Studieplan - Medisinske laboratorieanalysar
Hausten 2022
Grunna den teknologiske utviklinga innan medisinske laboratorieanalysar, aukar stadig kravet til kunnskap og ferdigheiter hos bioingeniørane. I fagfeltet opplever ein stadig auka krav til effektivisering, kvalitetssikring og auka behov for kompetanse innan datahandsaming og dataanalysar. Studiet gjev innsikt i nyare, avansert teknologi innan medisinsk laboratorieanalysar.
Læringsutbytte
Studenten skal etter endt utdanning kunne:
Kunnskapar:
forklare prinsippa for avansert teknologi som vert nytta i moderne medisinske laboratorieanalysar, og diskutere diagnostisk bruk av desse.
forklare analyseprinsipp og gi nokre dømer på programsystem som vert nytta i moderne medisinske laboratorieanalysar og vise djupare innsikt for nokre utvalde analysar.
Ferdigheiter:
vurdere og diskutere moglegheiter og avgrensingar ved utstyr og programsystem som vert nytta for ulike medisinske laboratorieanalysar
vurdere og vidareutvikle medisinske laboratorieanalysar ut i frå krav til kvalitet og effektivitet
meistre og nytte multivariable dataanalysar
Generell kompetanse:
bidra til kunnskapsutviklinga innan fagområdet medisinske laboratorieanalysar
delta i forskingsprosjekt som omfattar ulike medisinske laboratorieanalysar
diskutere spørsmål knytt til medisinske laboratorieanalysar med anna medisinsk personale, forskarar i fagfeltet og kollegar
Innhald
Studiet inneheld fylgjande tre emne:
BIO851 Effektive dataanalysar i det medisinske laboratoriet (10 studiepoeng)
BIO852 Avanserte biomedisinske analysemetodar (10 studiepoeng)
BIO853 Vidareutdanning i hematologi for medisinsk laboratoriepersonell (10 studiepoeng)
Etter opptak til studieprogrammet, kan studenten velje om han/ho ynskjer å følgje undervisninga i eit eller fleire studieemne.
Emnet BIO851 (10 stp.) gjev ein introduksjon til fleirvariabel regresjon, statistisk forsøksplanlegging, multivariate dataanalysar og datasimulering.
Emnet BIO852 (10 stp.) gjev ein introduksjon til ny og avansert medisinsk laboratorie teknologi. Studentane vil trene på å vurdere kvalitet, føremoner og avgrensningar for ulike analysemetodar.
Emnet BIO853 (10 stp.) gjev ein vidareutdanning innan det medisinske fagområdet hematologi. Emnet dannar eit teoretisk og praktisk grunnlag for å kunne vurdere val og utføring av metodar som er aktuelle for medisinsk diagnostikk. Emnet gjev inngåande kjennskap i laboratorieteknikkar, analyseteknikkar og svarvurdering innan
fagområdet hematologi.
Arbeidsformer
Undervisninga er samlingsbasert, med både fysiske og digitale samlingar. Mellom samlingane arbeider studentane med oppgåver og førebuingar til neste seminar, i tillegg til sjølvstudier.
Det er forventa at studentane arbeider med fag og problemstillingar knytt til dette gjennom heile semesteret slik at den totale arbeidsmengda tilsvarar eit studium på 10 studiepoeng per fag. Dette vil i praksis sei ei arbeidsmengde tilsvarande omlag 27 arbeidstimar pr. studiepoeng, eller 810 timar totalt.
Vurderingsformer
Alle emna, BIO851, BIO852 og BIO853 vert vurdert etter karakterskala A - F.
Vurderingsordning går fram av emneplanane for BIO851, BIO852 og BIO853.
Krav til studieprogresjon
Nei
Internasjonalisering
Studentar som er tatt opp i studieprogrammet får ikkje tilbod om utvekslingsopphald.
Innkomande internasjonale studentar ved HVL, kan søke om opptak til emna BIO851 og BIO852, difor er undervisningsspråket engelsk dersom det er internasjonale studentar som er tatt opp i emna.
Organisering
Sjå meir utfyllande informasjon i emneplanane.
Høgskulen på Vestlandet nyttar studiestøttesystemet Canvas.