Studieplan - Master i spesialpedagogikk, Sogndal
Hausten 2019
Masterstudiet er retta mot studentar som ønskjer å vidareutvikle sin spesialpedagogiske kompetanse. Studiet har eit livløpsperspektiv, med vekt på brukarar i ulike aldrar og med ulike typar lærevanskar og tek med dette sikte på å imøtekomme nasjonale utfordringar som er framtredande i utgreiingar som til dømes Meld. St.18 (2010-11) "Læring og fellesskap" og i NOU 2009: 18 "Rett til læring, Spesialundervisning - veileder til opplæringsloven om spesialpedagogisk hjelp og spesialundervisning".
Utdanninga har ein yrkeretta og praksisnær profil. Studiet vil legge til rette for at studenten skal tileigne seg kunnskap om spesialpedagogikk som profesjonsfag og forskingsfelt. Studiet er basert på studentaktive læringsformer, og det vert lagt vekt på skriveprosessar, munnleg og skriftleg argumentasjon og refleksjon.
Læringsutbytte
Etter fullført studium skal kandidaten:
Kunnskapar:
- ha avansert kunnskap om spesialpedagogikk som profesjonsfag og forskingsfelt på individ,- gruppe- og systemnivå
- ha inngåande teori- og forskingsbasert kunnskap om spesifikke lærevanskar, rettleiing og innovasjon
- ha inngåande kunnskap om vitskapsteori, forskingsmetodar og etikk, og kunne bruke denne kunnskapen i det spesialpedagogiske forskingsfeltet
Ferdigheiter
- kunne analysere situasjonar, identifisere og prioritere relevante intervensjonar/tiltak innan spesifikke lærevanskar
- kunne planlegge og gjennomføre vitskapleg arbeid med spesialpedagogisk relevans, i samsvar med etiske normer
- kunne analysere og forhalde seg kritisk til ulike kunnskapskjelder
- kunne rettleie og samarbeide med foreldre, barnehagar, skular og andre relevante institusjonar om utfordringar knytt til brukarar med særskilte behov
Generell kompetanse
- kunne analysere etiske problemstillingar knytt til spesialpedagogikk som fag-, yrke- og forskingsfelt
- kunne kommunisere om spesialpedagogiske problemstillingar, både med spesialistar og allmenta
- kunne bruke sine kunnskapar og ferdigheiter til nytenking og innovasjonsprosessar i spesialpedagogikk
- kunne formidle eige forskingsarbeid
Innhald
Studiet består av fire obligatoriske emne:
1. og 2. semester: Spesifikke lærevanskar (40 studiepoeng)
Her inngår delemna lese- og skrivevanskar, språkvanskar og psykososiale vanskar del 1 og 2
3. semester: Rettleiing og innovasjon (20 studiepoeng)
4. semester: Vitskapsteori og metode (20 studiepoeng)
5. og 6. semester: Masteroppgåve (40 studiepoeng)
Praksis
Det er krav om gjennomføring av feltarbeid knytt til arbeidskrav i emna "Spesifikke lærevanskar" og "Rettleiing og innovasjon" med eit omfang på til saman 20 dagar.
Gjennomføringa av feltarbeidet skal skje ved nasjonale eller internasjonale institusjonar som høgskulen godkjenner eller har samarbeidsavtalar med. På emnet Rettleiing og innovasjon kan studentane ha feltarbeid på eigen arbeidsplass. Studentane vil bli følgde opp av høgskulen sitt lærarteam i samarbeid med institusjonen feltarbeidet vert gjennomført ved. Dette er ei løysing som kan tilpassast den enkelte student sine behov for yrkesretting av studieinnhaldet.
Arbeidsformer
Studiet er samlingsbasert. Det er lagt opp til tre samlingar på fire dagar i semesteret. I emnet Rettleiing og innovasjon vert nettsamlingane erstatta med arbeid i lokale grupper. Studentane vil møte ulike arbeidsformer som førelesingar, seminar, gruppearbeid med kasus-drøftingar, mindre øvingar og eigne framføringar. Det vert lagt vekt på å utvikla bruken av IKT som informasjonskjelde, som dokumentasjons- og kommunikasjonskanal og som læringsverktøy.
Undervisnings- og læringsformene skal gje studentane kunnskap om kva det vil seie å arbeide forskingsbasert og ferdigheiter knytt til dette. Studentane kan verte trekte inn i fou-arbeid både gjennom deltaking i utviklingsarbeid/forskingsprosjekt og gjennom vitskapleg/fagleg publisering.
Vurderingsformer
Arbeidskrav
Det er knytt arbeidskrav til dei ulike emna i studiet. Arbeidskrava varierer frå emne til emne, men er basert på presentasjon av individuelt arbeid, gruppearbeid og skriftlege innleveringar. Feltarbeid i andre og tredje semester er arbeidskrav knytt til emna Spesifikke lærevanskar og Rettleiing og innovasjon. Arbeidskrava må vera godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen.
Sluttvurdering
Sluttvurderingar i emna skal vere ein sentral del av læringsprosessane fram mot masteroppgåva. Vurderingsformene vil variere mellom emna, og til saman vil studentane få røynsle med varierte vurderings- og eksamensformer: munnleg eksamen, individuell skriftleg eksamen, heimeeksamen og masteroppgåve. Ved sensur av emna blir karakterskalaen A-F nytta.
Internasjonalisering
Utanlandsopphald kan gjennomførast i tredje studieår, som del av arbeidet med masteroppgåva. Eit eventuelt opphald skal gjennomførast i samarbeid med institusjonar høgskulen har avtale med. Ved særskild søknad, kan andre løysingar vurderast.