Studieplan - Matematikk 1, 1.-7. trinn
Hausten 2023
Matematikk 1 1.-7. trinn er eit 30 studiepoengskurs for lærarar som underviser i matematikk for 1.-7. trinn i grunnskulen.
Innhald
Gjennom studiet skal du utvikle eit fagdidaktisk grunnlag for matematikkundervisning på heile barnetrinnet, både i begynneropplæring og på mellomtrinn. Det vil si å forstå, vurdere, beskrive, utforske og legge til rette for elevane sine læringsprosessar og kunnskapsutvikling i matematikkfaget. Dette omfattar ulike undervisningsformer, språk og kommunikasjon i matematikkfaget, læremiddel og verktøy, og læringsteoriar knytt opp mot matematikkfaget.
Arbeidsformer
Studiet er samlingsbasert med tre samlingar per semester. All kommunikasjon mellom samlingane vil foregå via læringsplattforma Canvas.
Undervisninga vil innehalde varierte arbeidsformer, òg digitalt, som til dømes:
- gruppearbeid
- forelesingar
- diskusjon
- verkstad
- rettleiing
- individuelt arbeid
- leik og spill
- prosjektarbeid
- kollokvier
- kollegadeling på egen arbeidsplass
Vurderingsformer
- Emne 1: Munnleg eksamen, 30 minutt.
- Emne 2: Skriftleg skuleeksamen, 6 timar.
Internasjonalisering
Nei