Hopp til innhald

Studieplan - Bachelor i ingeniørfag, cyberfysisk nettverksteknologi

Hausten 2023

Studieprogrammet skal utdanne ingeniørar med solid fagleg kompetanse for praktisk ingeniørarbeid, og med godt teoretisk grunnlag for vidare studie i inn- eller utland. Studiet skal utvikle gode haldninger og gi grunnlag for livslang læring.

Bachelorstudiet i cyberfysisk nettverksteknologi følgjer Forskrift om rammeplanen for ingeniørutdanning, fastsett av Kunnskapsdepartementet 18.mai 2018 .

Cyberfysisk nettverksteknologi er ei studieretning under programområdet elektrofag.

Cyberingeniøren skal ha kunnskapar og ferdigheiter innanfor nettverksteknologi med vekt på industrielle og tekniske bruksområde, slik at vedkomande blir etterspurt som fagperson innan det regionale, det nasjonale og det internasjonale næringslivet.

Emner i studiet dekker viktige områder innan elektroteknologi, digital kommunikasjon, systemutvikling, nettverksteknologi og sikkerheit.

Undervisninga vil omfatte betydelige innslag av laboratorieaktivitetar og praktiske prosjekt der det vert lagt til rette for gode læringsprosessar basert på studenten sin sjølvstendige innsats og aktivitet.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført og bestått 3-årig bachelorgrad i ingeniørfag - cyberfysisk nettverksteknologi skal ha følgande samla læringsutbytte definert i form av kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse.

 

Kunnskap

  • Kandidaten har kunnskap om sentrale tema, teoriar, problemstillingar, prosessar, verkty og metodar innanfor elektrofaget.
  • Kandidaten har kunnskap om oppbygging og administrasjon av cybernettverk, programmering av nettverksenheiter, grunnleggande nettverksssikkerheit, signalbehandling, mikrokontrollprogrammering, trådlaus og optisk kommunikasjon. I tillegg har kandidaten kunnskap om elektriske og magnetiske felt, kunnskap om elektriske komponenter, kretser og system, og kunnskap som gir eit heilhetlig systemperspektiv innan elektrofaget generelt og kommunikasjon i cybernettverk spesielt.
  • Kandidaten har grunnleggande kunnskapar innan matematikk, naturvitskap - under det også elektromagnetisme - og relevante samfunns- og økonomiske fag og om korleis desse vert integrerte i elektrofagleg problemløysning.
  • Kandidaten kjenner til elektroteknologiens historie og utvikling og ingeniørens rolle i samfunnet.
    Kandidaten har kunnskap om samfunnsmessige, miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar av elektrotekniske installasjonar og nettverksteknologiar. 
  • Kandidaten kjenner til forskningsutfordringar, vitenskapeleg metodikk og arbeidsmåtar innan elektrofaget og cyberfysiske nettverksteknologi spesielt.

 

Ferdigheiter

  • Kandidaten kan bruke og bearbeide kunnskapen sin for å identifisere, formulere, spesifisere, planlegge og løyse tekniske oppgåver på ein systematisk måte.
  • Kandidaten kan bruke fagleg relevant programvare og har brei ingeniørfagleg kompetanse om digitale verkty inkludert programmeringskompetanse. Kandidaten kan arbeide i relevante laboratorie og beherskar metodar og verkty som grunnlag for målretta og innovativt arbeid. Dette omfattar planlegging, design og implementering av cybernettverk, konfigurering av nettverkseiningar som rutarar og svitsjar, planlegging av trådlause nettverk, moderne programvareutvikling, programmering for mobile plattformar.
  • Kandidaten beherskar målemetodar, feilsøkingsmetodikk, bruk av relevant utstyr, instrument og programvare for å kunne arbeide strukturert og målretta.
    Kandidaten kan arbeide både sjølvstendig og saman med andre i ingeniørfaglege prosjekt.
  • Kandidaten kan finne og forhalde seg kritisk til relevant informasjon, bruke og vise til fagstoff slik at det belyser ein problemstilling, både skriftleg og munnleg.
  • Kandidaten kan bidra med nytenkning, innovasjon og entreprenørskap ved utvikling og realisering av berekraftige og samfunnsnyttige produkt, system og løysingar.
  • Kandidaten kan bidra med kvalitetssikring ved utvikling av produkt, system og løysingar, samt utarbeide og analysere helse-, miljø-, og sikkerheitstiltak for disse.

