Studieplan - Master i klinisk sjukepleie - Kardiologisk sjukepleie
Hausten 2023
Fagleg profil for Mastergradsstudiet i klinisk sjukepleie er klinisk fagleiing. Dette inneber at utdanninga har som mål å utdanne sjukepleiarar som kombinerer klinisk spesialkompetanse og analytisk kompetanse, og som kan gjennomføre sjølvstendig, forskingsbasert vurdering og avgjerdstaking i komplekse situasjonar. Studiet fokuserer på å betre den faglege standarden i klinisk praksis og inkluderer tilrettelegging av pasientomsorg for å ta vare på pasientens behov. Dei satsingsområda er: sjukepleiekompetanse, kunnskapsbasert praksis og pasientnær klinisk forsking og fagutvikling. Forskingsaktivitet kombinert med klinisk kompetanse er avgjerande for å kunne tilby ein sjukepleieteneste av høg kvalitet.
Målet med utdanninga er å tilføre helsetenesta kompetente spesialsjukepleiarar som kan ta initiativ til og aktivt delta i fagleg utviklingsarbeid og forsking, slik helsetenesta etterspør.
Mastergradsstudiet er utforma for å møte utfordringane i helsetenesta og tilby ein kombinasjon av klinisk spesialistkompetanse og evne til klinisk fagleiing basert på forskingsbasert kunnskapsinnhenting og problemhandtering. Forsking er ein av helsetenestas fire oppgåver, og det er nødvendig at sjukepleiarar også aktivt deltar i dette faglege arbeidet. Ein mastergrad er eit nødvendig steg på vegen mot å utvikle forskingskompetanse.
Mastergradsstudiet i klinisk sjukepleie utdannar sjukepleiarar med spesialkompetanse hovudsakleg for direkte klinisk arbeid, men også for undervisning, helseleiing, fagutvikling og forsking. Sjukepleiarar utgjer den største yrkesgruppa i spesialisthelsetenesta og er nøkkelaktørar i helsetenesta generelt. Med auka kompetanse til systematisk å kunne dokumentere kva faktorar som gir best oppfølging og behandling eller effekt av førebyggjande tiltak, og til å utvikle ny kunnskap innan studieretninga, vil dei kunne bidra til å heve kvaliteten på helsetenestene i samfunnet.
Master i klinisk sjukepleie kvalifiserer for opptak til doktorgradsprogram. Studiet kvalifiserer vidare for å arbeide som spesialsjukepleiar med særleg ansvar for avansert klinisk sjukepleie og klinisk fagleiing. Kandidatane vil være særleg godt kvalifiserte for stillingar som kombinerer både klinisk arbeid og praksisnær forskings- og utviklingsarbeid. Nedanfor kjem ei meir spesifikk beskriving av dei ulike spesialiseringane og kva dei kvalifiserer til.
Studiet oppfyller krava i rammeplanen og forskrifta for helsesjukepleiarutdanning, vidareutdanning i barnesjukepleie, anestesisjukepleie, intensivsjukepleie eller operasjonssjukepleie fastsett i rammeplan og forskrift av Utdannings- og forskingsdepartementet 1. desember 2005, samt forskrift om krav til mastergrad § 3, Kunnskapsdepartementet, 1. desember 2005. Forskrift om opptak, studiar og eksamen blir regulert av "Lov om universitet og høgskular" av 1. april 2005. Andre sentrale dokument som ligg til grunn for studieplanen er St. meld. Nr. 27 (2000-2001) "Gjer din plikt - krev din rett" - Kvalitetsreform av høgare utdanning, St. meld. nr. 47 (2008-09) Samhandlingsreforma. . St. meld. Nr. 10 (2012-13), God kvalitet-trygge tenester.
Kardiologisk sjukepleie
Meir enn 60 % av befolkninga blir i løpet av livet ramma av hjartesjukdom. Hjarte-karsjukdomar dominerer dermed sjukdomsbiletet i befolkninga. Fagfeltet er breitt, pasientgruppa stor, og kompleks helsetapsbilde i fleire aldersgrupper reflekterer behovet for kvalifisert sjukepleie. Det er ei rivande utvikling innanfor det kardiologiske fagfeltet. Teknologiske nyvinningar gir grunnlag for nye behandlingstilbod til store pasientgrupper. Behandlingsmoglegheitene utfordrar helsepersonell innan ulike spesialfelt til samarbeid og koordinering for å oppnå heilskap og kontinuitet i møtet med pasientens behov. Dette krev høg kompetanse hos sjukepleiarane. Kandidatar med fullført mastergradsutdanning i klinisk sjukepleie med spesialisering i kardiologisk sjukepleie oppnår kompetanse til å kombinere klinisk erfaring og ekspertise med beste tilgjengelege kunnskap frå forsking, for å kunne gi oppfølging og behandling av høg fagleg kvalitet. Refleksjon og erfaringsutveksling knytt til praksisutøvinga bidrar til at teoretisk kunnskap blir omsett til praktisk handling.
