Hopp til innhald

Studieplan - Master i idrettsvitskap

Hausten 2021

Masterutdanninga i idrettsvitskap legg vekt på læring av bevegelse i idrett, skule og friluftsliv og fysisk aktivitet i eit førebyggjande folkehelseperspektiv.

Læringsutbytte

Ein kandidat med fullført master i idrettsvitskap skal ha følgjande totale læringsutbytte definert i kunnskap, ferdigheiter og generell kompetanse:

Kunnskap

Kandidaten:

  • har avansert kunnskap om idrettsvitskap og spesialisert innsikt i læring av bevegelse og fysisk aktivitet i eit folkehelseperspektiv
  • har inngåande kunnskap om vitskapsteori, forskingsmetodar og etikk i idrettsvitskap, og kan bruke denne kunnskapen på områda læring og folkehelse
  • kan bruke tverrfagleg kunnskap om bevegelse, læring og folkehelse på tradisjonelle og nye område i idrettsvitskap og samfunnet
  • kan legitimere og analysere faglege problemstillingar i idrettsvitskap med vekt på faget sin eigenart og relevans for læring og helse i samfunnet

Ferdigheiter

Kandidaten:

  • kan analysere ulike omgrep, teoriar og undersøkingar innan idrettsvitskap og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing innafor læring- og folkehelsefelta
  • kan bruke relevante forskingsmetodar til innsamling og analyse av data
  • kan analysere og kritisk vurdere vitskaplege arbeid og andre informasjonskjelder og bruke desse til å utvikle, strukturere og formulere faglege resonnement om bevegelse, læring og folkehelse
  • kan planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig forskings- eller utviklingsprosjekt under rettleiing i samsvar forskingsetiske retningslinjer

Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan handtere komplekse arbeidsoppgåver og gjennomføre prosjekt på områda bevegelse, læring og folkehelse
  • kan formidle eige forskingsarbeid og beherskar idrettsvitskapleg terminologi
  • kan kommunisere med spesialistar og allmenta om problemstillingar, analysar og konklusjonar på områda bevegelse, læring og folkehelse
  • kan bidra til nytenking og innovasjonsprosessar knytt til bevegelse, læring og folkehelse
  • har inngåande kunnskap om forsking som ein etisk og moralsk prosess, og kunne reflektere om rolla til forskaren i forskingsprosessen

Innhald

  • 20 studiepoeng Vitskapsteori og forskingsmetode - obligatorisk
  • 20 studiepoeng Bevegelse, læring og folkehelse - obligatorisk
  • 15 studiepoeng Fysisk aktivitet og folkehelse - valemne
  • 15 studiepoeng Læring i idrett, kroppsøving og friluftsliv - valemne
  • 5 studiepoeng Prosjektplan - obligatorisk
  • 60 studiepoeng Masteroppgåve - obligatorisk

I første studieår vert alle undervisingsemna gjennomført som blokkundervisning. Emna i Vitskapsteori og forskingsmetode (20 sp) og Bevegelse, læring og folkehelse (20 sp) vert gjennomført i fellesskap for alle studentane. Deretter vel studentane eitt av dei to fagspesifikke fordjupingsemna. Til slutt vert prosjektplan (5 sp) gjennomført i fellesskap for alle studentane. I andre studieår arbeider studentane med masteroppgåva.

Praksis

Ingen praksis

Arbeidsformer

Studiet er bygd opp rundt førelesingar, seminar, gruppearbeid, og individuelt skriftleg fordjupingsarbeid. Studentaktive læringsformer i grupper, på eiga hand og saman med rettleiar vert særleg vektlagt. I arbeidet med masteroppgåva vil kvar student få tildelt rettleiar. Det blir lagt til rette for obligatoriske læringsaktivitetar knytt opp mot ulike læringsmål for at studentane kan ta ei aktiv rolle i læringsprosessen.

Vurderingsformer

Det er knytt arbeidskrav til dei ulike emna i studiet. Arbeidskrava varierer frå emne til emne, men er basert på presentasjon av individuelt arbeid, gruppearbeid og skriftlege innleveringar.

Arbeidskrava må vera godkjende av faglærar før studenten kan framstille seg til eksamen.

Sluttvurderingar i emna skal vere ein sentral del av læringsprosessane fram mot masteroppgåva. Vurderingsformene vil variere mellom emna, og til saman vil studentane få røynsle med varierte vurderings- og eksamensformer: munnleg eksamen, individuell skriftleg eksamen, heimeeksamen og masteroppgåve. Ved sensur av emna blir karakterskalaen A-F, eller bestått/ikkje bestått nytta.

Krav til studieprogresjon

Studenten må ha bestått arbeidskrav i dei ulike emna for å kunne gå opp til eksamen

For å få levere masteroppgåva må alle emne i første og andre semester være bestått.

Internasjonalisering

Utanlandsopphald kan leggast til 2. studieår. Avhengig av progresjon i studiet er også andre løysingar mogeleg.