Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, Elektro Y-veg

Hausten 2018

Har du fagbrev innan elektrofag, kan du ta ingeniørutdanning ved Høgskulen på Vestlande, campus Haugesund.

Elektroingeniørstudiet vårt gjev deg spesialisering inn mot jobber innan automatisering og instrumentering, styring av prosessar og anlegg, og utvikling av kommunikasjonssystem.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte:

 

Kunnskap:

  • Kandidaten har brei kunnskap som gjev eit heilskapleg systemperspektiv på ingeniørfaget generelt, med fordjuping i elektrofaget.
  • Kandidaten har kunnskap om elektriske og magnetiske felt, brei kunnskap om elektriske komponentar, krinsar og system.
  • Kandidaten har grunnleggjande kunnskap i matematikk, naturvitskap, inkludert elektromagnetisme, og relevante samfunns- og økonomifag og om korleis desse kan integrerast i elektrofagleg problemløysing.
  • Kandidaten har kunnskap om teknologiens historie og utvikling med vekt på elktroteknologi, ingeniørens rolle i samfunnet samt konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi.
  • Kandidaten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor eige fagområde, samt relevante metodar og arbeidsmåtar innan elektrofaget.
  • Kandidaten kan oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis.

  

Ferdigheiter:

  • Kandidaten kan nytta kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innan elektrofaget og grunngje vala sine.
  • Kandidaten har ingeniørfagleg digital kompetanse, kan arbeida i relevante laboratorium/felt og meistrar metodar og verktøy som grunnlag for målretta og innovativt arbeid.
  • Kandidaten kan identifisera, planleggja og gjennomføra prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment både sjølvstendig og i team.
  • Kandidaten kan finna, vurdera, nytta og visa til informasjon og fagstoff og framstilla dette slik at det kastar lys over ei problemstilling.
  • Kandidaten kan bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap gjennom deltaking i utvikling og realisering av bærekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og løysingar.

  

Generell kompetanse:

  • Kandidaten har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innan fagområdet sitt og kan setja desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
  • Kandidaten kan formidla elektrofagleg kunnskap både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk til ulike målgrupper og kan bidra til å synleggjera teknologiens verdi og konsekvensar.
  • Kandidaten kan reflektera over eigen fagleg utøving, òg i team og i ein tverrfaglig samanheng, og kan tilpassa denne til den aktuelle arbeidssituasjonen.
  • Kandidaten kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innan fagområdet og dela kunnskapane og erfaringane sine med andre.

 

Innhald

Studiet er 3-årig, vert undervist på heiltid og kvalifiserer til ein bachelorgrad i ingeniørfag.

Arbeidsformer

Arbeids- og undervisningsformer: Arbeidsformene for å formidla faget er varierte og skal invitera studentane til aktivitet og sjølvstendig tenking. Førelesingar, oppgåveløysing i grupper og problembasert læring er dei mest vanlege. Gruppearbeid er den dominerande arbeidsforma til studentane i tillegg til individuell lesing. Det vert lagt ned mykje arbeid i førebuingar frå fagpersonalets side og det vert difor forventa at studentane møter budd til undervisninga.

Praksis: Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis.

FoU-basering: Ei forskingsbasert og analytisk tilnærming til emna dominerar undervisninga i emna som inngår i studiet. Det inneber at undervisninga avspeglar ein forskingsbasert måte å nærma seg problemstillingar og faglege tema på. Fagtilsette som driv forsking skal formidla kunnskapen sin til studentane, det gjeld både forskingstema, bruk av teori og forskingsmetode. Dei skal òg rettleie studentar som arbeider med bacheloroppgåver. Studentane skal sjølv lære å søkje relevant forskingslitteratur og bruke forskingsbasert kunnskap i arbeida sine.

Praktisk informasjon om studiet: Fagleg innhald føl rammeplanen frå Kunnskapsdepartementet. Y-vegen er eit fagleg og pedagogisk tilpassa opplegg, som byggjer på studentane sin yrkesbakgrunn. Undervisninga er nært knytt opp mot kva studentane treng som elektroingeniørar. Det vil bli kompensert for manglande bakgrunn i matematikk og fysikk i to tekniske realfagsemne i første studieår. Norsk og engelsk vil inngå i Innføring i ingeniørfagleg yrkesutøving og arbeidsmetodar.

Den treårige studiemodellen er delt opp i seks semester på 30 studiepoeng kvar, til saman 180 studiepoeng. Studiet vert prega av fagleg mangfald med emne som spenn frå 10 til 20 studiepoeng. Etter tre år (180 studiepoeng) får kandidaten graden Bachelor i ingeniørfag. I 5. semester er det høve til å velge blokker av valemne/profilemne. Vi tek atterhald for oppstart av valemne utfrå talet påmeldte og bemanningssituasjonen i avdelinga til ei kvar tid. For ein del av emna vil det vere krav om forkunnskapar, då utdanninga er lagt opp slik at emna byggjer på kvarandre utover i studiet.

Studiet vert leia av ein studieleiar og kvart emne har sine respektive emneansvarlege. I enkelte emne vil det vere studentassistentar. I kvart årskull vel studentane to tillitsvalde, som kommuniserer direkte med studieleiar. I tillegg vel studentane to referansepersonar per emne som kommuniserer med emneansvarleg.

Arbeidsmengda i eit emne vert rekna i studiepoeng. Eitt års studium er normalt 60 studiepoeng ved full progresjon. Dei fleste emna utgjer 10 studiepoeng. Emna går over eitt eller to semester. Studenten må rekna med å bruka i snitt minimum 40 timar effektiv arbeidstid per veke på studiet. Nokre studentar vil ha behov for å bruka meir tid.

Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er integrert i undervisninga med elektronisk læringsplatform og databaserte støttesystem som viktige verktøy i det faglege og pedagogiske arbeidet.

Undervisninga føregår primært mellom kl 08:15 og 16:00, men undervisning på ettermiddagen kan førekoma. 

Vurderingsformer

Ved utdanninga er det lagt opp til varierte vurderingsformer i de ulike emna. Vurderingsordninga i eit emne kan til dømes vere i form av skriftleg skuleeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, prosjekt eller heimeeksamen. Eit emne kan òg ha ei vurderingsordning der fleire vurderingsformer vert kombinert, til dømes skriftleg eksamen og mappeeksamen. I mange av emna er det arbeidskrav, som er oppgåver/aktivitetar/arbeid som ikkje tel på den endelege karakteren, men som må vere godkjent for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.

Informasjon om vurderingsordninga går fram av emneskildringa til kvart enkelt emne og vert gjennomgått av emneansvarleg ved semesterstart. Sjå elles forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet for nærare detaljar. 

Internasjonalisering

HVL legg til rette for at alle studentar skal kunne ta 1-2 semester av utdanninga si utanfor Noreg sine grenser. Det er fleire avtalar innan EU-programma Sokrates/Erasmus og Leonardo da Vinci. Du kan lese meir om HVL sitt utvekslingstilbod her.