Studieplan - Bachelor i landskapsplanlegging med landskapsarkitektur
Hausten 2024
Bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur gjev ei tverrfagleg utdanning som kombinerer planleggingsrelevante naturfaglege emne med yrkesretta planleggings- og forvaltningsemne inkludert landskapsarkitekturfag. I det tredje året skal studentane skrive ei bacheloroppgåve basert på resultat frå eigne undersøkingar av aktuelle problemstillingar innan areal- eller landskapsplanlegging, kulturlandskapskjøtsel, grøntplanlegging/ landskapsarkitektur, kulturminneforvaltning eller vegetasjonsøkologi.
Det 3-årige bachelorprogrammet i Landskapsplanlegging med landskapsarkitektur ved HVL, Campus Sogndal er både ei sjølvstendig yrkesutdanning og eit grunnlag for opptak på masterprogrammet i Climate Change Management ved HVL. Bachelorprogrammet gjev også grunnlag for masterpåbygging i fysisk planlegging og ein del andre fagretningar ved andre høgskular og universitet i Noreg.
Læringsutbytte
Kunnskap
Studenten skal ha kunnskap om:
dei viktigaste sidene ved landskaps- og arealplanlegging, kjenne til korleis planprosessar føregår, og vite korleis ein nyttar plan- og bygningslova i fysisk planlegging.
eigenskapane til landskapet sett i ulike skalaer, korleis dei ulike landskapa utgjer ein heilskap, og korleis endringar vil påverke heilskapen.
korleis ein utformar grøntareal i rurale og urbane område med bruk av hageplanter og naturleg vegetasjon.
om dei viktigaste økologiske prosessane i landskapet med særleg vekt på landskaps- og vegetasjonsøkologi.
forvaltning og skjøtsel av kulturlandskap og korleis ein kan sikre det biologiske mangfaldet i kulturlandskapet.
kulturminne og lovgrunnlaget for vern og forvaltning av kulturminner.
Ferdigheiter
Studenten skal:
kunne anvende digitale verktøy slik som geografiske informasjonssystem (GIS) i landskapsplanlegging.
kunne utføre statistiske analyser.
kunne utføre landskapsanalyser.
kunne vurdere landskapsinngrep og korleis dei påverkar økologiske prosessar og estetiske verdiar i landskapet.
kunne utføre risiko- og sårbarheitsanalysar (ROS analyse) og konsekvensanalysar.
- ha innsikt i det juridiske grunnlaget for fysisk planlegging og kunne anvende lovgrunnlaget i plansamanheng.
kunne meistre referansehandtering, siteringsteknikk og kjeldekritikk.
Generell kompetanse
Kan gjennomføre landskapsplanlegging for offentleg og privat sektor forankra i eit breitt miljøfagleg kunnskapsgrunnlag og basert på god innsikt i landskapsarkitektur.
Innhald
Bachelorprogrammet er bygd opp med emne på 10 studiepoeng og ei bacheloroppgåve på 20 studiepoeng. Dei fleste emna vert undervist i blokk over ein periode på 6-7 veker, med sluttvurdering etter avslutta undervisning før neste emne tek til. Kvart semester inneheld emne på til saman 30 studiepoeng. Nærare omtale av dei einskilde emna er å finne under emneomtalane.
Arbeidsformer
Dei naturfaglege emna inneheld ekskursjonar, laboratorieøvingar og / eller feltarbeid i tillegg til førelesingar. Dei planfaglege emna inneheld prosjektoppgåver som er individuelle arbeid eller gruppearbeid. Ved ekskursjonar og feltarbeid må studentane vere budde på å betale for kost. Nærare omtale av undervisnings- og læringsformer går fram av omtalen av dei einskilde emna.
Vurderingsformer
Fleire emne har obligatoriske arbeidskrav enten i form av laboratorieøvingar, feltarbeid, ekskursjonar eller skriftlege oppgåver, delvis i kombinasjon med munnlege presentasjonar. Godkjende arbeidskrav er eit vilkår for å framstilla seg til eksamen i dei aktuelle emna. Emneomtalane gjev nærare informasjon om arbeidskrav.
Vurderingsordninga går fram av omtalen av dei einskilde emna.
Internasjonalisering
Det er lagt til rette for studieopphald i utlandet i fjerde semester. Institutt for Miljø- og Naturvitskap (IMN) har samarbeidsavtaler for studentutveksling med universitet og høgskular i fleire land. Emnevalet skal førehandsgodkjennast av HVL.