Studieplan - Landskapsplanlegging med landskapsarkitekturfag, bachelorstudium, Sogndal
Hausten 2018
Bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur gjev ei tverrfagleg utdanning som kombinerer planleggingsrelevante naturfaglege emne med yrkesretta planleggings- og forvaltningsemne inkludert landskapsarkitekturfag. Det 4. semesteret er valfritt, med høve til studieopphald ved universitet eller høgskular i utlandet, eller å ta andre emne ved HVL. I det tredje året skal studentane skrive ei bacheloroppgåve basert på resultat frå eigne undersøkingar av aktuelle problemstillingar innan areal- eller landskapsplanlegging, kulturlandskapskjøtsel, grøntplanlegging/ landskapsarkitektur, kulturminneforvaltning eller vegetasjonsøkologi.
Det 3-årige bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur ved HVL, Campus Sogndal er både ei sjølvstendig yrkesutdanning og eit grunnlag for opptak på masterprogrammet i Climate Change Management ved HVL. Bachelorprogrammet gjev også grunnlag for masterpåbygging i fysisk planlegging og ein del andre fagretningar ved andre høgskular og universitet i Noreg.
Læringsutbytte
Kunnskap
- Ha kunnskap om dei viktigaste sidene ved landskaps- og arealplanlegging, kjenne til korleis planprosessar føregår, og vite korleis ein nyttar plan- og bygningslova i fysisk planlegging.
- Ha kunnskap om eigenskapane til landskapet sett i ulike skalaer, korleis dei ulike landskapa utgjer ein heilskap, og korleis endringar vil påverke heilskapen.
- Ha kunnskap om korleis ein utformar grøntareal i rurale og urbane område med bruk av hageplanter og naturleg vegetasjon.
- Ha kunnskap om dei viktigaste økologiske prosessane i landskapet med særleg vekt på landskaps- og vegetasjonsøkologi.
- Ha kunnskap om forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap og korleis ein kan sikre det biologiske mangfaldet i kulturlandskapet.
- Ha kunnskap om kulturminne og lovgrunnlaget for vern og forvaltning av kulturminner.
Ferdigheiter
- Kunne anvende digitale verktøy slik som geografiske informasjonssystem (GIS) i landskapsplanlegging.
- Kunne utføre statistiske analyser.
- Kunne utføre landskapsanalyser.
- Kunne vurdere landskapsinngrep og korleis dei påverkar økologiske prosessar og estetiske verdiar i landskapet.
- Kunne utføre risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS analyse) og konsekvensanalysar.
- Ha innsikt i det juridiske grunnlaget for fysisk planlegging og kunne anvende lovgrunnlaget i plansamanheng.
- Kunne referere og sitere relevant litteratur på korrekt måte, og være kritisk til kjelder.
- Kunne meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk.
Kompetanse
- Kan gjennomføre landskapsplanlegging for offentleg og privat sektor forankra i eit breitt miljøfagleg kunnskapsgrunnlag og basert på god innsikt i landskapsarkitektur.
Innhald
Bachelorprogrammet er bygd opp med emne på 10 studiepoeng og ei bacheloroppgåve på 20 studiepoeng. Dei fleste emna vert undervist i blokk over ein periode på 6-7 veker, med sluttvurdering etter avslutta undervisning før neste emne tek til. Kvart semester inneheld emne på til saman 30 studiepoeng. Nærare omtale av dei einskilde emna er å finne under emneomtalane.
Arbeidsformer
Dei naturfaglege emna inneheld ekskursjonar, laboratorieøvingar og / eller feltarbeid i tillegg til førelesingar. Dei planfaglege emna inneheld prosjektoppgåver som er individuelle arbeid eller gruppearbeid. Ved ekskursjonar og feltarbeid må studentane vere budde på å betale for kost. Nærare omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av omtalen av dei einskilde emna.
Vurderingsformer
Fleire emne har obligatoriske arbeidskrav enten i form av laboratorieøvingar, feltarbeid, ekskursjonar eller skriftlege oppgåver, delvis i kombinasjon med munnlege presentasjonar. Godkjende arbeidskrav er eit vilkår for å framstilla seg til eksamen i dei aktuelle emna. Emneomtalane gjev nærare informasjon om arbeidskrav.
Vurderingsordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna.
Internasjonalisering
Studentar som ønskjer det, kan få innpassa emne tilsvarande eitt semesters studium (30 ECTS/ studiepoeng) ved ein utanlandsk institusjon som del av utdanninga ved HVL. Emnevalet skal førehandgodkjennast av HVL. Studentane følgjer ordinær undervisning ved vertsinstitusjonen. Utvekslingsavtalar er inngått med fleire ulike internasjonale utdanningsinstitusjonar.