Studieplan - Idrett/Kroppsøving årseining
Hausten 2023
Eit årsstudium i idrett/kroppsøving kan utgjere 1.år i ei bachelorutdanning innan idrett og kroppsøving og føl rammeplanen for kroppsøving i grunnskulelærarutdanningane. Gjennom årsstudium i idrett/kroppsøving lærer du korleis du skal leie, organisere og tilpasse bevegelsesaktivitet i kroppsøvingsfaget og i ulike idrettsaktivitetar. Sentralt står utvikling av undervisningskompetanse/trenarkompetanse knytt til variert bevegelseslæring og varierte kroppslege erfaringar.
Årsstudium i idrett/kroppsøving dannar grunnlag for å fortsette på ei bachelorutdanning innan kroppsøving eller idrett. Saman med pedagogisk utdanning kan du arbeide som kroppsøvingslærar i grunnskule og vidaregåande skule.
Etter fullført årsstudium kan du søke opptak direkte til 2. år på desse bachelorutdanningane ved HVL:
Læringsutbytte
Etter fullført årsstudium idrett/kroppsøving skal kandidaten ha kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap
Kandidaten
- har kunnskap om læreplanen i kroppsøving, fagets eigenart og legitimering, og om korleis faget heng saman med andre skulefag
- har kunnskap om å planlegge, -gjennomføre og vurdere undervising i kroppsøving
- har kunnskap om friluftsliv, leik, dans, idrett og tidsaktuelle bevegelsesaktivitetar i barne- og ungdomskulturen
- har kunnskap om føresetnader for læring på bakgrunn av motorisk utvikling hos barn og unge
- har kunnskap om arbeid med danning og respekt for andre i samband med kroppsøving
- har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening, livsstil og helse med sikte på å utvikle ein fysisk aktiv og helsefremmande livsstil hjå elevane
- har kunnskap om bevegelsesmiljø, trening og treningsprinsipp eigna for barn og unge
- har kunnskap om kroppen (anatomi, fysiologi) og kroppen i bevegelse (rørslelære), spesielt med tanke på læring av bevegelsesaktivitetar
- har kunnskap om tilpassa opplæring i regelverk og på bakgrunn av eleven sin vekst og utvikling
- har kunnskap om vurdering i kroppsøving
- har kunnskap om kva som kan fremje bevegelsesglede for barn og unge
- har kritisk kunnskap om kroppen som uttrykk og symbol i samfunn, media og kultur
- har kunnskap om forsking, forskingsbasering og kunnskapsproduksjon i kroppsøving og trening
- har kunnskap om kroppsøving/trening og kroppsleg læring i tverrfagleg perspektiv
- har kunnskap om profesjonsrettet og praksisorientert forsking og utviklingsarbeid med relevans til kunnskapsproduksjon i kroppsøving
Ferdigheiter
Kandidaten
- kan, ut frå lovverk, gjeldande læreplan og profesjonsetiske retningslinjer, planlegga, gjennomføra og vurdere undervisning i kroppsøving
- kan nytte kunnskap i faget med formål å inkludera alle elevane i kroppsøving
- kan arbeida tverrfagleg med utgangspunkt i kroppsøving
- kan bruka eigne ferdigheiter og kunnskapar om kroppen og kroppen i bevegelse og vidareutvikla desse innan leik, friluftsliv, dans, idrett og andre bevegelsesaktivitetar, og gjera seg nytte av dette i undervising i kroppsøving og i formidling av ulike bevegelsesaktivitetar til barn og unge
- kan utforska eigne kroppslege uttrykk og leie skapande prosessar kor refleksjon og erfaring med bevegelsar er sentralt
- kan ivareta HMS for barn og unge i ulike aktivitetar og bevegelsesmiljø
- kan planlegga og gje grunnleggande symjeopplæring, utføre livreddande førstehjelp og praktisere trygg ferdsel i, ved og på vatn
- studenten kan leggje til rette for læringsarbeid som fremjar glede i leik og varierte bevegelsesaktivitetar, på ulike arenaer og i nærmiljøet
- kan gjennomføra skapande undervising der bevegelseserfaring, glede og refleksjon er sentralt
