Hopp til innhald

Studieplan - Medisinske laboratorieanalysar

Hausten 2023

Grunna den teknologiske utviklinga innan medisinske laboratorieanalysar, aukar stadig kravet til kunnskap og ferdigheiter hos bioingeniørane. I fagfeltet opplever ein stadig auka krav til effektivisering, kvalitetssikring og auka behov for kompetanse innan datahandsaming og dataanalysar. Studiet gjev innsikt i nyare, avansert teknologi innan medisinsk laboratorieanalysar.

Læringsutbytte

Studenten skal etter endt utdanning kunne:

Kunnskapar:

forklare prinsippa for avansert teknologi som vert nytta i moderne medisinske laboratorieanalysar, og diskutere diagnostisk bruk av desse.

forklare analyseprinsipp og gi nokre dømer på programsystem som vert nytta i moderne medisinske laboratorieanalysar og vise djupare innsikt for nokre utvalde analysar.

Ferdigheiter:

vurdere og diskutere moglegheiter og avgrensingar ved utstyr og programsystem som vert nytta for ulike medisinske laboratorieanalysar

vurdere og vidareutvikle medisinske laboratorieanalysar ut i frå krav til kvalitet og effektivitet

meistre og nytte multivariable dataanalysar

Generell kompetanse:

bidra til kunnskapsutviklinga innan fagområdet medisinske laboratorieanalysar

delta i forskingsprosjekt som omfattar ulike medisinske laboratorieanalysar

diskutere spørsmål knytt til medisinske laboratorieanalysar med anna medisinsk personale, forskarar i fagfeltet og kollegar

Innhald

Studiet inneheld fylgjande to emne:

BIO852 Avanserte biomedisinske analysemetodar (10 studiepoeng)

BIO853 Vidareutdanning i hematologi for medisinsk laboratoriepersonell (10 studiepoeng)

Etter opptak til studieprogrammet, kan studenten velje om han/ho ynskjer å følgje undervisninga i eit eller fleire studieemne.

Emnet BIO852 (10 stp.) gjev ein introduksjon til ny og avansert medisinsk laboratorie teknologi. Studentane vil trene på å vurdere kvalitet, føremoner og avgrensningar for ulike analysemetodar.

Emnet BIO853 (10 stp.) gjev ein vidareutdanning innan det medisinske fagområdet hematologi. Emnet dannar eit teoretisk og praktisk grunnlag for å kunne vurdere val og utføring av metodar som er aktuelle for medisinsk diagnostikk. Emnet gjev inngåande kjennskap i laboratorieteknikkar, analyseteknikkar og svarvurdering innan fagområdet hematologi.

Arbeidsformer

Undervisninga er samlingsbasert, med både fysiske og digitale samlingar. Mellom samlingane arbeider studentane med oppgåver og førebuingar til neste seminar, i tillegg til sjølvstudier. 

Det er forventa at studentane arbeider med fag og problemstillingar knytt til dette gjennom heile semesteret slik at den totale arbeidsmengda tilsvarar eit studium på 10 studiepoeng per fag. Dette vil i praksis sei ei arbeidsmengde tilsvarande omlag 27 arbeidstimar pr. studiepoeng, eller 810 timar totalt.

Vurderingsformer

Begge emna, BIO852 og BIO853 vert vurdert etter karakterskala A - F.

Vurderingsordning går fram av emneplanane for BIO852 og BIO853.

Krav til studieprogresjon

Nei

Internasjonalisering

Studentar som er tatt opp i studieprogrammet får ikkje tilbod om utvekslingsopphald.

Innkomande internasjonale studentar ved HVL, kan søke om opptak til emnet BIO852, difor er undervisningsspråket engelsk dersom det er internasjonale studentar som er tatt opp i emna.

Organisering

Sjå meir utfyllande informasjon i emneplanane.

Høgskulen på Vestlandet nyttar studiestøttesystemet Canvas.