Studieplan - Matematikk 2, 1.-7. trinn
Hausten 2020
Matematikk 2 er for lærarar som ønsker å fordjupe seg vidare i fagdidaktisk teori og matematiske emne som er relevante for barnetrinnet. Studiet har ei sterk praksisfastankring og forsking på og i eigen praksis er eige tema.
Målsetjinga med studiet er å styrke lærarane sitt faglege og didaktiske grunnlag for planlegging, gjennomføring, kritisk vurdering og vidareutvikling av matematikkundervisning frå 1. 7. trinn.
Generell info
Studiet består av to emne. Studiet har ei sterk praksisfastankring, med forsking som gjennomgåande tema.
Matematikk 2 er nett- og samlingsbasert med 2 dagars samlingar 3 gongar per semester. Samlingsstad: Høgskulen på Vestlandet i Bergen.
Læringsplattforma Canvas blir brukt og brukast til å legge ut leksjonar og arbeidsoppgåver mellom samlingane. Det forventast at deltakarane er aktive på læringsplattforma.