Hopp til innhald

Studieplan - Master i kunnskapsbasert praksis

Hausten 2024

Helsetenester av høg kvalitet skal være basert på den beste tilgjengelege kunnskapen frå forsking. Difor må helsepersonell aktivt søke ny kunnskap innanfor sitt fagområde for å halde seg oppdaterte fagleg. Kunnskapsbasert praksis (KBP) handlar om å kombinere klinisk erfaring og ekspertise med beste tilgjengelege kunnskap frå forsking. Brukaren sjølv, og/eller dei som står brukaren nær, skal også få medverke i beslutningar. Dette gjer det mogleg å kombinere kunnskap frå erfaring, forsking og brukarar.

Hovudmålet med masterstudiet er å bidra til kvalitetsforbetring i helsetenesta. I løpet av masterstudiet vil studenten utvikle vidare si fagspesifikke kompetanse i eit tverrfagleg akademisk miljø. Studenten vil kvalifiserast til å arbeide med og leie kunnskapshandtering og kvalitetsforbetring i praksis, undervising og formidling. Studenten vil få allsidig kunnskap innan forskingsmetodar og vitskapleg tenkjemåte.

Studenten vil lære å bruke forsking for å fremje fagutvikling og lære å utføre fagleg og etisk forsvarleg praksis for å redusere skade og auka fordelar for individuelle brukarar og organisasjonar.

Studiet kvalifiserer for opptak til doktorgradsprogram.

Det tilbys tre studieretningar: helsefag, ergoterapi og radiografi. 60 studiepoeng i programmet er felles.

I alle studieretningane lærer studenten å etterspørje, søkje etter, kritisk vurdere, og bruke forsking som ei av fleire kunnskapskjelder for å fremje KBP. Implementering av forskingsbasert kunnskap i praksis er eit sentralt tema i studiet. Studenten lærer å bruke teori, rammeverk, modellar og verktøy for å fremme bruk av resultat frå forsking. Studenten lærar også om strategiar for sikre best mogleg brukarmedverknad på ulike nivå i tenestene. Gjennom studiet skal studenten anvende fagstoff på praktiske problemstillingar frå eige fagfelt gjennom heile studiet.

Studieretningane ergoterapi og radiografi vil ha fordjupa seg innanfor sine respektive fagområde.

Studieretning radiografi

Studenten får kompetanse i å nytte KBP innan radiografi. Brei forståing for bruk av forskning innan radiografi og medisinsk bildeteknologi er viktig for å vidareutvikla fagfeltet, inkludert forskning og utviklingsarbeid i fagfeltet. Studenten skal forstå betydninga av KBP og kunne kommunisere med fagmiljøet om relevante problemstillingar innan radiografi og medisinsk bildeteknologi.

Studieretning ergoterapi

Studenten får kompetanse i å nytte KBP innan ergoterapi. Kritisk forståing av teoretiske perspektiv om aktivitet og deltakelse er viktig for å utøva ergoterapi og vurdera praksis. Studenten skal vurdera eigen praksis ut frå ulike forståingar av aktivitet og deltakelse, og om eigen praksis er brukarsentrert, aktivitetsfokusert, aktivitetsbasert og blir gjennomført i relevante omgjevnader. Studenten skal kunne drøfta behov for endring av praksis basert på relevant kunnskap frå forsking, erfaring og brukarar.

Opptakskrav

  • Studieretning helsefag:

Bachelorgrad innan helse- og sosialfag, eller tilsvarande. Kandidatar med annan relevant utdanning (f.eks. bibliotek- og informasjonsfag) kan også søke, og vil bli vurdert individuelt.

  • Studieretning ergoterapi:

Bachelorgrad i ergoterapi eller tilsvarande.

  • Studieretning radiografi:

Bachelorgrad i radiografi eller tilsvarande.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført mastergrad i kunnskapsbasert praksis skal ha følgjande totale læringsutbyte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap:
Kandidaten...

  • har avansert kunnskap innanfor fagfeltet kunnskapsbasert praksis (KBP) og metodane knytt til KBP.
  • kan nytte forskingsbasert kunnskap på ein kritisk og analytisk måte.
  • kan kritisk vurdera og analysere faglege og vitskaplege problemstillingar med utgangspunkt i fagområdet si historie, tradisjonar, eigenart og plass i samfunnet.

Ferdigheiter:

Kandidaten...

  • kan integrere kunnskap frå forsking, erfaring og ønskjer og behov hos brukarar.
  • kan gjennomføre omfattande kunnskapsøkjing relatert til spesifikke forskingsspørsmål og kritisk vurdera forsking.
  • kan nytte relevante metodar innan KBP på ein sjølvstendig måte.
  • kan bidra til kvalitetsforbetring og endring i organisasjonar ved å fremje KBP.
  • kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- eller utviklingsprosjekt ved å byggje på eksisterande forsking i tråd med gjeldande forskingsetiske normer.

