Hopp til innhald

Studieplan - Norsk 2, 5.-10. trinn fjernundervisning

Hausten 2014

Studiet er eit ledd i regjeringa si satsing på varig vidareutdanning (Kompetanse for kvalitet). Etter Forskrift til opplæringslova §14-2 må ein lærar ha 30 studiepoeng norsk for å undervise i faget på barnetrinnet og 60 studiepoeng norsk for å undervise på ungdomstrinnet.

Norsk 2 5-10 Tekstkunnskap og språkkunnskap (30 studiepoeng) byggjer på Norsk 1 Grunnutdanning og er eit vidaregåande kurs for lærarar som fortrinnsvis vil undervise i norsk på mellomtrinnet og ungdomstrinnet.

 

Norsk 2 er delt i to modular à 15 studiepoeng. Modul 1 Språkkunnskap går hausten 2015, og modul 2 Tekstkunnskap går våren 2016. Modul 1 gir eit teoretisk og didaktisk grunnlag for arbeid med den andre lese- og skriveopplæringa i klasserommet. Sentrale tema er lese- og skriveteoriar, leseforståing, lese- og skrivestrategiar og vurdering av lese- og skriveferdigheiter. Modul 2 gir ei innføring i ny og aktuell barne- og ungdomslitteratur og gir teoretiske perspektiv på debattar knytte til denne litteraturen.

Saman med Norsk 1 Grunnutdanning utgjer Norsk 2 Tekstkunnskap og språkkunnskap eit årsstudium (60 studiepoeng). Samla gir kursa omfattande kompetanse til norskundervisning på mellom- og ungdomstrinnet. Samla kan dei også vere grunnlag for opptak til ulike masterstudium der norsk inngår. Normert studietid for modul 1 er eit halvt år.

Innhald

Studentane skal etter fullført studium

  • ha kunnskap om lese- og skrivestrategiar og relevante teoriar om lesing, skriving og lese- og skriveopplæring
  • ha innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutviklling av leseforståing og lesestrategiar, både for elevar med norsk som førstespråk og norsk som andrespråk
  • ha god kunnskap om språket som system
  • ha kunnskap om fleirspråklegheit, fleirspråkleg praksis og om det å lære norsk som eit andrespråk
  • ha god innsikt i talemålsvariasjonen i moderne norsk
  • ha god kjennskap til norsk språkhistorie frå den eldste tida og fram til i dag
  • kunne setje i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
  • kunne bruke språk- og tekstkunnskap i arbeidet med analyse av, respons på og vurdering av munnlege og skriftlege elevtekstar for å fremje læring
  • kunne kartlegge og vurdere lese- og skriveferdigheiter, sette i verk relevante tiltak for tilpassa opplæring og oppdage lese- og skrivevanskar
  • kunne planleggje, gjennomføre og vurdere norskundervisning på ulike trinn frå 5. til 10. trinn og grunngi faglege val
  • vere ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg bokmål.

Modul 2 Tekstkunnskap og språkkunnskap

 

Studentane skal etter fullført studium

  • ha kunnskapar om ulike teoretiske perspektiv og retningar i arbeidet med å forstå litteratur
  • ha kunnskapar om litteraturhistorie, litteraturformidling og litteraturdidaktikk og kunne bruke kunnskapen på mellom- og ungdomstrinn
  • kunne analysere, tolke og vurdere fiksjons- og fagtekstar for barn i ulike medium
  • kunne sette i gang, rettleie og vurdere munnleg, skriftleg og samansett tekstproduksjon hos elevar på ungdomssteget og grunngi karakterane ein set
  • ha kunnskapar om kva som skjer når ein tekst vert overført frå eit medium til eit anna (adaptasjon)
  • ha kjennskap til vurdering og kritikk av barnelitteratur
  • ha utvida innsikt i korleis elevar på ungdomssteget kan motiverast til lesing og vidareutvikling av leseforståing og lesestrategiar
  • vere ein sikker munnleg språkbrukar og stø i skriftleg nynorsk

Praksis

Studiet har ikkje eigen praksisdel, men er praksisretta ved at eiga yrkeserfaring blir knytt til arbeidet. Studentane skal få prøve ut og reflektere over emne og fagstoff som blir tatt opp i undervisninga og sjå desse emna i samanheng med erfaringar og observasjon i eigen klasse.

Arbeidsformer

På modul 1 Språkkunnskap må studentane levere og få godkjent fire obligatoriske arbeid for å få gå opp til eksamen. Målforma er bokmål. Ei av innleveringane skal vere gruppearbeid. Tema for innleveringane blir kunngjorde ved studiestart.

På modul 2 Tekstkunnskap må studentane levere og få godkjent fire obligatoriske arbeid for å få gå opp til eksamen. Målforma er nynorsk. Ei av innleveringane skal vere gruppearbeid. Tema for innleveringane blir kunngjorde ved studiestart.

Organisering

Norsk 2 Tekstkunnskap og språkkunnskap er eit nettbasert deltidsstudium. Ein legg stor vekt på studentaktive læringsformer, der studenten er både mottakar, aktiv deltakar, rettleiar for medstudentar og observatør. Undervisninga skjer i stor grad som online-forelesingar i form av video, tekst og lyd. Informasjonsutveksling, rettleiing og faglege diskusjonar skjer i studiestøttesystemet Its Learning, og ein føreset at studentane lærer å bruke denne læringsplattforma aktivt. . Det er vidare ein føresetnad at studentane som følgjer studiet, deler kunnskapen og ferdigheitene dei tileignar seg, med lærarar i kollegiet på eigen skole.

Eksamen

To av dei fire innleveringane inngår i ei evalueringsmappe. Ei oppgåve blir bestemt av høgskulane, den andre er sjølvvald. Målform: bokmål. Endeleg innlevering av mappa vil vere i januar 2016.

Det blir nytta bokstavkarakterar frå A til F.

Sluttvurderinga skjer i mai eller juni 2016 og går føre seg som individuell heimeeksamen over ei veke. Målform: nynorsk.

Pensum

Pensumliste blir sendt ut ved starten av studiet.