Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, elektro for fagteknikarar

Hausten 2017

Hos oss kan du som tidlegare har teke 2-årig teknisk fagskule innan retninga Automatisering få fritak for inntil 60 sp., basert på innpass av fag frå den tekniske fagskulen. Dette medfører eit 2-årig løp fram mot Bachelor i ingeniørfag.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført og bestått bachelorgrad i elektroingeniørfag skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

 

Kunnskap:

 

  • Kandidaten har brei kunnskap som gjev eit fullverdig systemperspektiv på ingeniørfaget generelt, med fordjuping innan elektrofaget. Kandidaten har kunnskap om elektriske og magnetiske felt, brei kunnskap om elektriske komponentar, krinsar og system.
  • Kandidaten har grunnleggjande kunnskap i matematikk, naturvitskap ¿ inkludert elektromagnetisme ¿og relevante samfunns- og økonomifag og om korleis desse kan integrerast i elektrofagleg problemløysing.
  • Kandidaten har kunnskap om teknologiens historie og utvikling med vekt på elektroteknologi, ingeniørens rolle i samfunnet og konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi.
  • Kandidaten kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innan eige fagfelt, samt relevant metodikk og arbeidsmåtar innafor elektrofaget.
  • Kandidaten kan oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet, både ved å henta inn informasjon og gjennom kontakt med fagmiljø og praksis.

 

Ferdigheiter:

  • Kandidaten kan nytta kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for å løysa teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innafor elektrofaget og grunngje sine val.
  • Kandidaten har ingeniørfagleg digital kompetanse, kan arbeide i relevante laboratorium og beherskar målemetodar, feilsøkingsmetodikk, bruk av relevante instrument og programvare, som grunnlag for målretta og innovativt arbeid.
  • Kandidaten kan identifisera, planleggja og gjennomføra ingeniørfaglege prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment både sjølvstendig og i team.
  • Kandidaten kan finna, vurdera og utnytta teknisk kunnskap på ein kritisk måte innan fagfeltet sitt, og presentera dette både munnleg og skriftleg for å kasta lys over ei problemstilling.
  • Kandidaten kan bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap ved å delta i utvikling, kvalitetssikring og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar.

 

Generell kompetanse:

  • Kandidaten har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innan eige fagfelt og kan setja desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
  • Kandidaten kan formidla elektrofagleg kunnskap til ulike målgrupper både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk og kan bidra til å synleggjera elektroteknologiens rolle og konsekvensar.
  • Kandidaten kan reflektera over eiga fagleg utøving, òg i team og i ein tverrfagleg samanheng, og kan tilpassa denne til den aktuelle arbeidssituasjonen.
  • Kandidaten kan medverka til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innafor fagfeltet og dela kunnskapane og erfaringane sine med andre.

 

Innhald

Studieprogrammet er skreddarsydd for kandidatar med gjennomført 2-årig teknisk fagskule innafor retninga Automatisering. Det er lagt opp som eit 2-årig løp mot Bachelor i ingeniørfag, elektro, der ein gir inntil 60 sp innpass for fag gjennomført ved den tekniske fagskulen.

 

Studiet er tilpassa morgondagens behov og utfordringar og blir gjennomført i tett samarbeid med lokal industri. Med basis i elektro, vert spesialiseringa retta mot industriell automatisering gjennom emne som elektroteknikk, signal og system, og programmering og 3D-modellering.

 

Målgruppe:

Kandidatar med gjennomført 2-årig teknisk fagskule innafor retninga automatisering. 

Arbeidsformer

Førelesingar, rekneverkstad, dataøvingar, laboratoriearbeid, prosjektarbeid, demonstrasjonar, bedriftsbesøk, "Case"-baserte oppgåver, teamarbeid. 

Praksis:

Ikkje relevant 

FoU-basering:

Som ein del av fagmiljøet i Avdeling for tekniske, økonmiske og maritime fag, vil dette studieprogrammet også kunne involverast i dei FoU aktivitetane som allereie eksisterer i avdelinga.

Praktisk informasjon om studiet:

Studiet er spesielt tilrettelagd for folk som er i arbeid og som ønskjer å fortsetje i redusert stilling mens dei studerer. Det er difor lagt opp som eit samlingsbasert studium, der det er undervisning kvar tredje veke. Det er likevel eit fulltidsstudium, der ein gjennomfører 30 sp kvart semester. I dei to vekene mellom kvar undervisningsveke er det lagt opp til ein del nettbasert undervisning og sjølvstudium. Sjølv om opplegget er tilpassa folk i arbeid, er studiet òg meina for folk som ikkje er i arbeid.

 

Studiet blir utvikla og gjennomført i tett samarbeid med industrien i Sunnhordland. 

Vurderingsformer

Ved utdanninga er det lagt opp til varierte vurderingsformer i dei ulike emna. Vurderingsordninga i eit emne kan t.d. vere i form av skriftleg skuleeksamen, mappevurdering, munnleg eksamen/presentasjon, prosjekt eller heimeeksamen. Eit emne kan òg ha ei vurderingsordning der fleire vurderingsformer blir kombinert, t.d. skriftleg eksamen og mappevurdering. I mange av emna er det obligatoriske arbeidskrav (studiekrav), som er arbeid som ikkje tel på karakteren, men som må vera godkjent for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.

 

Informasjon om vurderingsordninga står i emneskildringa til kvart enkelt emne og vert gjennomgått av emneansvarleg ved semesterstart. Sjå elles forskrift om studium og vurdering ved Høgskolen Stord/Haugesund for nærare detaljar. 

Internasjonalisering

Fordi studieprogrammet er skreddarsydd med innpass av 60 sp. frå fagskulen, vil det dessverre ikkje vera høve for studentane å velja eitt eller fleire semester med utveksling. Studia vil likevel ha fokus på internasjonal kompetanse i form av engelskspråkleg litteratur, internasjonale og fleirkulturelle perspektiv og eventuelt utanlandske gjesteforskerar/gjesteforelesarar.