Generell kompetanse:

Kandidaten…

  • kan nytte refleksjon og kritisk vurdering som reiskap for sjølvretta livslang læring.
  • kan identifisere kunnskapshol i forskingslitteraturen.
  • kan arbeide med KBP og implementere beste tilgjengelege kunnskap i praksis.
  • kan undervise og formidle kompetanse om KBP i klinisk praksis, utdanningsinstitusjonar og fagtidsskrift.
  • kan kommunisere om faglege problemstillingar, analysar og konklusjonar, både med spesialistar og til allmennheita.
  • kan bidra til nytenking og innovasjon.

Innhald

Masterstudiet er eit deltidsstudium over fire år. Undervisninga er hovudsakleg nettbasert, med éin til to kortare samlingar på campus per semester.

Første studieår

Studenten lærer om trinnene i KBP, inkludert å etterspørje, søkje etter, kritisk vurdere og bruke forsking for å forbetre praksis. Studenten vil nytte lærestoffet på problemstillingar frå eigen praksis. Undervisninga er felles for alle studieretningar.

Andre studieår

Haust:

Studenten fordjupar seg i vitskapsteori, forskingsmetodar og forskingsetiske problemstillingar i helse- og sosialfaga. Undervisninga er felles for alle studieretningar.

Vår:
I alle studieretningane fordjupar studenten seg i tema knytt til implementering og korleis integrere kunnskap frå forsking, klinisk/praktisk erfaring og pasientar/brukarar i forbetringsteneste. Mykje av undervisninga vil vere felles for desse to studieretningane.

Tredje studieår

Haust:
I studieretning helsefag skriv studenten prosjektplan for masteroppgåva og fordjupar seg i vitskapsteori, metode og etikk relevante for eigen prosjekt.

I studieretning ergoterapi byggjer studenten opp ein kritisk forståing av teoretiske perspektiv kring aktivitet og deltaking, og korleis nytte desse perspektiva for å vurdere eigen praksis.

I studieretning radiografi fordjupar studenten seg i tema kring forskning i radiografi og medisinsk bildeteknologi.

Vår:
I studieretning helsefag arbeider studenten med masteroppgåva.

I studieretningane ergoterapi og radiografi skriv studenten prosjektplan for masteroppgåva og fordjupar seg i vitskapsteori, metode og etikk relevante for eige prosjekt. Undervisninga er felles for begge retningar.

Fjerde studieår

Studenten arbeider med masteroppgåva.

Studenten følgjer emne i den rekkefølgja dei er sett opp i utdanningsplanen. Når eit emne er gjennomført, forventast det at studenten tar med seg kunnskap og ferdigheiter til nye læringsituasjonar og integrerer dei i det vidare studiearbeidet.

Arbeidsformer

Refleksjon og livslang læring er fundamentet for masterprogrammet. Innhaldet i emna byggjer på kvarandre, slik at kunnskap og ferdigheiter utviklar seg progressivt. Læring skjer gjennom diskusjonar, munnlege framlegg, oppgåveløysing og skriftlege innleveringar. Undervisninga er hovudsakleg nettbasert. Undervisningsformer inkluderer førelesingar (digitalt og klasserom), seminar/webinar, gruppearbeid, rettleiing i skriftleg arbeid og framlegg, og sjølvstudium. Canvas vert brukt som studiestøttesystem. Studenten må ha eigen PC med internett-tilgang. For å delta på webinar treng studenten mikrofon og høgtalar, og det vert tilrådd å nytte webkamera og headset.

Det er rekna med om lag 20 timar med studiearbeid per veke i studieåret.

Vurderingsformer

Vurderingsformer inkluderer heimeeksamen eller skriftlege oppgåver som studenten arbeider med kontinuerleg gjennom heile semesteret. I fleire oppgåver blir det lagt vekt på at studenten vel problemstillingar frå eigen praksis og/eller interessefelt som utgangspunkt for å løyse oppgåvene. På denne måten får dei nytta verktøy, tenkemåtar og litteratur/teori på praksisnære og relevante tema.

Masteroppgåva er eit sjølvstendig arbeid relatert til kunnskapsbasert praksis.

Krav til studieprogresjon

Emne i første studieår må vere bestått for å få starte fjerde semester.

Alle emne må vere bestått før studenten kan starte arbeidet med masteroppgåva.

Internasjonalisering

Studenter som tar mastergrad i KBP kan ha et utvekslingsopphold ved Syddansk Universitet i Danmark på 3-5 måneder.