Studieplan - Idrett/Kroppsøving årseining
Hausten 2017
Eit årsstudium kan du bruke til så mykje. Det kan vera starten på vidare studier i faget, eller ein smaksprøve på lærerutdanninga. Kroppsøving, friluftsliv, ulike idrettar, motorikk, dans og leik er nokre av mange tema i dette praktisk retta studiet.
Læringsutbytte
Kunnskapar:
Kandidaten:
- har kunnskap om kroppsøvingsfaget sin eigenart, utvikling og legitimering.
- har fagleg og fagdidaktisk kunnskap.
- har kunnskap om fysisk aktivitet, kroppen i bevegelse, kroppsøving og idrett i eit folkehelseperspektiv.
- har kunnskap om trening, treningsprinsipp og treningsleiing retta mot ulike aldersgrupper, spesielt med tanke på utvikling av kroppslege og idrettslege ferdigheiter.
Ferdigheiter:
Kandidaten:
- kan planlegge, førebu, gjennomføre og kritisk evaluere undervising i kroppsøving og leiing av anna fysisk aktivitet utifrå gjeldande rammevilkår.
- kan ta i vare sikkerheit i ulike aktivitetar og bevegelsemiljø
- kan vidareutvikle eigne og andre sine kunnskaper og ferdigheiter.
Generell kompetanse:
Kandidaten:
- kan forstå, utøve og utvikle eigen profesjonalitet.
- kan vurdere analytisk og kritisk korleis kroppsøving og anna fysisk aktivitet bidrar til utvikling og allmenndanning.
- kan kommunisere med elevar, føresette og kollegaer om problemstillingar knytta til kroppsøving, idrett og kroppsleg læring.
Innhald
Årsstudiet i Idrett/kroppsøving er delt i Kroppsøving 1, haust- 30 studiepoeng, og Kroppsøving 2, vår- 30 studiepoeng.
Dei teoretiske emna er:
didaktikk, aktivitetslære med grunnleggande bevegelsar, leik, idrett, dans, friluftsliv og kropp, kultur og samfunn.
Arbeidsformer
Mykje av undervisinga er praktisk retta, med vekt på utprøving av ulike aktivitetar og idrettar. Horudarbeidsformene i dei teoretiske emna vil vera seminar, førelesingar, prosjektarbeid, gruppearbeid og individuelt arbeid.
For studentar som ikkje kan delta i undervisning som krev eigenbetaling, legg høgskulen til rette for alternativt undervisningsopplegg som tilfredstiller dei faglege krava.
Vurderingsformer
Praktisk metodisk, muntleg og skriftleg eksamen.
Internasjonalisering
Du har grunnlag for vidare studier ved høgskular og universitet, nasjonalt og internasjonalt.