Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, HMS
Hausten 2017
Vil du vere med å videreutvikla verdas mest avanserte sikkerheitssystem?
Noreg er i verdstoppen innan kvalitets- og sikkerheitsarbeid. Sikkerheitsstandardene i offshoreverksemda i Nordsjøen har utvikla seg til å bli dei mest omfattande i verda.
Som HMS-ingeniør (helse, miljø og sikkerhet) får du vere med å videreutvikla verdas mest avanserte sikkerheitssystem. Mange HMS-ingeniørar går inn i leiarstillingar.
Målgruppe: Kandidatar frå heile landet som ønskjer å jobba med kvalitets- og HMS-arbeid.
Læringsutbytte
Kunnskap:
Kandidaten:
· Har brei kunnskap som gjev eit heilskapleg systemperspektiv på ingeniørfaget generelt, med fordjuping i fagfeltet HMS.
· Har grunnleggjande kunnskap i matematikk, naturvitskap, relevante samfunns- og økonomifag og om korleis desse kan integrerast i problemløysing innan HMS.
· Skal med hovudvekt på HMS ha kunnskap om teknologiens historie, teknologiutvikling, ingeniørens rolle i samfunnet samt konsekvensar av utvikling og bruk av teknologi.
· Kjenner til forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagfeltet HMS, samt relevante metodar og arbeidsmåtar innan ingeniørfaget.
· Kan oppdatera kunnskapen sin innan fagfeltet, både gjennom informasjonsinnhenting og kontakt med fagmiljø og praksis.
Ferdigheiter:
Kandidaten:
· Kan nytta kunnskap og relevante resultat frå forskings- og utviklingsarbeid for å løyse teoretiske, tekniske og praktiske problemstillingar innan HMS og grunngje vala sine.
· Har ingeniørfagleg digital kompetanse, kan arbeida i relevante laboratorium/felt og meistrar metodar og verktøy som grunnlag for målretta og innovativt arbeid.
· Kan identifisera, planleggja og gjennomføra prosjekt, arbeidsoppgåver, forsøk og eksperiment både sjølvstendig og i team.
· Kan finna, vurdera, nytta og visa til informasjon og fagstoff og framstilla dette slik at det kastar lys over ei problemstilling.
· Kan bidra til nytenking, innovasjon og entreprenørskap gjennom deltaking i utvikling og realisering av bærekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og/eller løysingar.
Generell kompetanse:
Kandidaten:
· Har innsikt i miljømessige, helsemessige, samfunnsmessige og økonomiske konsekvensar av produkt og løysingar innan brannsikkerheit og kan setja desse i eit etisk perspektiv og eit livsløpsperspektiv.
· Kan formidla kunnskap innan HMS både skriftleg og munnleg på norsk og engelsk til ulike målgrupper og kan bidra til å synleggjera teknologiens verdi og konsekvensar.
· Kan reflektera over eigen fagleg utøving, òg i team og i ein tverrfaglig samanheng, og kan tilpassa denne til den aktuelle arbeidssituasjonen.
· Kan bidra til utvikling av god praksis gjennom å delta i faglege diskusjonar innan fagområdet og dela kunnskapane og erfaringane sine med andre.
Innhald
Studiet er 3-årig og kvalifiserer til Bachelorgrad. Studium til HMS-ingeniør i Noreg føregår berre ved Høgskulen på Vestlandet. Med denne bakgrunnen har Ingeniørutdanninga profilert seg sterkt mot studium knytt til sikkerheitsfag.
Fokus på sikkerheit blir meir og meir viktig i dagens samfunn, og behovet for kunnskap og kompetanse innan dette er sterkt aukande. HMS-studiet konsentrerer seg om fleire viktige tema: HMS-internkontroll, fysisk og kjemisk arbeidsmiljø, risikovurdering og risikoanalyse, beredskapsleiing og brannvern. Det blir gjeve innføring i ulykkesteori og ulykkesmodellar, organisasjonsteori og moderne leiingsmodellar innan kvalitets- og sikkerheitsleiing.
Arbeidsformer
Arbeids- og undervisningsformer: Arbeidsformene for å formidla faget er varierte og skal invitera studentane til aktivitet og sjølvstendig tenking. Førelesingar, oppgåveløysing i grupper og problembasert læring er dei mest vanlege. Gruppearbeid er den dominerande arbeidsforma til studentane i tillegg til individuell lesing. Det vert lagt ned mykje arbeid i førebuingar frå fagpersonalets side og det vert difor forventa at studentane møter budd til undervisninga.
