 Danning og akademisk handverk (10 studiepoeng)
- Emne 2: SA603 Historia i samfunnet(10 studiepoeng)
- Emne 3: HI101 Historie 500–1500 (10 studiepoeng)
Vår (2. semester)
- Emne 1: HI102 Historie 1500–1800 (10 studiepoeng)
- Emne 2: HI103 Historie 1800–1930 (10 studiepoeng)
- Emne 3: HI104 Historie etter 1930 (10 studiepoeng)