 

Generell kompetanse

  • Kandidaten er bevisst miljømessige, etiske og økonomiske konsekvensar av teknologiske produkt og løysingar, og evnar å sjå desse både i eit lokalt og globalt livsløpsperspektiv.
  • Kandidaten kan bidra i samfunnsdebatt for å synliggjere teknologiens betydning og konsekvensar i samfunnet.
  • Kandidaten kan formidle elektrofagleg informasjon knytt til teoriar, problemstillingar og løysningar både skriftleg og munnleg, på norsk og engelsk.
  • Kandidaten har eit bevisst forhold til eigne kunnskapar og ferdigheiter og respekt for andre fagområde og fagpersonar. 
  • Kandidaten kan bidra i tverrfaglig arbeid og kan tilpasse eigen fagleg verksemd til den aktuelle arbeidssituasjonen.
  • Kandidaten kan delta aktivt i faglege diskusjonar og evnar å dele kunnskapane sine og erfaringane sine med andre og bidra til utvikling av god praksis.
  • Kandidaten kan oppdatere kunnskapen sin, både gjennom litteratursøk, kontakt med fagmiljø, brukarar, kundar og andre interessentar samt gjennom praksis.
  • Kandidaten kan identifisere sikkerheits-, sårbarheits-, personverns- og datasikkerheitsaspekt i produkt og system som brukar IKT.

Innhald

Sentrale tema i studieprogrammet er:
- Grunnleggande elektrofag
- Digitale system
- Nettverksteknologi
- Objektorientert programmering
- Nettverksprogrammering
- Datastrukturar og databasar
- Nettverksarkitektur
- Sikkerhet i cyberfysiske nettverk
- Cyberfysiske kommunikasjonsteknologiar

Matematikk, fysikk, kjemi og statistikk er viktige fundament for ingeniøremna. I utdanninga er 7,5 studiepoeng i fysikk integrert i dei obligatoriske, tekniske emna. Studentar som planlegg å gå vidare til ei masterutdanning med sivilingeniør-krav må velje MAT301 Fleirdimensjonal analyse for å dekke kravet om 25 studiepoeng i matematikk i bachelorutdanninga. Valemnet ING271 Bøljefysikk og termodynamikk er óg relevant for dei fleste siv.ing.-programma.

Ingeniørutdanninga er treårig og kvart studieår er inndelt i to semester. I kvart semester tek studenten normalt 3 til 4 emne, som samla utgjer 30 studiepoeng.

Valemna ligg i siste halvdel av studiet. Vi tek atterhald for oppstart av spesifikke valemne ut frå talet på påmelde studentar og bemanningssituasjonen ved instituttet til ei kvar tid.  

For ein del av emna vil det vere krav om forkunnskapar, då utdanninga er lagt opp slik at emna bygger på kvarandre.

Arbeidsformer

Teoriundervisning skjer stort sett klassevis.
I tillegg til teoriførelesningar, har dei fleste faga innslag av rekneøvingar, simuleringar og laboratoriearbeid.
Emna har obligatoriske arbeidskrav.

Det er obligatorisk frammøte og deltaking på laboratorieøvingane.

Alle studentar må ha eigen berbar datamaskin med nyare operativsystem. Det er tilrådd at Microsoft Windows er installert som operativsystemet på maskina. Meir info om krav til studentane sitt IT-utstyr for studium ved fakultet for ingeniør- og naturvitskap finn du her.

Vurderingsformer

Det vert nytta karakterar etter ein skala frå A til F, der A er beste karakter. Det vert krevd E eller betre for at emnet skal vere bestått. Nokre fag har karakter bestått/ikkje bestått.
Vurderinga kan vere munnleg, munnleg/praktisk eller skriftleg og kan kombinerast med semesteroppgåver.

Krav til studieprogresjon

Det er gitt vilkår for å få starte på arbeidet med bacheloroppgåva: sjå emneplan for bacheloroppgåva.

Internasjonalisering

Undervisninga er i hovudsak på norsk, men nokre av emna i utdanninga har undervisning på engelsk og  læringsmateriellet vil i stor grad vere på engelsk. Når internasjonale studentar deltek i eit emne, vil undervisning alltid vere på engelsk.

Det er lagt til rette for å ta deler av bachelorgraden i utlandet. Å studere i utlandet gir nyttig internasjonal erfaring og språkferdigheiter.