- kan vurdera eleven/utøvaren si kroppslege læring og føresetnader som grunnlag for tilpassa opplæring og læringsfremjande tilbakemeldingar
- kan vurdera elevens måloppnåing, planlegga og grunngje vurderingane og leggje til rette for elevens eigenvurdering
- kan på fagets premissar inkludera dei grunnleggjande ferdigheitene i undervisinga
- kan kritisk vurdere ulike aktivitetar og arbeidsmåtar med tanke på undervising og læring i ulike bevegelsesaktivitetar
Generell kompetanse
Kandidaten
- kan drøfta kva som er kroppsøving sitt bidrag til felles danning og identitetsskaping til elevane
- kan planlegge og formidle sentrale teoriar og problemstillingar i kroppsøving, og bidra til utvikling av god praksis
- kan kommunisera med ulike samarbeidspartnarar om problemstillingar knytt til kroppsøving, kroppsleg læring og ulike bevegelsesaktivitetar
- kan reflektera over fagets innhald og rolle i ein skule med elevmangfald
- kan kommunisera med elevar/utøvarar, føresette og kollegaer om kroppsøvingsfaget/trening
- kan bidra til å sjå kroppsøving og bevegelsesaktivitet i tverrfagleg perspektiv
- kan bidra til nytenking og innovasjon i faget kroppsøving, fysisk aktivitet i skulen og innan trening
- kan arbeida med mangfald og ulikskap i kroppsøving og i idrett
- kan bidra til profesjons- og skuleutvikling med utgangspunkt i kroppsøving
Innhald
Idrett/Kroppsøving årseining er delt i Idrett/Kroppsøving 1, haust 30 studiepoeng, og Idrett/Kroppsøving 2, vår 30 studiepoeng. Sjå emneplanar for meir detaljert informasjon.
Sentralt i studiet er utvikling av undervisningskompetanse i bevegelsesaktivitetar innan leik, motorikk, dans, idrett, friluftsliv og tidsaktuelle bevegelsesformer i barne- og ungdomskulturen. Det vert lagt vekt på fagdidaktisk forståing, vurdering i kroppsøving, aktivitetslære, treningslære, rørslelære, anatomi, fysiologi, kroppsleg læring, idrett, kultur og samfunn, idrett og helse, forskingsmetodar og forsking og utviklingsarbeid. I tillegg til å kunne leggje til rette for aktuelle bevegelsesaktivitetar skal ein kunne tilpassa undervisninga/treninga til den enkelte elev/utøvar sine føresetnader, samt i større grad kunne vurdera eleven/utøvaren si læring og utvikling og kunne gje læringsfremjande/prestasjonsfremjande tilbakemeldingar. Ein skal også læra korleis ein som kroppsøvingslærar og trenar kan bidra til fagleg utvikling og nyttegjere seg kunnskap frå norsk og internasjonal forsking i arbeid med eiga lærarrolle/trenarrolle.
Praksis
Studenten har:
- grunnskulepraksis 15 dagar
- arrangerer aktivitetsdag på campus for menneske med funksjonsnedsetjingar
- idrettspraksis i eit idrettslag
I praksisperioden skal studenten:
- erfare kva som vert krevd av planleggingsarbeid i kroppsøvingsfaget og som trenar
- prøve ut praktisk ulike arbeidsmåtar og undervisingsmetodar
- få øving i å organisere aktivitetar
- erfare kroppsøvingslærarrolla/trenarrolla i praksis
- reflektere over eigen og andre si undervisning
Krav til greidd praksis er at studenten:
- viser evne til å planlegge, gjennomføre og reflektere over eigen undervising og gjennomføre pålagde oppgåver
- viser evne til samarbeid, møter presis til avtala tidspunkt og gjer pålagte oppgåver
Arbeidsformer
Mykje av undervisinga er praktisk retta, med vekt på utprøving av ulike aktivitetar, leik, idrettar, dans og friluftsliv. Hovudarbeidsformene i dei teoretiske emna vil vera seminar, førelesingar, prosjektarbeid, gruppearbeid og individuelt arbeid. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.
Vurderingsformer
Oppgåve eksamen, skriftleg skuleeksamen, FoU-oppgåve og praktiske eksamenar med munnleg høyring.
Internasjonalisering
Du har grunnlag for vidare studier ved høgskular og universitet, nasjonalt og internasjonalt.