Studieplan - Logistikk
Hausten 2024
Årseininga i Operations & Supply Chain Management (Logistikk) legg vekt på utviklinga av naudsynte ferdigheiter som analytisk tenking, problemløysing, avgjerdstaking, kommunikasjon og samarbeid. Desse kompetansane er avgjerande for effektiv operasjons- og forsyningskjedeleiing i ein kompleks og stadig skiftande forretningsverd. Programmet gjev ei omfattande, relevant og oppdatert utdanning som førebur studentane på dei utfordringane og moglegheitene som finst i moderne logistikk og forsyningskjedeleiing
Læringsutbytte
Etter å ha fullført og bestått studiet, vil studentane ha oppnådd eit omfattande læringsutbytte, som inkluderer følgjande element:
Kunnskap om:
- Studentane vil tileigne seg djupgåande forståing av alle aspekt ved operasjons- og forsyningskjedeleiing. Dette inkluderer planlegging, design, gjennomføring og kontroll av operasjonar og forsyningskjeder for effektiv produksjon av varer og tenester.
- Detaljert kunnskap om strategiar og praksisar innan innkjøp, distribusjon, kunnskapsstyring, og implementering av nye teknologiar.
- Inngåande forståing av økonomisk berekraft, global operativ leiing, og etisk og sosialt ansvar i ein global samanheng.
Ferdigheiter til å kunne:
- Identifisere og løyse komplekse operasjonelle og logistiske problem, effektivisere og forbetre forsyningskjedeprosessar.
- Anvende teoretiske kunnskapar i praktiske scenario, bruke moderne teknologiar og verktøy for å forbetre operasjonell effektivitet og berekraft.
- Handtere prosjektleiing og ta informerte avgjerder basert på ein berekraftig tilnærming.
Generell kompetanse:
- Utvikle ei heilskapleg forståing av viktigheita av operasjons- og forsyningskjedeleiing for organisasjonar sin suksess og lønsemd.
- Bevisstheit om etiske omsyn og sosialt ansvar, samt evna til å leie og administrere endringar og innovasjon i forsyningskjeder.
- Utvikle leiareigenskapar, kommunikasjons- og samarbeidsevner, og ein global tankegang for tilpassing av operasjonar til ulike kulturar og marknader.
Innhald
Fordjuping/årseining i logistikk har eit omfang på 60 studiepoeng.
Følgjande fordjupingsemne inngår i studiet:
ØAL117 Operations & Supply Chain Management, haustsemester
ØAL118 Operasjonell strategi og utføring, haustsemester
ØAL119 Supply Chain Management – innkjøp og distribusjon, vårsemester
ØAL120 Kunnskapsstyring i forsyningskjedeledelse, vårsemester
ØAL121 Nye teknologiar i operasjons- og forsyningskjedeledelse, haustsemester
ØAL122 (SDG238) Eco Global Operational Management (engelsk som undervisningsmål) vårsemester
Opptakskrava for utdanninga er høgskuleutdanning med minimum 120 studiepoeng innan teknologiske/økonomiske/IT-fag inkludert grunnleggande kunnskapar i bedriftsøkonomi, statistikk og organisasjonsfag.
Studentar som ikkje har teke samfunnsvitskapleg metode tidlegare må ta faget ØMO111 Samfunnsvitskapleg metode om hausten. Av desse 6 faga må studentane ta stilling til kva 5 fag ein ynskjer å setje saman.
Her er nokre potensielle stillingar ein student kan vere kvalifisert for etter å ha valt fem av desse faga, samt kombinasjonar av fag som passar for spesifikke typar stillingar:
Logistikk koordinator eller Supply Chain koordinator
Relevante fag: ØAL117 Operations & Supply Chain Management, ØAL119 Supply Chain Management – Innkjøp og distribusjon, ØAL120 Kunnskapsstyring i forsyningskjedeledelse, ØAL121 Nye teknologiar i operasjons- og forsyningskjedeledelse.