Spesialsjukepleiarar innan kardiologi arbeider med alle typar hjartepasientar på sjukehus på medisinske og kirurgiske avdelingar, i primærhelsetenesta og innanfor andre relevante helsetenestetilbod.
Opptakskrav
Bachelorgrad i sjukepleie og norsk autorisasjon som sjukepleiar.
Minst 1 års yrkespraksis som sjukepleiar etter autorisasjon
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført kvalifikasjon skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse
Kunnskap:
Kandidaten...
- har spesialisert innsikt og handlingskompetanse til å meistre komplekse situasjonar innanfor sin spesialitet
- bidrar til innsikt og kompetanse i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid slik at pasientens/brukerens oppfølging og behandling blir samanhengande på tvers av tenestenivå
- analyserer og vurderer klinisk-faglege og vitskaplege problemstillingar
Ferdigheiter:
Kandidaten...
- samhandlar med pasientar/brukarar, deira pårørande og andre yrkesgrupper ved planlegging, organisering og utøving av tiltak i helsetenesta
- anvender omfattande kunnskapskjelder relatert til spesifikke kliniske spørsmål og samlar passande og relevant kunnskap frå ulike kjelder
- granskar kritisk eksisterande teoriar, metodar og praksis innanfor fagområdet
- planlegg og gjennomfører avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- arbeider kunnskapsbasert, det vil seie planlegg og utøver sjukepleie basert på kritisk vurdert forsking, erfaringskunnskap og pasientens/brukerens preferansar og behov
- anvender sine kunnskapar i "clinical audit" for å vurdere resultat og utvikle forbetra prosedyrar i helsetenesta og sikre kvalitetssikring av sjukepleietenesta
Generell kompetanse:
Kandidaten...
- anvender faglege kunnskapar kritisk og reflekterer over eigen klinisk praksis.
- forklarar etiske avgrensingar, utviser kritisk vurderingsevne og viser velovervegd innsikt i etiske dilemmaer i helsefagleg arbeid
- underviser og formidlar sine kompetansar i klinisk praksis, utdanningsinstitusjonar og fagtidsskrift
- deltar i offentlige debattar om eigen fagområde, både nasjonalt og internasjonalt.
Ein kandidat med studieretning kardiologisk sjukepleie skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse etter gjennomført 60 studiepoeng:
Kunnskap:
Kandidaten...
- har spesialisert innsikt og kunnskapar til å meistre komplekse situasjonar innanfor kardiologisk sjukepleie
Ferdigheiter:
Kandidaten...
- anvender kunnskap om ulike hjartesjukdomar for å kunne sette i verk førebygging, utgreiing og behandlingstiltak, inkludert livsstilsintervensjonar
- arbeider kunnskapsbasert, det vil seie planlegg og utøver sjukepleie basert på kritisk vurdert forsking, erfaringskunnskap og pasientens/brukerens preferansar og behov innanfor dei rammene den aktuelle arbeidsplassen er underlagt
- planlegg og gjennomfører avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
- finn fram til, kritisk vurderer og anvender forskingsresultat på ein reflektert måte
Generell kompetanse:
Kandidaten...
- samhandlar med pasientar/brukarar, deira pårørande og andre yrkesgrupper ved planlegging, organisering og utøving av tiltak i helsetenesta
- bidrar til innsikt og kompetanse i tverrfagleg og tverretatleg samarbeid slik at pasientens/brukerens oppfølging og behandlingstilbod blir samanhengande på tvers av tenestenivå
- gjer sjølvstendige kliniske vurderingar og avgjerder om sjukepleietiltak som kan fremje helse, mestring og livskvalitet
- har pedagogisk kompetanse, slik at yrkesutøvaren kan rettleie personar med hjartesjukdom, deira pårørande og andre yrkesgrupper
- formidlar spesialisert kompetanse til samarbeidspartnarar i helsetenesta
- kritisk vurderer fagleg kunnskap og reflekterer over eigen praksisutøving
Praksis
Begrepet "kliniske studier" gjeld for heiltidsstudiar der praksis blir vurdert som bestått eller ikkje bestått. For studieretningane diabetessjukepleie og kardiologisk sjukepleie er praksis (150 timar) eit obligatorisk læringsaktivitet som må godkjennast av faglærar. Dei kliniske studiene er heilt og fullt fagspesifikke og skal tryggje framgang i kunnskapar, ferdigheiter og generell kompetanse. Hovudvekten, eller 90%, av dei kliniske studiene skal vere knytt til situasjonar med pasientar involverte.
