Studieplan - Kroppsøving 1, 1.-7. trinn
Hausten 2020
Kroppsøving 1 er eit videreutdanningstilbud som rettar seg mot lærarar i grunnskulen. Fokuset i studiet er på lærararbeid og undervisning i kroppsøving med elevar frå 1.-7. trinn. Faget kroppsøving er eit allmenndannande, praktisk og estetisk profesjonsfag.
I studiet dekkast aktuelle tema som:
- planlegge, gjennomføre og vurdere variert rørslelæring og –aktivitetar i ulike miljø, inne og ute, som kan gje elevane kroppslege erfaringar
- kjerneelementa i kroppsøving: rørsle og kroppsleg læring, deltaking og samspel i rørsleaktivitetar samt uteaktivitetar og naturferdsel
- arbeid i eit profesjonsfellesskap og utvikling av eigen undervisningspraksis med utprøving av til dømes modellen Lesson Study
- fag og fagdidaktikk i kroppsøving i en fleirkulturell skule
- digital kompetanse i kroppsøving
- læreplanarbeid og vurdering for læring
- tverrfaglege tema med spesiell vekt på berekraftig utvikling kor eit kulturperspektiv på miljødebatten blir tematisert
- tilpassa opplæring
- varierte arbeidsmåtar og læringsmetodar
- elevmedverknad i kroppsøving
- systematisk arbeid med faglege problemstillingar, refleksjonar og kunnskapsdeling samt vitskaplege arbeidsformer