Studieplan - Idrett, 1. år bachelor (Idrett årsstudium)
Hausten 2019
Studiet er eit årsstudium som kan inngå i bachelorstudiet i Idrett, fysisk aktivitet og helse, bachelorstudiet i Idrett og kroppsøving eller bachelorstudiet i Friluftsliv. Studiet er retta mot personar som ynskjer å undervise i kroppsøvingsfaget i grunnskule og vidaregåande skule, eller som ynskjer å ta ei friluftslivs eller idrett- og helseutdanning ved HVL, campus Sogndal eller andre institusjonar. Målgruppa er og personar som ønskjer å arbeide med frivillig idrettsarbeid.
Læringsutbytte
Etter fullført idrett 1. år bachelor skal kandidaten ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten:
- kan forklare og drøfte sentrale tema og problemstillingar innan fagområda idrett og samfunn, aktivitetslære, rørslelære, anatomi, motorisk læring, treningslære og undervisningslære
- har brei kunnskap i høve planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå
Ferdigheiter
Kandidaten:
- kan vise ferdigheiter, forklare, anvende, observere, analysere og reflektere over sentrale element i praktiske aktivitetar
- kan vise ferdigheiter i høve til planlegging, organisering, tilrettelegging og rettleiing på ulike dugleiksnivå
Generell kompetanse
Kandidaten:
- kan anvende og formidle sentrale tema og problemstillingar innan fagområdet idrett
- kan planlegge og gjennomføre varierte arbeidsoppgåver aleine eller saman med andre
Innhald
Det er tilnærma like mykje undervisning i teoretiske og praktiske emne.
Studiet inneheld følgjande emne:
- Rørslelære, anatomi, motorisk læring, 10 sp
- Idrett og samfunn, 10 sp
- Undervisningslære, 10 sp
- Aktivitetslære, 15 sp
- Treningslære, 15 sp
Praksis
Skulepraksis for idrett går over 14 dagar. Grunnskule, vidaregåande skule eller folkehøgskule.
I praksisperioden skal studenten:
- erfare kva som vert kravd av planleggingsarbeid i kroppsøvingsfaget
- prøve ut praktisk ulike arbeidsmåtar og undervisningsmetodar
- organisere aktivitetar
- erfare kroppsøvingslærarrolla i praksis
- reflektere over eigen og andre si undervisning
Krav til greidd praksis er at studenten:
- viser evne til å planlegge, gjennomføre og reflektere over eigen undervisning og gjennomføre pålagde oppgåver
- viser evne til samarbeid, møter presis til avtala tidspunkt og gjer pålagte oppgåver
Arbeidsformer
Hovudarbeidsforma i dei teoretiske emna vil vere førelesingar, gruppe- og individuelt arbeid. I dei praktiske timane vil det metodiske grunnlaget vere sentralt, saman med fagkunnskap, eigendugleik og mestring av sentrale element i dei ulike aktivitetane. Praktisk og teoretisk lærestoff blir integrert i timane.
Studentane har arbeidskrav knytt til praktisk aktivitet, praksis, framleggingsoppgåver og innleveringsoppgåver gjennom studiet. Arbeidskrava skal stimulere til større eigenaktivitet.
Vurderingsformer
Skriftleg individuell eksamen, skriftleg heimeeksamen, individuell praktisk-metodisk eksamen. Sjå også emneomtalane.