Studieplan - Kunnskapsbasert praksis - nettbasert
Hausten 2025
Helsetenester av høg kvalitet skal være basert på den beste tilgjengelege kunnskapen frå forsking. Difor må helsepersonell aktivt søke ny kunnskap innanfor sitt fagområde for å halde seg oppdaterte fagleg. Kunnskapsbasert praksis (KBP) handlar om å kombinere klinisk erfaring og ekspertise med beste tilgjengelege kunnskap frå forsking. Brukaren sjølv, og/eller dei som står brukaren nær, skal også få medverke i avgjerder. Dette gjer det mogleg å kombinere kunnskap frå erfaring, forsking og brukarar.
Hovudmålet med masterstudiet er å bidra til kvalitetsforbetring i helsetenesta. I løpet av masterstudiet vil studenten utvikle vidare si fagspesifikke kompetanse i eit tverrfagleg akademisk miljø. Studenten vil kvalifiserast til å arbeide med og leie kunnskapshandtering og kvalitetsforbetring i praksis, undervising og formidling.
Studenten vil få allsidig kunnskap innan forskingsmetodar og vitskapleg tenkjemåte. Studenten vil lære å bruke forsking for å fremje fagutvikling og lære å utføre fagleg og etisk forsvarleg praksis for å redusere skade og auka fordelar for individuelle brukarar og organisasjonar. Studiet kvalifiserer for opptak til doktorgradsprogram.
Studenten lærer å etterspørje, søkje etter, kritisk vurdere, og bruke forsking som ei av fleire kunnskapskjelder for å fremje KBP. Implementering av forskingsbasert kunnskap i praksis er eit sentralt tema i studiet. Studenten lærer å bruke teori, rammeverk, modellar og verktøy for å fremme bruk av resultat frå forsking. Studenten lærar også om strategiar for sikre best mogleg brukarmedverknad på ulike nivå i tenestene. Gjennom studiet skal studenten anvende fagstoff på praktiske problemstillingar frå eige fagfelt gjennom heile studiet.
Opptakskrav
Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, eller tilsvarande. Kandidatar med annan relevant utdanning (f.eks. bibliotek- og informasjonsfag) kan også søke, og vil bli vurdert individuelt.
Læringsutbytte
Ein kandidat med fullført mastergrad i kunnskapsbasert praksis skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:
Kunnskap:
Kandidaten...
- har avansert kunnskap innanfor fagfeltet kunnskapsbasert praksis (KBP) og metodane knytt til KBP
- kan nytte forskingsbasert kunnskap på ein kritisk og analytisk måte
- kan kritisk vurdera og analysere faglege og vitskaplege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet
Ferdigheiter:
Kandidaten...
- kan integrere kunnskap frå forsking, erfaring og ønskjer og behov hos brukarar
- kan gjennomføre omfattande kunnskapsøkjing relatert til spesifikke forskingsspørsmål og kritisk vurdera forsking
- kan nytte relevante metodar innan KBP på ein sjølvstendig måte
- kan bidra til kvalitetsforbetring og endring i organisasjonar ved å fremje KBP
- kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt ved å byggje på eksisterande forsking i tråd med gjeldande forskingsetiske normer
Generell kompetanse:
Kandidaten…
- kan nytte refleksjon og kritisk vurdering som reiskap for sjølvretta livslang læring
- kan identifisere kunnskapshol i forskingslitteraturen
- kan arbeide med KBP og implementere beste tilgjengelege kunnskap i praksis
- kan undervise og formidle kompetanse om KBP i klinisk praksis, utdanningsinstitusjonar og fagtidsskrift
- kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar, både med spesialistar og til allmennheita
- kan bidra til nytenking og innovasjon
Innhald
Masterstudiet er eit deltidsstudium over fire år. Undervisninga er nettbasert, med éin kort samling på campus ved studiestart i første semester. Studenten følgjer emne i den rekkefølgja dei er sett opp i utdanningsplanen. Når eit emne er gjennomført, forventast det at studenten tar med seg kunnskap og ferdigheiter til nye læringssituasjonar og integrerer dei i det vidare studiearbeidet.
Det er også mogeleg å søkje opptak til enkeltemne for andre som ikkje er tatt opp på studieprogrammet så lenge dei fyller opptakskrav til studieprogrammet.
Fyrste studieår
Studenten lærer om trinna i KBP, inkludert å etterspørje, søkje etter, kritisk vurdere og bruke forsking for å forbetre praksis. Studenten vil nytte lærestoffet på problemstillingar frå eigen praksis.
Andre studieår
Studenten fordjupar seg i vitskapsteori, forskingsmetodar og forskingsetiske problemstillingar i helseog sosialfaga. Vidare fordjupar studenten seg i tema knytt til implementering og korleis integrere kunnskap frå forsking, klinisk/praktisk erfaring og pasientar/brukarar i forbetringsteneste.
Tredje studieår
Studenten skriv prosjektplan for masteroppgåva og startar på masteroppgåva.
Fjerde studieår
Studenten fortsett arbeid med masteroppgåva.
Arbeidsformer
Refleksjon og livslang læring er fundamentet for masterprogrammet.
Studiet kombinerer synkron digital undervisning der læring skjer gjennom førelesningar, webinar, diskusjonar, munnlege framlegg, oppgåveløysing og skriftlege innleveringar og asynkrone læringsressursar som videoførelesingar, instruksjonsvideoar, interaktive element og sjølvester.
Andre arbeidsformer er gruppearbeid, rettleiing i skriftleg arbeid og framlegg, og sjølvstudium.
Det vil være ein til to digitale synkrone samlingar i semesteret.
Canvas vert brukt som studiestøttesystem og studentane deltar aktivt i synkrone og asynkrone aktivitetar.
I alle emne er det obligatoriske læringsaktivitetar som studentane må ha godkjent før dei kan framstille seg til eksamen i emne.
Det er rekna med om lag 20 timar med studiearbeid per veke i studieåret (inkludert sjølvstudium).
Vurderingsformer
Vurderingsformer inkluderer heimeeksamen eller skriftlege oppgåver som studenten arbeider med kontinuerleg gjennom heile semesteret. I fleire oppgåver blir det lagt vekt på at studenten vel problemstillingar frå eigen praksis og/eller interessefelt som utgangspunkt for å løyse oppgåvene. På denne måten får dei nytta verktøy, tenkemåtar og litteratur/teori på praksisnære og relevante tema.
Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid relatert til kunnskapsbasert praksis.
Krav til studieprogresjon
Studentar som tar heile masterløpet må ha bestått emne Vitenskapsteori, etikk og metode MAMET1KP, før dei kan starte på Prosjektplanlegging MAKP501.
Studentar som søkjer Prosjektplanlegging MAKP501 som enkeltemne, må dokumentere at dei har bestått eit emne i vitenskapsteori, etikk og metode på masternivå innan dei siste 5 åra.
Alle emne må vere bestått før studenten kan starte arbeidet med MAKP601 Masteroppgåva.
Internasjonalisering
Studentar som ynskjer studentopphald må ta tidleg kontakt med programansvarleg.