Arbeidsformer
Arbeidsformer i studiet gjenspeglar læringsutbyttebeskrivingane og kva vurderingsformer som blir nytta i dei ulike emna. Studentane skal gjennom ulike arbeidsformer tileigne seg læringsutbytta.
Arbeidsformer som blir nytta inkluderer førelesingar, ferdigheitstrening, simulering, seminar, gruppearbeid, kliniske studiar/praksisstudiar, nettbaserte arbeidsformer og sjølvstudium. Gjennom studentaktive læringsformer blir det forventa at studentane tek medansvar både for eigen og medstudentars faglege utvikling og læring for å oppnå læringsutbytta. I undervisninga blir diskusjonar, argumentasjonar og munnlege framlegg vektlagde. Kritisk refleksjon over samanhengar mellom teoretiske perspektiv og fagutøving blir lagt vekt på, og det blir forventa at studentane nyttar erfaringar og refleksjonar frå praksisstudiane. Studiet er derfor utforma slik at studentane skal arbeide både individuelt og i gruppe. Canvas blir nytta som studiestøttesystem.
Delar av undervisninga er felles for fleire studieretningar og går fram av timeplanane. Timeplanlagt fellesundervisning blir organisert som samlingar som i stor grad kombinerer ressursførelesingar med studentaktive læringsformer.
Vurderingsformer
Ut frå forventa læringsutbyte, fagleg innhald, pedagogisk metode og undervisningsformer vil studentane møte ulike vurderingsformer gjennom studiet. Vurderingsformene skal ivareta ein kontinuerlig prosess med eit tosidig mål: å fremje læring og dokumentere at studenten har oppnådd læringsutbyte.
Obligatorisk læringsaktivitet
Inkluderer alle former for obligatoriske oppgåver og aktivitetar som blir sett som krav for å kunne delta i eksamen. I dette studiet består læringsaktivitetane av:
- Skriftlege oppgåver
- Kliniske studier
- Framlegging av eige arbeid i plenum
- Deltaking i nettbaserte læringsformer og tester
- Deltaking i ferdighetstrening og simulering
- Obligatorisk rettleiing på oppgåver, og deltakelse på oppgåveseminar
- Obligatorisk rettleiing på masteroppgåva, og deltakelse på masteroppgåveseminar
Studenten får skriftleg og/eller munnleg tilbakemelding frå faglærar og/eller medstudentar om form og innhald i dei skriftlege besvarelsane. Alle dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjemte før studenten kan ta eksamen i emnet.
Studentane blir vurderte med utgangspunkt i emnets læringsutbytte.
Eksamensformene som blir nytta på studiet er:
- Gruppeeksamen
- Munnleg gruppeeksamen
- Skriftleg eksamen under tilsyn
- Individuell heimeeksamen
- Vurdering i praksis
- Masteroppgåve
Krav til studieprogresjon
Alle dei obligatoriske læringsaktivitetane må vere godkjende før studentane får lov til å delta i eksamen i emnet. Innhaldet og omfanget av obligatorisk undervisning går fram av emnebeskrivinga. Visse emne har førekunnskapskrav.
Kliniske studier/praksisstudier er obligatoriske, og kvar praksisperiode må vere bestått før studentane kan starte neste praksisperiode.
For å levera masteroppgåva må alle føregåande emne vere bestått. Sjå elles emnebeskrivingane for meir detaljert informasjon.
Internasjonalisering
Høgskolen har ei brei satsing på internasjonalisering med student- og lærarutveksling og forskingssamarbeid. I samband med masteroppgåva kan studentane bli inkluderte i dei tilsettes forskingsprosjekt og internasjonale samarbeidsforhold. Dersom studenten er knytt til eit internasjonalt forskingssamarbeid, kan det vere aktuelt med ein medrettleiar frå den aktuelle samarbeidspartnaren i arbeidet med masteroppgåva. Studiet har utvekslingsavtalar knytt til Nordplus og Erasmus, og har samarbeidsavtalar med institusjonar i Sverige, Danmark, Island, Litauen, Belgia og Canada. Informasjon om utveksling knytt til den einskilde studieretninga går fram av høgskolens nettsider.
Organisering
Mastergradsstudiet i klinisk sjukepleie med studieretninga kardiologisk sjukepleie blir tilbydd på Campus Bergen. Som hovudregel gjennomfører studentane studia i Bergen. Praksis, simuleringstrening og masteroppgaveseminar kan likevel bli arrangert utanfor studenten si nærregion.
Studieretninga kardiologisk sjukepleie blir gjennomført i si heilheit på deltid, over totalt 6 semester. Studentar som vel å avslutte studiet etter 60 studiepoeng (2 eller 3 semester), oppnår kvalifikasjon som kardiologisk sjukepleiar.
Eit heiltidsstudium svarar til ein arbeidsinnsats på 40 studentarbeidstimer i veka og 1600 timar i året, eller 27 timar pr. studiepoeng.