Praksis: Studiet inneheld ikkje obligatorisk praksis.
FoU-basering: Ei forskingsbasert og analytisk tilnærming til emna dominerar undervisninga i emna som inngår i studiet. Det inneber at undervisninga avspeglar ein forskingsbasert måte å nærma seg problemstillingar og faglege tema på. Fagtilsette som driv forsking skal formidla kunnskapen sin til studentane, det gjeld både forskingstema, bruk av teori og forskingsmetode. Dei skal òg rettleie studentar som arbeider med bacheloroppgåver. Studentane skal sjølv lære å søkje relevant forskingslitteratur og bruke forskingsbasert kunnskap i arbeida sine.
Praktisk informasjon om studiet: Fagleg innhald føl rammeplanen frå Kunnskapsdepartementet. Den treårige studiemodellen er delt opp i seks semester på 30 studiepoeng kvar, til saman 180 studiepoeng. Studiet vert prega av fagleg mangfald med emne som spenn frå 10 til 20 studiepoeng. Etter tre år (180 studiepoeng) får kandidaten graden Bachelor i ingeniørfag. I 5. semester er det høve til å velge blokker av valemne/profilemne. Vi tek atterhald for oppstart av valemne utfrå talet påmeldte og bemanningssituasjonen i avdelinga til ei kvar tid. For ein del av emna vil det vere krav om forkunnskapar, då utdanninga er lagt opp slik at emna byggjer på kvarandre utover i studiet.
Tresemesterordninga (TRESS) har eit særskilt opplegg det første studieåret. Det startar med sommarkurs før første studieår, det er ekstra undervisning i første semester, og ein del av sommaren mellom 1. og 2. studieår blir brukt til studium. Innen starten av 2. studieår skal studentane på dette opplegget ha dokumentert det same læringsutbyttet som dei andre studentane.
Studiet vert leia av ein studieleiar og kvart emne har sine respektive emneansvarlege. I enkelte emne vil det vere studentassistentar. I kvart årskull vel studentane to tillitsvalde, som kommuniserer direkte med studieleiar. I tillegg vel studentane to referansepersonar per emne som kommuniserer med emneansvarleg.
Arbeidsmengda i eit emne vert rekna i studiepoeng. Eitt års studium er normalt 60 studiepoeng ved full progresjon. Dei fleste emna utgjer 10 studiepoeng. Emna går over eitt eller to semester. Studenten må rekna med å bruka i snitt minimum 40 timar effektiv arbeidstid per veke på studiet. Nokre studentar vil ha behov for å bruka meir tid.
Informasjons- og kommunikasjonsteknologi er integrert i undervisninga med elektronisk læringsplatform og databaserte støttesystem som viktige verktøy i det faglege og pedagogiske arbeidet.
Undervisninga føregår primært mellom kl 08:15 og 16:00, men undervisning på ettermiddagen kan førekoma.
Vurderingsformer
Ved utdanninga er det lagt opp til varierte vurderingsformer i de ulike emna. Vurderingsordninga i eit emne kan til dømes vere i form av skriftleg skuleeksamen, mappeeksamen, munnleg eksamen, prosjekt eller heimeeksamen. Eit emne kan òg ha ei vurderingsordning der fleire vurderingsformer vert kombinert, til dømes skriftleg eksamen og mappeeksamen. I mange av emna er det arbeidskrav, som er oppgåver/aktivitetar/arbeid som ikkje tel på den endelege karakteren, men som må vere godkjent for at studenten skal kunne ta eksamen i emnet.
Informasjon om vurderingsordninga går fram av emneskildringa til kvart enkelt emne og vert gjennomgått av emneansvarleg ved semesterstart. Sjå elles forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet for nærare detaljar.
Internasjonalisering
Høgskulen legg til rette for at alle studentar skal kunne ta 1-2 semester av utdanninga si utanfor Noregs grenser. Det er fleire avtalar innan EU-programma Sokrates/Erasmus og Leonardo da Vinci. Du kan lese meir om HVL Haugesunds utvekslingstilbod her.
De fleste emna blir undervist på norsk, mens mykje av litteraturen er på engelsk. Spesielt i 5. semester kan det førekome at emne blir undervist på engelsk for at studenter frå andre land skal ha høve til innveksling, samstundes som dette er eit ledd i internasjonaliseringa for dei av studentene våre som ikke vel å reise på utveksling.