Grunngjeving: Denne kombinasjonen gir omfattande kunnskap i å handtere og optimalisere forsyningskjeder, inkludert aspekt ved innkjøp, distribusjon og integrering av nye teknologiar.
Operasjonskoordinator
Relevante fag: ØAL117 Operations & Supply Chain Management, ØAL118 Operasjonell strategi og utføring, ØAL120 Kunnskapsstyring i forsyningskjede, ØAL121 Nye teknologiar i operasjons- og forsyningskjedeledelse.
Grunngjeving: Desse faga fokuserer på operasjonell effektivitet, prosessforbetring og strategisk utføring av operasjonar, essensielt for ei rolle som operasjonskoordinator.
Innkjøpskoordinator eller innkjøpsspesialist
Relevante fag: ØAL119 Supply Chain Management – Innkjøp og distribusjon, ØAL120 Kunnskapsstyring i forsyningskjede, ØAL121 Nye teknologiar i operasjons- og forsyningskjedeledelse, ØAL122 Eco Global Operational Management.
Grunngjeving: Fokuserer på innkjøpsstrategiar, leverandørrelasjonshandtering og anvendelse av nye teknologiar i innkjøpsprosessar.
Dataanalytikar eller forsyningskjedeanalytikar
Relevante fag: ØAL117 Operations & Supply Chain Management, ØAL121 Nye teknologiar i operasjons- og forsyningskjedeledelse, ØAL120 Kunnskapsstyring i forsyningskjede, ØAL122 Eco Global Operational Management.
Grunngjeving: Fokuserer på analyse og optimalisering av forsyningskjedeprosessar gjennom avanserte dataanalyser og teknologi.
Prosjektkoordinator i forsyningskjede og operasjonar
Relevante fag: ØAL118 Operasjonell strategi og utføring, ØAL120 Kunnskapsstyring i forsyningskjede, ØAL122 Eco Global Operational Management, ØAL121 Nye teknologiar i operasjons- og forsyningskjedeledelse.
Grunngjeving: Gir ferdigheiter i prosjektledelse, global operasjonsstrategi og integrering av kunnskapsstyring i prosjektutføring.
Desse jobbrollene krev eit unikt sett av ferdigheiter og kunnskapar som kan oppnåast gjennom ein kombinasjon av dei oppførte faga. Ved å velje fag strategisk, kan studentane skreddarsy si utdanning for å passe til deira karriereambisjonar innan operasjons- og forsyningskjedeledelse.
Praksis
Som eit alternativ til å skrive bacheloroppgåve er det høve til å gjennomføre Internship hos ein verksemd som studenten sjølv skaffar i vårterminen. Studenten skal arbeide totalt 240 timar/32 dagar i praksis. Dette svarar til to dagar i veka gjennom semesteret, men student og bedrift står fritt til å avtale andre kombinasjonar.
Arbeidsformer
I undervisningssamanheng er det eit samspel mellom førelesingar og oppgåver/caseløysingar. Det vert lagt vekt på at teorien skal nyttast på praktiske problemstillingar.
Gjesteførelesingar, oppgåveseminar og bedriftsbesøk er ein del av studiet, det er obligatorisk frammøte på oppgåveseminar.
I september/oktober vert det arrangert ein studietur (føresetnad tilstrekkeleg tal påmelde deltakarar).
Vurderingsformer
Vurderingsform kjem fram av den enkelte emneskildringa
Internasjonalisering
Dette er eit eittårig tilbod og det blir derfor ikkje lagt opp til studentutveksling i løpet av studiet.
Organisering
Studiet går over to semester, og omfattar 30 studiepoeng i kvart semester.
I vårsemesteret skrives bacheloroppgåve/hovudprosjekt på 15 studiepoeng. Desse blir skrivne i grupper på 3-4 studentar. Sjå emneskildring for bacheloroppgåve: ØMF190 og hovudprosjekt: ØMF199. Alternativt kan ein velja Internship i ei verksemd og erfaringsrapport.