Hopp til innhald

Studieplan - Master i samhandling innan helse- og sosialtenester, Førde

Hausten 2018

Studiet master i samhandling innan helse- og sosialtenester er retta mot studentar som ynskjer å vidareutvikle sin kompetanse frå helse- og sosialfagleg, eller idrettsfagleg grunnutdanning. Studiet har ein praksisnær og praksisretta profil. Dette inneber at det kvalifiserer for å kunne hjelpe brukarar som har behov for støtte, behandling, tilrettelegging, rådgjeving og med tenestebehov som krev samhandling mellom ulike sektorar, koordinering av tenester på individnivå og utvikling av tenester på systemnivå. Gjennom eit brukarsentrert utviklings- og livsfaseperspektiv fokuserer studiet på møtet med brukarar med ulike behov for koordinerte helse- og sosialtenester.

Samfunnet står overfor mange utfordringar som krev ein brukarretta, effektiv og samordna innsats samt kontinuerleg merksemd på tenesteinnovasjon. Studiet tek sikte på å koma i møte dei nasjonale utfordringane som utmerkar seg i utgreiingar om helse og velferd i notid og framtid. Mange både yngre og eldre brukarar har langvarige og samansette tenestebehov. Den eldre befolkninga aukar. Befolkninga er meir heterogen, med auka kulturell og sosioøkonomisk ulikskap. Rusvanskar og psykiske lidingar i befolkninga aukar, det gjer også pågangen til barnevernet. Det er klar samanheng mellom sosiale og økonomiske levekår og helse. For at brukargrupper med samansette og omfattande hjelpebehov skal få gode og effektive tenester med utgangspunkt i brukaren sine behov, er det naudsynt at tenestene er samordna, heilskaplege og samanhengande. Brukarar av ulike helse- og sosialtenester kan oppleve at måten hjelpeapparatet er inndelt på, etter alder, spesifikke og avgrensa problemområde og etter tenestenivå, ikkje svarar til deira behov. Mange brukarar vil i kortare eller lengre periodar ha behov for samtidig og samordna hjelp frå fleire instansar. Eksempel på slike brukargrupper er personar med muskel- og skjelettlidingar, psykiske lidingar, rusproblematikk, langvarige somatiske sjukdomar som til dømes KOLS, diabetes II, demens og overvekt, og eldre med helse- og funksjonssvikt. Andre grupper kan vere barn og unge med ulike typar vanskar og menneske med utviklingshemming.

Komplekse samanhengar og høge krav til kvalitet og innovasjon i tenestene set krav til kunnskap og kompetanse. Studiet vil legge til rette for at den einskilde hjelparen og hjelpeapparatet skal kunne arbeide brukarsentrert, fremje brukarmedverknad og sjå brukaren sine behov for heilskaplege tilbod, som kan byggja på til dømes sosial- barnevern- og NAV-tenesta, helsetenesta og ulike aktivitets- og treningstilbod. Studiet er basert på studentaktive læringsformer som caserelatert undervising og fleirfagleg refleksjon. I tillegg blir det lagt vekt på skriveprosessar og munnleg og skriftleg argumentasjon og refleksjon.

Læringsutbytte

Ved fullført mastergrad har /kan kandidaten

Kunnskap

  • avansert kunnskap om samspelet mellom brukaren, hjelpeapparatet og dei sosiale omgjevnadane
  • inngåande kunnskap om helse- og sosialpolitiske krav og føringar, og forvaltning av desse

 Ferdigheiter

  • analysere problemstillingar i samhandling med brukarar med samansette tenestebehov frå ulike sektorar
  • møte brukaren på ein god måte og vere brukar-, ressurs- og løysingsorientert i utvikling og gjennomføring av individualiserte tilbod
  • analysere situasjonen, og identifisere og prioritere relevante tiltak relatert til brukargrupper med samansette hjelpebehov
  • forstå og stille seg kritisk til eksisterande kunnskap i lys av grunnleggjande verdiar som respekt og retten til å bestemme sjølv
  • skape og leie fleirfaglege tiltak på tvers av etatar med mål om å utforme brukarsentrerte og heilskaplege tenestetilbod

