Studieplan - Matematikk 1- 1.-7. trinn nettstudium
Hausten 2019
Tilbodet er ein del av satsinga Kompetanse for kvalitet. Studiet går over to semester, og er eit rent nettstudium.
Læringsutbytte
Studenten har kunnskap om:
- byrjaropplæringa som går på tal og talforståing, samt rekning og overgangen frå aritmetikk til algebra
- geometri, målingar, algebra, funksjonslære, kombinatorikk, sannsynslære og statistikk. Kunnskap om det matematikkfaglege innhaldet i barnehage og ungdomsskule er òg vektlagt
- undervisningsmetodar og læringsteoriar i matematikk, som mellom anna omfattar matematisk språk, kommunikasjon og representasjonsformer. Studenten har òg kunnskap om aktuelle digitale verktøy for matematikk. Han kan lese og uttrykke seg munnleg og skriftleg i matematikk og har kunnskap om rekning som grunnleggande ferdigheit i andre skulefag
Studenten har ferdigheiter i
- å planlegge og gjennomføre matematikkundervisning på varierte måtar for trinna 1-7, og vurdere dei opp mot kompetansemåla i faget
- å inkludere elevane og fremje undring, matematisk argumentasjon og kreativitet
- å tilpasse opplæringa til dei ulike elevane og kan blant anna bruke ulike vurderingsverktøy for å tilpasse opplæringa til den enkelte elev
Studenten har generell kompetanse i
- praktiske ferdigheiter i matematikk av munnleg og skriftleg karakter. Studenten kan òg kommunisere med elevar, lytte til og forstå deira tenkjemåtar og løysingsmetodar. Han kan òg førebygge og oppdage matematikkvanskar og gripe tak i desse
Innhald
- tallære, algebra, geometri, funksjonslære, statistikk, sannsynsrekning
- rekning som grunnleggjande ferdigheit
- det digitale verktøyet GeoGebra
- didaktikk
- arbeidsformer i matematikk
Praksis
Det vert ikkje krav om eigen praksis, men deler av arbeidskrava skal knytast til praksis.
Arbeidsformer
Studiet kombinerer førelesingar, diskusjonar, oppgåvearbeid, studentpresentasjonar og gruppearbeid. Studiet stiller krav til den enkelte student om sjølvstendig arbeid og aktiv tilnærming til problemstillingar, samt at ein aktivt søkjer kunnskapsutvikling og samarbeider med andre studentar. Det er obligatorisk frammøte på nettundervisning.
Vurderingsformer
Sjå emneplan