Studieplan - Matematikk 1, 5-10. trinn
Hausten 2023
Matematikk 1 5.-10. steg er eit 30 studiepoengs kurs for lærarar knytt til undervisning og læring i matematikk retta mot 5.-10. steg i grunnskulen.
Innhald
Varierte undervisningsformer, språk og kommunikasjon i matematikkfaget, bruk av læremiddel og verktøy, læringsteoriar knytt opp mot matematikkfaget og vidareutvikle studenten sin profesjonsfaglege digitale kompetanse. Fagdidaktiske refleksjonar knyttast til dei matematiske tema tal og talforståing, prealgebra, algebra, funksjonslære, geometri, måling, statistikk og sannsynsrekning, og studenten vil få moglegskap til å oppdatere og vidareutvikle eigne matematikkunnskapar gjennom å arbeide utforskande med matematikk.
Arbeidsformer
Studiet er samlingsbasert med 3 samlingar på 2 dagar i kvart semester. Arbeidsformene vil veksle mellom forelesingar, studentaktive arbeidsformer, seminar, rettleiing, nettdiskusjonar, munnlege framlegg og skriftleg arbeid.
Vurderingsformer
- Emne 1: Munnleg eksamen
- Emne 2: Munnleg eksamen
Internasjonalisering
Nei