Generell kompetanse

  • gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskingsprosjekt under rettleiing og i tråd med gjeldande vitskaplege og forskingsetiske normer, og formidle kunnskap frå dette
  • arbeide analytisk og bidra til innovasjon og forbetring i helse- og sosialsektoren
  • bidra med kunnskapsbaserte argument i samfunnsdebatten knytt til fagfeltet samhandling innan helse- og sosialtenester
  • kvalifikasjonar for vidare forskarstudiar

Innhald

Studiet master i samhandling innan helse- og sosialtenester utgjer 120 studiepoeng.

Oppbygging av studiet og gjennomføringsplan går fram av emneoversikta. Alle emna, unnateke valfrie emne, er basert på felles undervisning. Studenten kan få fritak for inntil 30 studiepoeng valfrie emne på bakgrunn av tidlegare gjennomført fagleg relevant emne på masternivå. Valfrie emne kan vere tverrfaglege eller meir spesifikt retta mot ein sektor. Masteroppgåva er eit individuelt arbeid under rettleiing. Studentar med valemne på 15 studiepoeng skriv masteroppgåve på 45 studiepoeng; dei med valemne på 30 studiepoeng skriv masteroppgåve på 30 studiepoeng. Som førebuing til dette sjølvstendige arbeidet får studentane rettleiing i å planlegge eit prosjekt. Vidare skal dei gjennom emna Vitskapsteori og Forskingsmetode få inngåande kjennskap til vitskapsteoretisk analyse og refleksjon og kva som er det særeigne ved dei metodane ein nyttar for å samle inn vitskapleg kunnskap. I tillegg skal studentane delta på obligatoriske masterseminar. Målet med masteroppgåva er at studentane kan planlegge og gjennomføre eit forskingsprosjekt knytt til eit avgrensa problemområde. Studentane skal få erfaring med å hente inn, handtere, diskutere og formidle datamateriale. Dei skal som ledd i dette forskingsarbeidet få forståing for kunnskapsutvikling gjennom analyse, refleksjon og fortolking. Det blir lagt vekt på at studentane er bevisste på si handtering av forskingsetiske problemstillingar.

Arbeidsformer

Studiet baserer seg på arbeids- og læringsformer som fremjar studentaktivitet. Døme på dette er førelesingar, dialog- og casebasert undervisning, ulike former for gruppearbeid, seminar og skriftlege oppgåver med krav til refleksjon og analyse. Sentralt i dei ulike læringsformene er eit fleirfagleg fokus som skal fremje studentane sin kjennskap til, og gjere dei i stand til å drøfte ulike helse- og sosialtenester i det komplekse hjelpeapparatet kring einskilde brukarar. I tillegg til planlagde læringsaktivitetar skal studentane ha tid til fordjuping i pensumlitteratur og til skriftlege oppgåver.

HVL nyttar nettbasert læringsverktøy som plattform for læring og kommunikasjon gjennom studiet. Informasjonskompetanse vil bli vektlagt, og studentane vil, som registrerte brukarar av høgskulen sitt datasystem, få tilgang til biblioteket sine ressursar samt ulike databasar for nasjonale, nordiske og internasjonale tidsskrift.

Studentane vil få rettleiing ved skriftlege arbeid. Nærare beskriving går fram i omtalane av dei ulike emna.

Vurderingsformer

Kvart emne vert avslutta med ei sluttvurdering. Type sluttvurdering går fram av emneplanane.

Det vert nytta bokstavkarakterar (A - F) i alle vurderingar dersom ikkje anna står i emneomtalen.

Studenten kan ikkje levere masteroppgåva for sluttvurdering før alle andre emne er fullførte.

Internasjonalisering

Høgskulen på Vestladet har samarbeid med fleire universitet i utlandet.