Studieplan - Bachelor i kunstfag - musikk og visuell kunst
Hausten 2024
Bachelor i kunstfag er eit studieprogram som kombinerer kunstfaglege arbeidsmåtar med fokus på praktisk utøving som grunnlag for arbeid innan kunst- og kulturfeltet. Studiet vil vektlegge tverrfaglege perspektiv og digital teknologi, med tema som berekraftig framtid, kulturell forståing og samfunnsengasjement. Studenten vel si fagleg retning i anten musikk eller visuell kunst, og dette er utgangspunkt for arbeid i både einfaglege og tverrfaglege samanhengar og for utvikling av prosjekt både individuelt og i team. Dette inneber omfattande arbeid i prosjekt, utvikla og gjennomført på eiga hand og i team.
Bachelor i kunstfag vil, med fokus på praktisk utøving fletta saman med teori, legge eit godt grunnlag for masterstudium innan kunstfag og for arbeid på ulike kunst- og kulturarenaer. Praktisk pedagogisk utdanning, eller integrert master med praktisk pedagogisk utdanning, vil kvalifisere for undervisningsjobbar.
Læringsutbytte
Kunnskapar
Studenten...
- kjenner til ulike kunstfag sin eigenart og uttrykksformer, og relevante nyvinningar og teknologi innan faga
- har inngåande kunnskap om sitt valte fagområde si historie, tradisjonar og eigenart
- har kunnskap om kunstfaga som individuelt og relasjonelt fenomen
- har kunnskap om sentrale aspekt ved prosjektutvikling og prosessleiing, og om ulike metodar og arbeidsmåtar for å skape, leie og forske i og med kunstfaga
Ferdigheiter
Studenten...
- kan anvende varierte kunstnarlege uttrykksmåtar og relevante digitale verktøy i utøvande og skapande arbeid
- kan reflektere over eigne og andre sine kunstnarlege val og gi og ta imot rettleiing
- kan reflektere og tenke kritisk rundt kunstfaga og kunsten sin plass i samfunnet og i eit berekraftsperspektiv
- kan dokumentere og vurdere eigne prosessar og samskapingsprosessar
- kan finne, vurdere og anvende relevant fagstoff og knytte dette til skapande prosessar og kunstfaglege problemstillingar
Generell kompetanse
Studenten...
- kan utvikle, leie og gjennomføre kunstnarlege prosjekt og workshopar retta mot ulike målgrupper i samfunnet, både sjølvstendig og i eit fagleg fellesskap
- er fortruleg med erfaringsbaserte læringsformer
- har innsikt i danningsprosessar og vitskapleg arbeid
- kan utvikle, revidere og ferdigstille ein fagleg tekst
Innhald
Programmet har val mellom to studieretningar første året, musikk eller kunst og handverk. Dette året studerer studenten heiltid ved campus Stord og tek emne saman med årsstudium musikk og årsstudium kunst og handverk. Vidare har programmet kun obligatoriske emne 2. og 3. året.
1. år – campusbasert
Valfrie emne, A. Musikk:
- Utøve musikk, 15 sp
- Lage musikk, 15 sp
- Samspill og musikalsk produksjon, 15 sp
- Selvvalgt prosjekt, 15 sp
Valfrie emne, B. Kunst og handverk:
- Kunst og handverk 1, 30 sp
- Kunst og handverk 2, 30 sp
2. år – samlings- og nettbasert
Obligatoriske emne:
- Danning og akademisk handverk, 7,5 sp
- Kunstfaga si rolle i samfunnet, 7,5 sp
- Tverrfagleg kunstproduksjon, 15 sp
- Teknologi i kunstfaga, 15 sp
- Berekraft i kunstfaga, 15 sp
3. år – samlings- og nettbasert
Obligatoriske emne:
- Prosjektutvikling- og leiing, 15 sp
- Anvendt kunstfag, 15 sp
- Kunstfagsteori og forskingsmetode, 10 sp
- Bacheloroppgåve, 20 sp
Arbeidsformer
Undervisnings- og læringsformer:
Praktisk arbeid, gruppearbeid, forelesingar, studentframlegg, rettleiing, nettbaserte ressursar, undervegsseminar, læringsoppdrag, workshops, opposisjon.
OLA:
Skriftlege oppgåver, øvingsoppgåver med digitale verktøy, hospitering, studentpresentasjonar og framlegg, munnleg presentasjon, gruppepresentasjonar, godkjent obligatorisk deltaking i undervisning, rettleiing og medstudentrettleiing, munnleg presentasjon, rettleiingsmøte, sjølvvalt litteratur, kronikk eller podkast, logg.
Vurderingsformer
Praktisk eksamen, mappeoppgåve, munnleg eksamen, refleksjonstekst, bacheloroppgåve.
Internasjonalisering
Utveksling er mogleg i 4. og 5. semester. HVL har utvekslingsavtalar med fylgjande institusjonar:
Australia:
- Griffith University
- Queensland University of Technology
Litauen:
- Lithuanian University of Educational Sciences
Tyskland:
- University of Education of Heidelberg
USA:
- Augsburg University
- San Diego State University
I tillegg har HVL Nordplus-avtalar med:
- DK-University College UCC (Lærerutdannelsen København)
- SE-Stockholms Universitet (Department of Education)
- LV-Daugavpils University (Latvia)
- LV-University of Latvia (Faculty of Education, Psychology and Art, Riga)
- EE-Estonian Academy of Music and Theatre (Tallinn)
- IS-University of Iceland
- FI-University of Helsinki (Department of Teacher Education)