Studieplan - Kompletterande utdanning for sjukepleiarar med utdanning frå land utanfor EU/EØS
Hausten 2025
Kompletterande utdanning i sjukepleie er eit tilbod til sjukepleiarar utdanna utanfor EU/EØS som har søkt om norsk autorisasjon og fått avslag med tilråding om å søkje seg inn på ei sjukepleiarutdanning for å få komplettering med det Helsedirektoratet seier dei manglar for å få ein norsk autorisasjon som sjukepleiar. Etter gjennomført utdanning skal sjukepleiaren ha kunnskap, ferdigheiter og generell kunnskap i tråd med kvalifikasjonsrammeverket for høgare utdanning og norsk bachelor i sjukepleie.
Oftast er det geriatri, kommunehelseteneste og psykisk helse som er det sjukepleiaren manglar for å få norsk autorisasjon. Derfor er desse temaa sentrale i denne utdanninga saman med fokus på norsk sjukepleieteneste, norsk helseteneste og lovar, reglar og føringar som regulerer dette.
Utdanninga har krav om praksis i kommunehelsetenesta og innan psykisk helse. Teoretisk og praktisk fagprøve i sjukepleie inngår i emna BSDAUT200 Praksisstudier i kommunehelsetenesta. Det skal også skrivast ei bacheloroppgåve som til dømes skal ha fokus på vitskapsteori og forsking i ein sjukepleiefagleg problemstilling.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført program og saman med utdanninga sjukepleiaren har frå heimlandet ha følgjande totale læringsutbytte:
Kunnskap:
Kandidaten...
har brei kunnskap om sentrale tema, teoriar og problemstillingar innan sjukepleievitskaplege emne.
har relevant kunnskap innan medisinske, naturvitskaplege- og samfunnsvitskaplege emne.
har kunnskap om historia, tradisjonane og eigenarten til sjukepleiefaget.
kjenner til forsking og utviklingsarbeid relevant for sjukepleie.
har kunnskap om velferdsstaten, rammer for tenesteutøvinga og bidraget sjukepleietenesta har til helse- og velferdstenestene
Ferdigheter:
Kandidaten...
kan utøva sjukepleie basert på forsking, erfaring og fagleg skjønn.
kan vareta det grunnleggjande behovet til pasienten ved å observera, vurdera, planleggja, setja i verk, evaluera og dokumentera sjukepleia.
kan identifisera risikofaktorar av individuell og miljømessig karakter, planleggja og utføra helsefremjande og førebyggjande tiltak.
kan informera, undervisa og rettleia pasientar og pårørande.
kan fremja læringsprosessar som bidreg til pasienttryggleik, kvalitet og tillit i helsetenesta.
kan meistra relevante faglege verktøy, teknikkar, prosedyrar og kommunikasjonsformer.
er ein endringsdyktig leiar av eige fag.
kan samhandla tverrprofesjonelt for å skapa eit koordinert, heilskapleg og samanhengande tenestetilbod.
Generell kompetanse:
Kandidaten...
kan utøva fagleg forsvarleg sjukepleie, basert på etisk medvit og kritisk refleksjon.
kan møta pasientar og pårørande med omsorg, innleving og moralsk ansvarskjensle.
kan vareta retten pasienten har til medråderett og medverknad.
kan bidra til nytenking og innovasjon.
kan visa evne og vilje til livslang læring, arbeider kunnskapsbasert og bidreg til å utvikla kvalitet i sjukepleiefaget og helsetenesta.
kan nytta og formidla sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar både skriftleg og munnleg.
kan bidra til at faglege og etiske normer blir synleggjorde i den offentlege debatten om helsepolitiske spørsmål.
Innhald
Studieprogrammet inneheld følgjande emne:
BSDAUT100: Sjukepleie i Noreg, etikk, vitskapsfilosofi, forsking og kunnskapsbasert praksis
BSDAUT110: Stats og kommunalkunnskap, helse- og sosialpolitikk, lovgiving, sosiologi og sosialantropologi
BSDAUT120: Geriatri og geriatrisk sjukepleie i kommunehelsetenesta
BSDAUT200: Praksisstudium i kommunehelsetenesta
BSDAUT210: Funksjonen til sjukepleiaren og oppgåver i psykisk helsearbeid inkludert psykiatri
BSDAUT220: Praksisstudium i psykiatrisk institusjon eller kommunalt psykiatriteneste
BSDAUT230: Bacheloroppgåve
I tillegg blir det også gjennomført Fagprøve og Medikamentregningstest
Praksis
Praksis er obligatorisk og krev 90% nærvær. Du vil få praksis i kommunehelsetenesta og psykisk helse. Du vil få praksisplass i heimkommune dersom det er mogleg. Der det ikkje er mogleg å få praksplass i i heimkommune, vil du få praksis i tidlegare Hordaland, Bergen og omland.
Her finner du informasjon om praksis.
Arbeidsformer
Forelesingar, gruppearbeid, innleveringar og praksis
Vurderingsformer
Vurdering omfattar all formell prøving i studiet og kjem fram av emneplanane. Vurderingsformene skal sikra at studenten har tileigna seg nødvendige kvalifikasjonar for yrkesutøvinga og vise at studenten held eit tilfredsstillande fagleg nivå. Alle obligatoriske læringsaktivitetar må vera godkjent før studentane får framstilla seg til eksamen i emnet eller gå ut i praksis jf. etter Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen på Vestlandet
Vurderingsformene som blir nytta i studiet er praksisstudiar, praktisk og teoretisk eksamen, heimeeksamen, MCQ-testar og oppgåver.
Vurderingsuttrykk som blir nytta er bestått/ikkje bestått eller gradert karakterskala A til F, der A til E er beståtte karakterar og F er ikkje bestått. Praksisstudiar blir vurderte til bestått/ikkje bestått.
Fagprøva blir gjennomført på simuleringsarena med tilhøyrande MCQ test på Canvas
Krav til studieprogresjon
ingen
Internasjonalisering
Ingen tilbud om utveksling
Organisering
Utdanninga blir gjennomført med studiegrupper og med samlingar på campus. Det kan også finnast digitale aktivitetar.